Siktar mot stortingsvalet

Ut mot «urban arroganse»: Lanserer kampskrift for det neste slaget om Nesna

Ei historie om ein tapt kamp — og eit kampskrift for den neste. No gir Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland ut bok.

Journalistikk-professoren Sigurd Allern er redaktør for boka om utdanningskampen på Helgeland. Han er sjølv oppvaksen i Sandnessjøen. — Boka er eit direkte innspel i forkant av stortingsvalet i 2021, seier han.
Journalistikk-professoren Sigurd Allern er redaktør for boka om utdanningskampen på Helgeland. Han er sjølv oppvaksen i Sandnessjøen. — Boka er eit direkte innspel i forkant av stortingsvalet i 2021, seier han.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta

Kampen om Nesna

  • Den meir enn 100 år gamle lærarutdanninga på Nesna vart i 2016 fusjonert inn i Universitet i Nordland, som seinare vart utvida til Nord universitet. I juni 2019 vedtok Nord-styret å legge ned Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, trass sterke protestar frå tilsette, studentar og lokalsamfunn.
  • Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland var skipa kort tid etter at forslaga om nedlegging på Nesna i tillegg til sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen kom på bordet.
  • Folkeaksjonen har sidan vore navet i ei omfattande mobilisering og distriktsopprør som har resonnert langt utanfor regionen.

«Kampen om Campus Nesna», heiter utgivinga som blir lansert på Nesna i dag, og boka handlar om nettopp dette: kampen for den tidlegare høgskulen som kjempa mot nedlegging etter fusjonen med Nord universitet, og tapte.

Men mest av alt er målet med boka å rette merksemda mot kampane som står igjen – i første omgang valkampen til stortingsvalet neste haust: Håpet om ei gjenoppliving av høgare utdanning på Nesna ligg framfor alt i eit regjeringsskifte der parti som har uttalt ønske om dette hamnar i førarsetet – i første rekke Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

— Boka er ein dokumentasjon i tekst og bilder, samstundes er det eit debatt- og kampskrift for å gjenopprette og sikre høgare utdanning på Nesna og Helgeland, seier Sigurd Allern, redaktør for boka, ei artikkelsamling med heile 27 bidrag med smått og stort.

Sigurd Allern er professor emeritus i journalistikk ved Universitetet i Oslo, også kjent som mangeårig redaktør i Klassekampen. Han er bror til Tor-Helge Allern, professor på Nord universitet og Høgskulen på Vestlandet, og ein av frontfigurane i kampen mot nedlegging av utdanningstilbod Nesna og i Sandnessjøen.

«Nakent og pompøst»

Alt frå vindmøller til politireform har sett fart i eit ulmande distriktsopprør siste året. Sigurd Allern meiner utdanning er ei kjernesak i sentraliseringsmotstanden.

— For ein urban elite, spesielt i Oslo, er Nesna ein slags metafor for stader der det ikkje bør vere høgare utdanning, seier Allern til Khrono.

I innleiingskapittelet hans er det nettopp «Nesnas opprør mot den urbane arrogansen» som er tema. Ein urban Oslo-elite, særleg representert ved avisene Aftenposten og Dagens Næringsliv, utviser forakt for den folkelege engasjementet i distrikta, ifølgje Allern. «Aftenposten har for eksempel i mange år hatt vanskelig for overhodet å fatte at det kan ligge en høyskole i ei bygd på Helgelandskysten. Tankegangen er den samme i den rosa business-avisa», skriv Allern og føyer til:

«Et politisk interessant trekk ved denne retorikken er at den urbane arrogansen framføres så nakent og pompøst».

Dette har universitetsleiinga i «administrasjonsbyen Bodø» profitert på, ifølgje Allern, som han meiner har prøvd å styrke sin eigen vekst gjennom utarming av utdanningstilboda på Helgeland. Framfor alt er Solberg-regjeringa skyteskive, og det han kallar «Høyres ektefødte» barn, strukturreforma for høgare utdanning frå 2015, som bana veg for fusjonar og nedlegging av tidlegare høgskular.

— Symbol for distriktskamp

Boka inneheld 27 artiklar med smått og stort, 8 av dei er nyskrivne. Resten er re-publisering av innlegg og artiklar frå ulike publikasjonar, blant dei Khrono.

I tillegg til Allern-brørne er mellom anna den nybakte rektoren ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri, representert. Det er også «universitetsopprøraren» Aksel Tjora frå NTNU og tidlegare rektor og sosiologprofessor ved Universitetet i Bergen, Sigurd Grønmo. Grønmo er opphavleg frå Sømna på Helgeland.

Folkeaksjonistane Catrine Hole og Jenny Myklebust skriv om korleis Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland oppstod og utvikla seg i løpet av 2019.

Jenny Myklebust er leiar for Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland.
Jenny Myklebust er leiar for Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland.

Myklebust, som er leiar av Folkeaksjonen, seier boka er eit ledd i arbeidet med det store målet – å re-etablere eit fullverdig utdanningstilbod på Nesna. I forordet til boka skriv ho at boka er eit «forsøk på å dokumentere den uretten som skjedde då styret i Nord universitet la ned campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen på sitt styremøte i juni 2019».

— Samstundes er Nesna blitt eit symbol for kampen for høgare utdanning i distrikta elles i landet. Boka er blir dermed også eit innspel i debatten om korleis strukturen for høgare utdanning i Noreg skal sjå ut, seier Myklebust, som sjølv flytta til Nesna for å ta utdanning der, og no arbeider som lærar på den vidaregåande skulen der.

Boka dokumenterer også kampen for Campus Nesna i bilder, tatt av fotografen Hans Petter Sørensen, som har vore sterkt involvert i opprøret.

Finansieringa av boka er ordna på folkeaksjon-måten, med kronerulling frå enkeltpersonar og bidrag frå ei rekke organisasjonar på Helgeland og i Nordland.

Mobiliserer til omkamp

Sigurd Allern seier hans bidrag er langt meir enn ei handsrekning til broren, Tor Helge, som fortsatt bur i Sandnessjøen.

— Eg har utvilsamt eit personleg forhold til Nesna og engasjement for saka: Alle undersøkingar i Noreg og internasjonalt viser at utdanning og eit profesjonelt miljø står veldig sentralt når det gjeld busetjing på lang sikt i distrikt og regionar.

Allern legg ikkje skjul på at boka han er redaktør for er tenkt som ei lissepasning til parti som har signalisert ein omkamp om Nesna, og som ikkje er framande for skildringa av ein urban elite som hinder for høgare utdanning i distrikta.

— Boka er ei argumentsamling og eit innlegg som skal halde kampen varm og sikre at dei partia som har engasjert seg opprettheld engasjementet, seier Allern.

Powered by Labrador CMS