nytt styre
VID får nytt styre. Trappar opp arbeidet for å verta universitet
VID vitskapelege høgskule får inn tre styremedlemmer som kjenner universitet og høgskular godt. Dei skal jobba for at VID skal verta universitet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
VID vitskapelege høgskule ønskjer å verta det første private universitetet i Noreg. No har styret ved høgskulen fått tre nye medlemmer. Dei er valde fordi dei har ein høg akademisk kompetanse.
— Dei nye styremedlemmene har solid kjennskap til samfunnsoppdraget for høgare utdaning og forsking, erfaring frå utvikling og leiing i akademiske institusjonar og samstundes god forståing òg for den andre konteksten ein verdibasert institusjon som VID har forankring i, seier Ingunn Moser i ei pressemelding.
Ho er styreleiar i VID Holding, som eig høgskulen.
Aarflot ny styreleiar
Det er eigarinstitusjonane som no har oppnemnd tre nye styremedlemmer.
Jan Olav Aarflot er ny styreleiar etter Torger Reve. Aarflot har tidlegare vore personal- og organisasjonsdirektør ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og personaldirektør ved Høgskolen i Østfold. Han har òg vore generalsekretær i Presteforeningen.
Med seg får han Arne Krumsvik, som er professor og inntil nyleg var rektor ved Høyskolen Kristiania — ein annan privat høgskule, som òg ønskjer å verta det første private universitetet. Men ein fusjon med Kristiania er ikkje aktuelt, har VID-rektor Bård Måland tidlegare sagt til Khrono.
Det tredje, nye styremedlemmet er Anners Lerdal. Han er forskingssjuef ved Lovisenberg Diakonale Sjukehus og har ei professor II-stilling ved Universitetet i Oslo.
— Det er ei spanande og stor utfordring å få vera med på den vidare utviklinga av VID vitskapelege høgskule i komande styreperiode, seier Aarflot i ei pressemelding.
Vil ha nokon med godt nettverk
Som Khrono har skrive før, har VID i strategien sin at dei ønskjer å verta universitet. Dette vart vedteke allereie i 2018, men i fjor vart saka drøfta i styret, og rektor Mæland fekk støtte for universitetsambisjonen. For å klara dette, trengst det mellom anna fleire doktorgradsprogram.
– Det er heilt klart rom for eit ideelt, verdibasert universitet i Noreg som set engasjementet for menneske i alle deira livsfaser i sentrum av verksemda si, sa dåverande styreleiar Torger Reve til Khrono i 2021.
I pressemeldinga som er sendt ut i samband med skifte av styreleiar, heiter det at VID Holding er oppteken av at det i neste fase av institusjonen si utvikling er viktig med eit styre med høg akademisk kompetanse, erfaring frå verksemdsleiing generelt og leiing i universitets- og høgskulesektoren spesielt, og erfaring frå arbeid med kontakt med styresmakter, arbeidslivskontakt og eit nettverk i ulike sektorar.

Nylige artikler
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mann (58) sverger til ukulele
Forskningsrådet myker opp reglene for karantene
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert