musikkutdanning
Statsråden måtte svara om kyrkjemusikk
NTNU har frose opptaket til kyrkjemusikkstudiet. Fagmiljøa må ha ein berekraftig storleik, svara statsråden då han vart utfordra i Stortinget.
NTNU har frose opptaket i kyrkjemusikk. Det betyr at det ikkje vert teke opp førsteårsstudentar til bachelorprogrammet hausten 2024.
— Husleige for undervisnings- og øvelokale for denne typen utdanning har vorte for kostbar. NTNU er inne i ein krevjande økonomisk periode, og fleire studium vert lagt ned eller frose, skreiv Nora Kulset, instituttleiar ved Institutt for musikk, på Midtnorsk debatt like før påske.
«Kirkemusikeren er den opprinnelige musikeren, som kan spille, komponere, arrangere, dirigere og legge til rette for et mangfold av musikkarrangement», skriv Kulset, og uroar seg over at det nesten ikkje vert utdanna kyrkjemusikarar lenger.
Høgre-politikar Tage Pettersen har engasjert seg i saka. Han har stilt spørsmål direkte til forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
Starta på nytt i Stavanger
«Vil statsråden bidra til at vi som nasjon forvalter og tar vare på orgel- og kirkemusikken, og yrket, gjennom at vi tilbyr relevant utdanning for denne gruppen studenter», er spørsmålet han stilte i Stortinget.
Pettersen peika mellom anna på at søkjarane til bachelorstudiet i kyrkjemusikk ved NTNU same veke fekk beskjed om godkjent opptaksprøve og avslag på studieplass.
Dette var omtala i Vårt Land. Kontekst har òg skrive om saka, og om at det er gode jobbmoglegheiter for kyrkjemusikarar.
Ved Universitetet i Stavanger (UiS) vart det starta opp igjen studium i kyrkjemusikk i 2022. Første semester hadde dei to studentar.
— Arbeidsmarknaden er jo der ute, det ser me. Me venta ikkje å skapa eit stort studium, men å ha eit miljø og eit lokalt utdanningstilbod som var meir up to date, seier dekan Harald Eikaas til Kontekst.
Han seier at UiS no har fire-fem studentar på orgel og kyrkjemusikk, og nokre få søkjarar i år.
Hoel: Handlar ikkje om nytte
Storleiken på studiet er lagt vekt på i statsråd Hoel sitt svar.
— Det må takast omsyn til at fagmiljøa og studentgruppene må ha ein storleik som gjer dei berekraftige over tid. Eg har tillit til at NTNU og andre institusjonar med musikkutdanning gjer dei naudsynte vurderingane slik at me samla sett kan ta vare på samfunnsbehova, mellom anna innan orgel- og kyrkjemusikk, svarar Hoel.
Han understrekar at sjølv om helse, IKT og det grøne skiftet særskilt skal prioriterast når det kjem til studieplassar, er det ikkje slik at ein ikkje skal utdanna innan andre fag, som òg har viktige funksjonar i samfunnet.
— Diskusjonane om prioritering og dimensjonering handlar ikkje om at nokon fag er nyttige og andre ikkje. Det handlar om at det varierer mellom fagområda kor mange kandidatar det er bruk for, og at kapasiteten må tilpassast behova, svarar Hoel, og viser til at det finst både bachelor- og masterutdanning innan orgel- og kyrkjemusikk på Norges musikkhøgskole og vidareutdanning fleire andre stader.
Kontekst skriv at òg NLA Høgskolen og VID i Tromsø har studium i kyrkjemusikk.

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager