studiestart
Slik vurderer ekspertane årets rektortalar
— Dårleg konfirmasjonstale, er dommen frå retorikk-professor Kjell Lars Berge. Både han og postdoktor Ida Vikøren Andersen meiner rektorane burde lagt meir arbeid i årets velkomsttalar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Svadaretorikk.
Det var eit av omgrepa professor Kjell Lars Berge nytta då han, saman med postdoktor Ida Vikøren Andersen, analyserte eit utval talar rektorane helsa nye studentar velkomne med denne veka.
Berge sa at talane minna om dårlege konfirmasjonstalar.
Men det finst unntak: Andersen trekte fram Lars-Petter Jelsness-Jørgensen frå Høgskolen i Østfold sin tale som god, og Klaus Mohn frå Universitetet i Stavanger fekk òg skryt for å ta med nokre av dei grunnleggande humanistiske verdiane eit universitet tradisjonelt har vore tufta på.
Heile analysen ser du her:
Kjell Lars Berge er professor i retorikk og språkleg kommunikasjon, og tilsett ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo. Ida Vikøren Andersen er postdoktor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen, og forskar særleg på språk og retorikk i klimadebatten.
(Faktaboks lagt til 22.august kl 10.14)

Nylige artikler
Vil satse fleksibelt i Hallingdal
Grande, hvorfor i all verden skal det være så vanskelig?
Slit framleis med personvern ved Nord universitet
Bekymret for bortfall av eksterne inntekter
Vil være uavhengig: — På nippet til å droppe jobben hvis jeg skulle miste det
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte