SommAr i Khrono

Språkprofessor  er ikkje nøgd med omgrepet sjølvplagiering 

Både sjølvplagiering og salamisering er å utnytte insentivsystema, medan plagiering er å ta intellektuelt innhald frå andre, meiner professor Unn Røyneland i dagens sommarintervju. 

Kvinne med caps og solbriller sittende med hund på en fjelltopp med utsikt til skog og vann.
Professor Unn Røyneland brukar delar av sommaren på hytta i indre Agder og hentar energi med å gå turar i heia og symje i dei vakre vatna.

Gjennom sommaren vil du bli kjent med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du professor Unn Røyneland, Universitetet i Oslo. 

--Korleis vil du oppsummera arbeidsåret 2022-23?

Fakta

Sommarintervju

Unn Røyneland, professor og Senterleiar ved MultiLing, Universitetet i Oslo

— Hektisk, kjekt, variert — stor aktivitet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

— Kva blir den største utfordringa i året som kjem? 

— Sluttkonferansen for SFFet MultiLing,  Senter for fleirspråklegheit og innfasinga til moderinstituttet; Institutt for Lingvistiske og Nordiske Studium (ILN) ved HF.

— Kva er ditt forhold til sjølvplagiering? 

--  Eg er ikkje så nøgd med sjølve omgrepet. Umoralen i plagiat er å ta noko frå andre og late som om det er eins eige. Det er også viktig å vere klar og reieleg om gjenbruk av eigen tekst, men her er det endå fleire gråsoner. Det er stor forskjell på å framstille gamle resultat som nye og det å stadig utvikle tankerekker over tid i ulike kontekstar. Mykje humanistisk eller teoretisk forsking meir generelt, er av ein slik art at det kan sjå ut som om vi gjentek oss sjølve når vi forsøker å forbetre eit tankeinnhald eller resonnement. Bekymringa rundt sjølvplagiering vart særleg aktualisert ved innføringa av kvantitativ prestasjonsmåling i form av teljekantar — til liks med «salamisering» det vil seie å presentere forskinga si i tynnast moglege skiver for å få flest mogleg publikasjonar. Forskingsetisk er sjølvsagt ingen av delene ok. Både sjølvplagiering og salamisering er å utnytte insentivsystema, medan plagiering er å ta intellektuelt innhald frå andre.

— Framlegg til ferielektyre? 

--  Eg har valt meg eit tema som dreier seg om kven som høyrer til og kven som vert sett på som framande og farlege — i naturen og kulturen. Strålande forfattarar som tematiserer dette frå ulike vinklar er Kerstin Ekman i perla av ei bok «Løpe ulv» frå 2022, Zeshan Shakar i «De kaller meg ulven» også frå 2022 (og som alle studentane som byrjar ved HF til hausten faktisk vil få utdelt) og sist men ikkje minst Lars Lenth, Morten Tønnessen og Petter Bøckman i sakprosaboka «Ulvetider — rovdyret som splitter Norge» (2018)

— Kven fortener ei rose, kven fortener ein kaktus?

--  Sannings- og forsoningskommisjonen som nettopp overleverte sitt store og viktige arbeid til Stortinget, fortener ei vakker rose! Ein av MultiLing’s professorar, Pia Lane, la ned eit stort arbeid i kommisjonen. Kaktusen må nesten gå til Putin — han kan gjerne få ein mexicansk gigakaktus.

— Kva er (det beste) du håpar skal komme ut av den ekstreme oppussinga Ola Borten Moe har varsla for universiteta og høgskulane? 

— Ein betre og meir inkluderande språkpolitikk, som gir rom for fleirspråklegheit og parallellspråklegheit.

Powered by Labrador CMS