Utdanning

Studentane i Kharkiv er hardt ramma av krigen. No får dei undervisning frå Bergen

— Veldig meiningsfullt å kunne bidra, seier Per Christian Magnus.

Studentane som eigentleg skulle ha vore samla på universitetet i Ukrainas nest største by, Kharkiv, er spreidde for alle vindar. Frå Bergen underviser Per Christian Magnus i journalistikk.
Publisert Oppdatert

Dei som hadde straum, nett og PC kunne kople seg på då Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) gjennomførte ei av dei første øktene med digital undervisning for journalistikkstudentar ved Karazin-universitetet i Kharkiv.

Russiske klasebomber og rakettar har hagla over millionbyen i det austlege Ukraina, som frå starten har vore, og framleis er, ein av dei hardast ramma i krigen.

Øydeleggingane har vore betydelege også på det meir enn 200 år gamle Karazin-universitet med sine 25 000 studentar. Mange er ikkje lenger i Kharkiv, og har reist til tryggare stader i Ukraina eller i andre land.

Nokre av journaliststudentane har flykta, nokre kom seg aldri dit før krigen braut ut. Ein av studentane som var logga på onsdag går i skyttel mellom kjellar og arbeidsrom i Zaporizhzhia, ein by som ligg tett på frontlinja.

Andre er framleis i Kharkiv, som Maria Kalchenko:

Eg skrur på lommelykta når eg skal gjere oppgåvene mine. Så snart dagslyset kjem, sjekkar eg om det er nok straum på PCen og sender arbeidet til professorane. Når det er luftangrep mot byen , er eg sjølsvagt ikkje på rommet mitt, då er eg i eit bomberom eller annan tryggare stad. Eg har også interessante oppgåver. Eg har intervjua ein vaktmeister og laga fotoreportasjar. Eg prøver å velje rett tid og stad. Oftast er eg i den næraste metrostasjonen. Det er den tryggaste plassen. Trass i krigen held eg fram med å skaffe meg kunnskap, utvikle meg som menneske, og berre prøve å leve livet.

Professor flykta

— Vi bidrar med eit forsøk på å halde utdanninga oppe, trass i at rakettar smell i bakken. For meg var det med ei viss ærefrykt at eg gjorde dette. Det er spesielt å snakke til unge menneske som står midt i ein krig, seier Per Christian Magnus, som er leiar ved SUJO.

Det var Magnus som onsdag heldt den halvannan time lange forelesinga for studentane frå det ukrainske universitetet. Fleire er planlagt, og frå norsk side har fleire tilsette ved SUJO og to journalistar sagt ja til å stille som gjesteforelesarar.

SUJO er knytt til Universitetet i Bergen og støttar både redaksjonar, enkeltjournalistar og studentar med prosjekt og undervisning i undersøkande journalistikk. Til dagleg er det studentar i Noreg og Bergen, som spesialiserer seg på gravejournalistikk som får undervisning.

Bildet viser ein del av universitetet i mars 2022. Press service of the Ukrainian State .

SUJO bestemte seg raskt for å gjere det dei kan for å hjelpe til og halde utdanninga av journalistar i landet oppe.

— Vi vil gjerne hjelpe og støtte opp om kriseløysingar, seier Magnus.

Det var ein ukrainsk kollega, Maksym Balaklytskyi, som tok initiativet til samarbeidet. Han er professor i journalistikk ved universitetet i Kharkiv. Også han har måtta flykte frå krigshandlingane i heimbyen.

No driv han journalistikkutdanninga over nettet, så godt det lar seg gjere frå Lviv, vest i Ukraina.

— Eg er svært takknmemleg for at SUJO stiller opp for oss, seier han i e-post til Khrono.

Astrid Dalehaug Norheim ved SUJO var den som vart kontakta av Balaklytskyi. Dei har tidlegare møttest på to internasjonale konferansar, ein i Kyiv og ein i den polske hovudstaden Warszawa.

— Eg klarerte det med instituttleiinga og fekk rask og udelt støtte til at vi skal forelese for ukrainske journalistikkstudentar, seier Norheim.

— Meiningsfullt

Per Christian Magnus fortel at han spurde studentane, som alle er på førsteåret i ei bachelorutdanning, om kva som motiverer dei til å velje journalistikk.

Professor i journalistikk, Maksym Balaklytskyi

— Eg fekk nokre av dei vanlege svara, at dei er opptatt av å møte menneske, fortelje historier frå røyndomen og så vidare. Men andre gav også uttrykk for å vere prega av situasjonen og sa at det akkurat no er viktigare enn nokon gong å utdanne seg i eit fag som journalistikk.

I forelesinga snakka Magnus mellom anna om korleis politisk journalistikk blir utøvd i Noreg.

— Eg snakka også litt om å drive undersøkande journalistikk i afrikanske land. Det kan kanskje bidra til å få løfta blikket litt forbi tragedien som omringar dei, og sjå opningar for å fortelje historier også frå andre land og delar av verda, seier Magnus.

Som tidlegare utanriksjournalist står han sjølv bak fleire prisvinnande dokumentarar, mellom anna frå det afrikanske kontinentet.

— Det kjennest veldig meiningsfullt å kunne bidra til journalistutdanning for studentar som er ramma av krig, seier Magnus.

Powered by Labrador CMS