USA
Universitet i USA åtvarar internasjonale studentar
Leiinga ved universitet i North Carolina ber internasjonale studentar om å ta forholdsreglar for å unngå bli tatt av immigrasjonsstyresmaktene.
Ein auke i aksjonar frå ICE, immigrasjons og -tollstyresmaktene i USA, er bakgrunnen for at campusleiarar går ut og ber internasjonale studentar og tilsette om å passe på. Samstundes lovar dei å gjere sitt for å sørge for personvern.
Men nokre studentar og tilsette fryktar at det ikkje er nok, skriv Inside Higher Ed. Grunnen er at Department of Homeland Security skal ha gjort meir enn 250 arrestasjonar i og rundt Charlotte, den største byen i delstaten North Carolina.
I delstatshovudstaden Raleigh sende prorektoren ved North Carolina State University tysdag ut eit skriv til dekanar og instituttleiarar med ei rettleiing om korleis dei skal handtere eventuelle møte med føderale agentar.
Han råda mellom anna internasjonale studentar og tilsette, både dei vitskapelege og administrative, til å alltid ha med seg legitimasjonspapir, inkludert passet, dersom dei reiser ut av byen.
Også Duke University har gått ut med ei liknande melding og råda internasjonale studentar og medarbeidarar om å «til ei kvar tid» ha reisedokument med seg.
Dei oppmoda samstundes tilsette om å ta kontakt med politiet dersom dei såg føderale agentar be om informasjon eller prøve å ta seg inn på område på universitetet som ikkje er offentleg tilgjengeleg.
Ifølgje Inside Higher Ed har rykta gått på sosiale medium om at agentar og køyretøy tilhøyrande toll- og grensepoliti skal ha blitt sett i nærleiken av to campusar i North Carolina.
