Storbritannia

Universiteta får kritikk for handtering av sjølvmord

Den britiske ministeren for høgare utdanning truar med å inndra universitetsstatusen dersom studentane si psykiske helse ikkje blir prioritert.

Universitetet i Cardiff er blant dei britiske universiteta som er hamna i søkelyset etter sjølvmord blant studentar.
Publisert Oppdatert

I ein debatt i det britiske parlamentet denne veka fekk fleire universitet i Storbritannia hard kritikk for si handtering av sjølvmord blant studentar. Debatten handla om eventuell innføring av nye lovkrav til prioritering av psykisk helse på utdanningsinstitusjonane.

Bakgrunnen er ei underskriftskampanje starta av foreldre som har mista barn som var studentar, og som tok sine eigne liv. Kampanjen har samla meir enn 100 000 underskrifter.

Skulda på personvern

Ifølgje BBC seier den britiske ministeren for høgare utdanning, Robert Halfon, at han vil forlange at universiteta no prioriterer studentane si psykiske helse.

Ministeren har bede universiteta om å snarast å forplikte seg til ei erklæring om som studentsamskipnadene har utarbeidd. Erklæringa listar opp krav og prinsipp knytt til arbeidet med psykisk helse. Så langt har 61 av 140 universitet signert erklæringa.

Dei som ikkje signerer innan september 2024, kan risikere å miste universitetsstatusen, ifølgje ministeren, som har sett i gang ei utgreiing for å sjå nærare på dette verkemiddelet.

Han har også sett i gang ei offentleg utgreiing for å kartlegge sjølvmord blant studentar.

Ifølgje The Guardian skal fleire universitet ha latt vere å informere foreldre om at barna deira gjorde sjølvmordsforsøk. Universiteta skal ha oppgitt personvereglar (GDPR) som grunn.

Sjølvmord etter e-post

Under debatten i parlamentet vart det lagt fram fleire skuldingar mot britiske universitet som skal ha sendt ut automatiske e-postmeldingar til studentar om at dei har stroke på eksamen og derfor mistar studieplassen.

Ein av desse studentane var Mared Foulkes, som studerte farmasi ved Universitetet i Cardiff. Ho tok livet sitt få timar etter at ho fekk ein automatisert e-post med melding om at ho ikkje fekk halde fram på universitetet.

Universiteta får også kritikk for ikkje å ha tatt kontakt med hjelpeapparat i krisesituasjonar.

Powered by Labrador CMS