Universitetet i Oslo
Store planar for Blindern. Prislappen er nesten 800 millioner kroner
Om alt går etter planen kan det om tre år vera reist ei høgblokk på 10 etasjar der dagens mellombygg bind Frederikke saman med Idrettsbygningen på Blindern.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det skriv Uniforum.
— Prosjektet står ikkje eller fell på grunn av den bygningen i det heile tatt. Det er den mest spektakulære, fordi det er den nye, understrekar prosjektleiar i Eigedomsavdelinga ved UiO, Thomas Forslund Johnsen, overfor avisa.
Han seier vidare at det viktigaste elementet i Blindern-prosjektet er Frederikkebygningen, som blir mykje større gjennom utvidinga av areal mot Problemveien og forsterkar Frederikke som møteplass og sosial arena.
Det skal skje store endringar innvendig i dei fire bygga – Kristian Ottosens hus, Frederikkebygningen, Mellombygget (høgblokka) og Idrettsbygningen – fram mot 2025.
— Alle desse fire husa, inkludert Lucy Smiths hus, er felleshusa her på Blindern. Det er her studentar frå alle fakultet møter kvarandre, seier Thomas Forslund Johnsen til Uniforum, som elles understrekar at det ligg fleire alternativ inne i forslaget.
— Sjølv om det er fire bygningar som på mange måtar heng saman, er det mogleg å utvikla kvar enkeltbygning for seg.
Om den tilrådde planen i skisseprosjektet blir vedteke, er den samla prisen for dei fire bygningane estimert til 794,4 millionar kroner, skriv Uniforum.

Nylige artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Forsker vant rettssak mot staten. Nå blir det en ekstrarunde i retten
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert
Mindre forskningstid hindrer kvinner i å lykkes
En drivkraft i nord har forlatt oss
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia