sjølvplagiering

Trudde han las ny litteratur. Fann klipp og lim

Boka vart presentert som ei ny bok for studentar, men førsteamanuensis Markus Jerkø kjende att mykje av teksten.

Ein har etiske plikter overfor lesaren, og kanskje særleg når det handlar om studentar, seier førsteamanuensis Markus Jerkø.
Publisert Oppdatert

I fjor haust melde førsteamanuensis Markus Jerkø den ferske boka Grunnleggende sivilprosess i det juridiske tidsskriftet «Lov og rett». Tema for boka er sivilprosess, eit fagområde der det allereie finst mykje innføringslitteratur, skriv Jerkø. Han forventa difor noko nytt, som til dømes nytenkjande tematiske prioriteringar, nye prespektiv eller teoretiske nyvinningar.

Men: «Slike forventninger lever utgivelsen dessverre ikke opp til», skriv Jerkø.

Khrono omtala førre veke ei bokmelding i Forskerforum, der stipendiat Tellef Solbakk Raabe meiner dosent emeritus Runar Bakken har sjølvplagiert i si siste bok. Bakken sjølv er ikkje samd i dette.

Jerkø skriv i meldinga at dei to forfattarane av Grunnleggende sivilprosess, Jussi Erik Pedersen og Jens Edvin A. Skoghøy, lener seg sterkt på Skoghøy si bok Tvisteløsning. Han peikar òg på Skoghøy som ein nestor i faget. Skoghøy var i mange år professor ved UiT Noregs arktiske universitet, men gjekk i 2020 attende til Høgsterett.

— Deler av Skoghøy sine kapittel ser ut til å ha vorte til ved klipp og lim frå forgjengaren. Pedersen synest òg å ha lent seg på Skoghøy si framstilling under arbeidet med enkelte av sine delar, skriv Jerkø.

Sagt å vera for studentar

Til Khrono seier Jerkø at han fekk spørsmål om å melda boka. Sidan boka Tvisteløsning er den mest brukte handboka i sivilprosess, og ei bok svært mange juristar har i bokhylla, var Jerkø, som er tilsett ved Institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo, nyfiken på kva som var nytt.

— Eg forventa at dette var noko nytt, og noko som var verd å lesa. I forordet vert boka presentert som ei bok som er nyskriven for studentar, men òg som ei bok som vil vera relevant for praktiserande juristar. Det stod ingenting om at den nye boka bygde på handboka, seier Jerkø.

Omgrepet «sjølvplagiering» vert ofte brukt i studentsamanheng, og då som å presentera eige brukt, eller svært likt, materiale på nytt. Den nyaste, kjende saka er ein student frå Universitetet i Agder (UiA) som nyleg ikkje fekk medhald i Felles klagenemnd. Studenten vart utestengd etter å ha brukt gamal tekst under ein konte-eksamen.

Men sjølvplagiering er òg nemnd i tilsette-samanheng. I antologien Vitenskapelig (u)redelighet frå 2016 er omgrepet drøfta. Konklusjonen er at omgrepet ikkje har eitt, gitt innhald. Sjølvplagiering kan vera i strid med forskingsetiske normer, men ikkje alltid og i alle samanhengar.

Forlaget: Burde ha vore tydelegare

Forlagssjef Hege Munch Gundersen i Universitetsforlaget skriv i ein epost til Khrono at Tvisteløsning vart sett opp på pensum for jusstudentar i Tromsø då boka kom i tredje utgåve i 2017.

— Nokre av tilbakemeldingane me fekk frå studentar og førelesarar var at denne boka var for tung, omfattande og dyr. Som eit direkte svar på desse tilbakemeldingane kom difor boka Grunnleggende sivilprosess ut i 2020 - ei bok som er betre tilpassa jusstudentane, lommebøkene deira og lærekrava i pensum, skriv Gundersen.

— Visste forlaget at teksten kom til å verta lik?

— Fordi Grunnleggende sivilprosess skulle vera ei enklare utgåve av Tvisteløsning, var me klare over at mykje av innhaldet ville vera det same. I forordet har me vist til Tvisteløsning for ei meir detaljert framstilling av sivilprosessen, men ja, me ser no at me burde ha vore tydelegare om kjeldebruken i formuleringa vår og vil retta dette opp, skriv Gundersen.

Ho seier òg at forlaget er samde med Jerkø i at forfattarar og forlag har ei etisk plikt til å informera om at tekst er brukt før.

— Korleis er boka marknadsført?

— Boka vert marknadsført som ei lærebok som tek føre seg dei viktigaste tema ein jusstudent må læra seg innan sivilprosessen.

Etiske plikter

Førsteamanuensis Jerkø seier at reint juridisk er ikkje gjenbruk av eige materiale i bøker gitt ut på same forlag problematisk. Men han er oppteken av dei etiske pliktene.

— Ein har etiske plikter overfor både kollegaer og forskarfellesskapet: Ein skal gjera ting på ein ryddig måte. Eg meiner òg at ein har etiske plikter overfor lesaren, og kanskje har ein det særleg i saker der ein, som ein her gjer, har studentar som målgruppe, seier Jerkø.

Tellef Solbakk Raabe peika i si bokmelding på forlaga sitt ansvar. Det same gjorde sakprosaprofessor Johan Tønnesson i intervju med Khrono. Også Jerkø peikar på forlaga i si bokmelding:

Både av hensyn til leseren, og ut fra grunnleggende normer om akademisk redelighet, bør det redegjøres åpent og ryddig for det (typisk i forordet) der en fremstilling «låner» fra tidligere publikasjoner. Dette gjelder ikke mindre i et tilfelle som dette, hvor boken også markedsføres overfor et publikum som gjerne alt har forelegget i bok- hyllen, skriv han.

— Eg meiner forlaget har ei etisk plikt. Det handlar særleg om korleis ein marknadsfører boka til publikum, seier Jerkø til Khrono.

Han skriv i meldinga at den ferske boka allereie er pensum for jusstudentar ved UiT Noregs arktiske universitet. Men fordi mykje av boka er gjenbruk av eit langt meir omfattande verk, som er på heile 1400 sider, synest ikkje førsteamanuensen at boka utan vidare passar for studentar. Til det er framstillinga for ubalansert og detaljrikdommen tidvis for stor.

Powered by Labrador CMS