styremøte direkte
Skal leita etter Roppen sin etterfølgjar
Johann Roppen kan ikkje veljast til rektor ved Høgskulen i Volda. På styremøte torsdag skal styret vedta å setja ned ein komité som skal leita etter etterfølgjaren hans.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskulen i Volda skal framleis ha vald rektor, det vart bestemt på møte i høgskulestyret i juni, med knappast mogleg fleirtal. Det betyr at det må veljast ein rektor som skal flytta inn i det som no er Johann Roppen sitt kontor frå neste august. Roppen har sete som rektor i to periodar og kan difor ikkje veljast på nytt.
No startar jobben med å finna eigna og villige kandidatar. Ei av sakene høgskulestyret skal drøfta torsdag 15. september, er kven som skal sitja i ein leitekomite. Møtet startar klokka 9, og du kan sjå det direkte her.
Ekstern kandidat?
I saksframstillinga heiter det at leitekomiteen skal finna rektorkandidatar, men òg hjelpa ein eventuell leiar med å finna prorektorkandidatar. Tilsette ved høgskulen kan stilla til val, men det kan òg kandidatar utanfrå, skriv Roppen i sin eigen blogg. Under tittelen «Kven blir ny HVO-rektor» skriv han at alle rektorane før han ved det som no er Høgskulen i Volda har vore menn. Regelverket opnar for at alle tilsette ved høgskulen kan stilla til rektorval.
— Mi vurdering er at det er mange på høgskulen som er meir enn kompetente nok til å bli rektor og prorektor, og eg trur også det finst eksterne som kunne tenka seg å stilla til val som rektor ved Høgskulen i Volda, skriv Roppen.
I saksframstillinga står det at arbeidet med å finna rektorkandidatar allereie skulle vore i gang, men at ein måtte venta til ein visste om høgskulen skulle ha vald eller tilsett rektor.
Etterlyser meir forsking
Av andre saker på dagsorden er mellom anna tilbakemelding frå etatsstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet. Som til fleire av dei andre institusjonane er tilbakemeldinga til Høgskulen i Volda at det er ei forventning om meir publisering - sjølv om høgskulen har ein høg del publiseringar på nivå 2.
Heile sakslista finn du her.

Nylige artikler
Oi! Universiteter med eierskap i 79 selskaper
NTNU må trekke en tydelig linje mot våpen- og flerbrukssamarbeid
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene