nhh
Student tapte i tingretten. No vil han ta NHH til Høgsterett for andre gong
Student står mot Noregs handelshøgskole (NHH) i strid om retten til å ta eksamen.
Etter at Theo L. Winther vart nekta å ta eksamen, tok studenten NHH til Høgsterett — som kravde at Hordaland tingrett måtte vurdere saka hans på nytt.
Denne veka gjekk han igjen på nederlag i tingretten.
Winther har kravd vedtaket om å nekte han å ta eksamen ved NHH kjent ugyldig gjennom «midlertidig forføyning». Dersom han hadde fått gjennomslag for dette kravet ville NHH måtte ha endra vedtaket.
Winther har allereie anka den siste avgjersla i tingretten og er klar for andre runde i rettsstriden mot utdanningsinstitusjonen der han er student.
— Skuffande
— Avgjersla i tingretten er klart feilaktig og direkte i strid med avklaringane frå Høgsterett. Høgsterett har alt tatt stilling til dei mest komplekse juridiske spørsmåla og overlèt berre nokre få enkle vurderingar til tingretten. Derfor er det skuffande at tingretten ikkje har klart å forstå og legge desse vurderingane til grunn, seier Winther.
Winther tok til på bachelorgraden i økonomi og administrasjon hausten 2023 og planla å fullføre graden etter berre eitt år, for så å gå vidare med mastergrad. Men for å kunne rekke det, måtte han ha tatt to eksamenar hausten 2023 og våren 2024.
Det har NHH slått fast at han ikkje kan, ettersom dei meiner han ikkje har oppfylt «obligatoriske arbeidskrav».
Winther seier saka har viktige prinsipielle sider, og at han er klar for å ta saka til Høgsterett igjen om det blir nødvendig.
NHH: — Likt for alle
NHH seier seg derimot fornøgd med avgjersla i tingretten.
— Vi tar avgjersla i tingretten til etterretning, og vi er ikkje overraska over utfallet. Dette handlar om at studenter må følgje lover og retningslinjer for kva som skal til for å kunne gå opp til eksamen, og dette må vere likt for alle, seier prorektor for utdanning ved NHH, Stig Tenold.
Winther må etter tingrettens avgjersle betale sakskostnadene på 33.000 kroner.

Nylige artikler
En drivkraft i nord har forlatt oss
Anne Husebekk har gått bort
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia