opningsseremoni

Studiestart.— Gi litt faen, ikkje ta alt så sjukt seriøst

Gå inn i di tid, redd verda. Og senk skuldrene. Sa rektoren, statsministeren, ordføraren og studentleiaren.

Kunnskap skal styre, sa Støre. Her saman med rektor ved UiB, Margareth Hagen, flankert av Støres partifeller, byrådsleiar Rune Bakervik og ordførar Linn Kristin Engø.

— Det er når vi drit oss ut, sånn skikkeleg, at vi også lærer. Kanskje er det derfor folk kallar studietida den beste i livet, fordi det er no vi har sjansen til å prøve og feile, og så prøve endå ein gong, sa studentleiar Kaja Ingdal Hovdenak, den yngste talaren på podiet under velkomstseremonien for studentane ved Universitetet i Bergen måndag.

Rektor Margareth Hagen oppmoda studentane om å «trosse været», men det vart ikkje nødvendig akkurat denne dagen.

Det var opplett.

Karakteren, ikkje karakterane

Nedbøren kjem tidsnok, og det er rikeleg med mørke skyer på horisonten for generasjonen av studentar som skal sette sitt stempel på samfunnsutviklinga fram til 2070-åra, som statsminister Jonas Gahr Støre sa i sin tale:

— Når eg ser på dykk, lengtar eg tilbake til mi eiga studietid, sa statsministeren, men var rask med å legg til at verda er ei anna i dag.

Velkomstseremonien hausten 2023 vart ein av dei mest folkerike nokon gong.

Den gong, på 1980-talet, då Støre var elitestudent i Paris, voks talet på demokrati i verda raskt, ytringsfridomen vann terreng. No: krig, klimakrise og polariseringa som truar med å pulverisere demokrati og ytringsfridom i land etter land.

— I dag går utviklinga eigentleg i motsett retning, med færre demokrati og ytringsfridom under press fleire stader. Eg er uroleg for demokratiet i det store, men ikkje i Noreg. Vi har ei sterk kraft her, og når de kjem på universitetet, er de ein del av denne krafta, sa Støre.

Han framheva universitetet som ei motkraft til enkle, populistiske og kunnskapsundertrykkande løysingar.

— Du og eg, og alle oss, må stå imot dette. Eg som statsminister, du som student. 

Støre kilte også inn ein one-liner til studentane, om måloppnåing for sjel og cv:

— Vel så viktig som karakterane, er karakteren.

Forventningane

Faddergrupper og studentar pressa på frå alle sidegater og fylte Muséplassen til trengsel, i det som truleg var rekordstort oppmøte til UiBs opningsseremoni.

Før fadderveka tar av for fullt, fekk dei takk frå ordførar Linn Engø for at dei valde Bergen. 

Men også ein meir frigjort bodskap frå studentleiar Kaja Ingdal Hovdenak.

Engasjer deg, senk skuldrane og ta sjansar, var oppmodinga frå leiar av Studentparlamentet i Bergen, Kaja Hovdenak.

Ho hadde merka seg det nostalgiske mantraet frå så mange tidlegare studentar, dei som for lengst er slukt av plikter og nostalgi: Studietida er den beste tida i livet.

Det kan, meinte Hovdenak, bli meir enn nok å bale med for ein ung student, med all nedbøren, krig og klimakrise — om ein ikkje skal leve opp til denne forventninga i tillegg.

— Eg har eit råd til dykk, sa Hovdenak.

Dristige hjernar

— Senk skuldrene, og gi litt faen. Tør å ta litt sjansar. Og ikkje ta alt så sjukt seriøst. Eg synest vi skal ha det litt gøy i denne tida, som folk kallar den beste i livet vårt.

Come rain, come shine. Universitetet gjorde sitt for at rektor Margareth Hagen skulle halde seg tørr. Men det blei opplett i Bergen.

Hovdenak oppmoda dei nye medstudentane sine om å engasjere seg, i kva som helst, idrett, kor, studentpolitikk, på UiB finst det meste for dei fleste. Og — ikkje gløyme å vere dristige medan dei kan.

— Gå på den daten du ikkje tør å gå på, sa studentleiaren, før faddergruppene kunne ta fatt på den ofte kaotiske veka før framtida, fadderveka. 

— Viss du går gjennom studietida utan å gjere feil, så har du ikkje tatt nok sjansar!

Powered by Labrador CMS