styremøte
Skal drøfte draumen om å bli universitet
I tillegg til å bestemme kven som blir prorektor, skal styret ved Høgskulen på Vestlandet drøfte planane om å bli universitetet.
På ei knapp saksliste er det truleg
diskusjonen om universitetsframtida som vil ta det meste av tida når styret ved
Høgskulen på Vestlandet (HVL) møtes digitalt torsdag.
Følg styremøtet direkte frå kl. 10.00
«Tema for seminaret er universitetsambisjonen til Høgskulen på Vestlandet og kva element som inngår i ein universitetssøknad til NOKUT», heiter det. Det er elles ingen vedlegg til saka.
HVL hadde ambisjonar om å sende søknaden om å få bli universitet i slutten av 2023 eller i starten av 2024. I august melde HVL-leiinga at dei ville utsetje søknaden, og sende innan sommaren 2024.
På styremøtet torsdag vil det også bli klart kven som blir ny prorektor på høgskulen. Åtte namn stod på søkarlista då ho vart offentleggjort i august.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager