Universitetet i Bergen

Vil flytta rettsmedisin til sjukehuset

Av dei fire universiteta som har medisinske fakultet, er det berre Universitetet i Bergen som har ansvar for rettsmedisin. No håpar medisin-dekan Per Bakke at Haukeland universitetssjukehus kan ta over.

Gamle Gades institutt. Bygget vert i dag brukt som studenthus for medisinstudentar ved UiB. Fram til Gades institutt flytta inn i Sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus på begynnelsen av 1980-talet vart alle obduksjonar i Bergen gjennomført i kjellaren i dette bygget.
Publisert Oppdatert

Universitetet i Bergen har berre éin rettsmedisinar. Professor Peer Lilleng gjennomfører om lag 150 obduksjonar i året. Arbeidspresset er stort, sa han nyleg til Bergens Tidende.

— Ein feil kan få store konsekvensar, og i verste fall føra til justismord. Rettstryggleiken på Vestlandet er trua, sa Lilleng.

Bakteppet er den dystre starten på året, med fleire drap. På Vestlandet har ein hatt eit drap i Øygarden og eit trippeldrap i Fana. I tillegg vart to personar funne døde i eit hus i Øygarden i desember. Tidleg i februar var den endelege obduksjonsrapporten der ikkje klar, skreiv Dagbladet.

— Det er viktig for sakene og for politiet at det finst eit robust fagmiljø for rettsmedisin på Vestlandet, seier førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen til BT.

Men miljøet er altså lite. Og UiB klarar ikkje å få tak i folk.

— Det er ikkje slik at me har site med hendene i fanget. Me har prøvd å lysa ut stillingar fleire gongar, seier dekan Per Bakke ved Det medisinske fakultetet til Khrono.

Usamde om økonomien

Obduksjon er ikkje ei universitetsoppgåve, meiner medisindekan Per Bakke.

For nokre år sidan vart Rettsmedisinsk institutt flytta frå Universitetet i Oslo og til Oslo universitetssjukehus. I Tromsø og Trondheim, som begge har medisinske fakultet, er det òg universitetssjukehusa som gjennomfører obduksjonar, også dei som er knytt til rettsmedisin.

Per Bakke seier at det er historiske årsaker til at det i Bergen er UiB som har hatt ansvar for rettsmedisin. Gades Institutt, oppkalla etter dr.med. Fredrik Georg Gade, som gav pengar til opprettinga, var eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og UiB i mange år. No finst ikkje Gades formelt lenger, men Gades laboratorium for patologi er ein del av Klinisk institutt 1. Helse Bergen har ei avdeling for patologi.

— Me har fleire gongar prøvd å få rettsmedisin over til sjukehuset. Me meiner at obduksjon ikkje er ei universitetsoppgåve, og har prøvd å få til ei verksemdsoverdraging til Helse Bergen. Men så langt er me usamde om økonomien, seier Bakke.

— Rettsmedisin i Bergen er ei verksemd som i mange år har vore organisert under UiB. Ei eventuell verksemdsoverdraging til Helse Bergen vil verta diskutert når utfordringane knytt til både verksemda og til politiet sine behov er kartlagt i større detalj, skriv Gunnar Mellgren, direktør ved Laboratorieklinikken i Helse Bergen, i ein e-post til BT.

Har teknikarar

I Bergen er det altså per no berre ein rettsmedisinar i full stilling, samt to som kvar har 25 prosent stilling. I tillegg er det teknikarar som jobbar med obduksjonar.

— Ein må ha ein patolog, ein lege, som til slutt skriv obduksjonsrapportar, seier Bakke.

Han seier at Helse Bergen har mange patologar tilsett.

— Rettsmedisin er ei subspesialisering innan patologi, seier Bakke.

Det er kanskje noko av problemet.

Det er nemleg ikkje berre i Bergen det er frustrasjon knytt til fagfeltet rettsmedisin. TV2 skreiv sommaren 2023 at Helsedirektoratet i 2020 kom med ei tilråding om å oppretta ei spesialisering i rettsmedisin. I 2023 vart dette arbeidet avslutta.

— Det er få legar som søkjer seg til faget. Så lenge det ikkje er ei eiga spesialisering i rettsmedisin, er det få som finn faget attraktivt. Rettsmedisin er heller ikkje sett på som helsearbeid, og vert difor nedprioritert i helseføretaka, sa Lars Uhlin-Hansen til TV2.

Han er leiar i Norsk Rettsmedisinsk Forening og sjølv professor ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT).

Etter at Bergens Tidende først skreiv om forholda i Bergen, er det fleire opposisjonspolitikarar som har engasjert seg i saka. Dei peikar på regjeringa og på helseministeren.

— Me kan ikkje ha ein situasjon der rettstryggleiken på Vestlandet er trua fordi ein ikkje klarar å organisera ei grunnleggande teneste på ein god måte, seier Andreas Skjalg Unneland (SV) til BT.

Powered by Labrador CMS