USA
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert
Ifølgje Bibelen er det ei «demonisk» løgn at det finst meir enn to kjønn, skreiv studenten — og fekk strykkarakter. No skal universitetet granske hendinga.
Den 20 år gamle psykologistudenten ved University of Oklahoma i USA har klaga universitetslæraren inn med påstandar om diskriminering på religiøst grunnlag, skriv The New York Times.
Det har ført til at han mellombels er tatt ut av teneste medan universitetet skal granske saka.
I innleveringsteksten kalla studenten «løgna om at det finst fleire kjønn» for «demonisk», og viste til Bibelen.
«Mentalt sjuke lærarar»
I vurderinga frå læraren som var sensor for oppgåva, ein høgare grads student ved universitetet, gjekk det mellom anna fram at studenten ikkje hadde svart på oppgåva, motsa seg sjølv og lente seg tungt på ideologi framfor empirisk grunnlag.
Etter at historia kom fram, har fleire stemmer kasta seg på og skrudd opp temperaturen i saka, ifølgje New York Times. Den lokale avdelinga av den høgreradikale ungdomsorganisasjonen Turning Point, grunnlagt av Charlie Kirk, som vart drepen i september, er blant dei.
«Vi burde ikkje la mentalt sjuke lærarar kome nær studentane», tvitra dei og kravde at «transeprofessoren» måtte sparkast. Fredag ettermiddag hadde 44 millionar sett kommentaren.
Styret må godkjenne
Fleire titals universitetslærarar i har dei siste månaden mista jobben eller hamna i disiplinærsaker på grunn av ting dei har sagt eller posta på sosiale media.
Ifølgje The Chronicle of Higher Education innførte Texas Tech University denne veka restriksjonar for korleis universitetslærarar kan snakke om kjønnsidentitet og legning.
Dei må frå no av legge fram kursmateriellet sitt fram for styret. I tillegg blir det lagt fleire andre restriksjonar på kva som er lov å seie om rase og kjønn.
