Adventskalender

Ser basisfinansiering og høgt arbeidspress som utfordringar for akademia

Hege Bae Nyholt meiner mellombelse tilsetjingar er dårleg utnytting av den felles kunnskaps­kapitalen vår.

Hege Bae Nyholt dreg fram møtet med fagskulesektoren i Bergen i haust som eitt av høgdepunkta i 2022.
Hege Bae Nyholt dreg fram møtet med fagskulesektoren i Bergen i haust som eitt av høgdepunkta i 2022.
Publisert

Hege Bae Nyholt representerer partiet Raudt og er leiar for Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Fakta

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Hege Bae Nyholt. Ho sit på Stortinget for partiet Raudt og er leiar for Utdannings- og forskingskomiteen. Over ser du henne som ei ung Lucia.

— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— Året har kanskje vore litt prega av opp- og nedturar. Opptur knytt til løfte om å bli kvitt ABE-kutt og tillitsreform, men det er mange i sektoren som er skuffa når me ser at kutta vert vidareførte under andre postar i statsbudsjettet.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Reint personleg var det kjekkast å besøkja ei rad høgskular og universitet. Dei gjer så mykje godt og spanande arbeid rundt i heile landet, og me er eit land rikt på kunnskap, utvikling og bra folk. Det gjev godt håp for framtida og alle utfordringane både Noreg og verda står overfor. Eg hadde også eit strålande møte med fagskulesektoren på den nasjonale konferansen i Bergen.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Det er ein del utfordringar knytt til universitets- og høgskulesektoren. Eg vil særleg dra fram basisfinansiering over tid, som saman med nye arbeidsoppgåver har ført til høgt arbeidspress for dei tilsette. UH- sektoren har òg ei utfordring knytt til at det er ein høg prosentdel som er mellombels tilsette, noko som skaper uvisse for dei tilsette og som er dårleg forvaltning av kunnskapskapitalen til samfunnet.

— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?

— Ynske har ingen grenser og det er lov å ynskja stort. Eg ynskjer meg ei satsing på universitets- og høgskulesektoren som prioriterer samfunnsmandatet til universiteta, grunnforsking, dei tilsette og studentane. Eg ynskjer òg at heiltidsstudenten kjem tilbake, og for å få det til, må me sikra ei studiefinansiering som ikkje tvingar studentar til å jobba mykje ved sida av studiane.

— Kva skal du gjera i jula?

— Eg skal eta god mat, lesa bøker, sova litt ekstra og bruka tid saman med alle dei som har vore litt nedprioriterte det siste halve året. Det gler eg meg verkeleg til.

Powered by Labrador CMS