UNESCO-professorat til UiS

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Stavanger (UiS) er tildelt eit UNESCO-professorat innan temaet mangfald, inkludering og utdanning, skriv dei på eigne heimesider.

Det er professor i religionsdidaktikk, Geir Skeie, som skal fylle stillinga som UNESCO-professor, i tett samarbeid med kollegaer ved UiS og VID Vitenskaplege høgskule.

Professor Geir Skeie og UiS er tildelte eit UNESCO-professorat.

— Såkalla «UNESCO chairs» heng høgt. Utnemninga blir gitt til institusjonar verda rundt som har fagmiljø som utmerkar seg innanfor utvalde område som er relevante for UNESCO, seier Skeie i saka på heimesidene.

UiS er tildelt professoratet etter å ha søkt til UNESCO. Dei to har signert ein avtale som gjeld i fire år framover, opplyser universitetet.

— Dette er første gongen UiS blir tildelt eit slikt professorat, og UiS blir no del av eit større nettverk med liknande UNESCO-stillingar over heile verda. Vi får ein tydelegare talarstol, som gir høve til å opne nokre dører, utan at vi i dag kan sei nøyaktig kva dører og når, seier rektor Klaus Mohn.

Det følgjer ikkje pengar med tildelinga. Det å vere vertskap for ein såkalla «UNESCO chair», inneber å drive nettverksarbeid i inn- og utland, lage møteplassar for folk som tradisjonelt sett kanskje ikkje jobbar saman, og sette relevante tema på dagsorden, skriv universitet på heimesidene.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS