klynger

Vil samarbeida for å gi musikkterapi til fleire

Musikkterapiklynga strekkjer seg no frå aust til vest. Professor Brynjulf Stige vil gjerne ha med miljø nord for Dovre også.

Lars Tuastad (til venstre) starta band i Bergen kretsfengsel som ein del av doktorgradsarbeidet sitt. Vokalist Morten Sommerbakk er tidlegare narkoman og har vore open om kor viktig musikken har vore for han. Bandet heiter Gatens Evangelium.
Lars Tuastad (til venstre) starta band i Bergen kretsfengsel som ein del av doktorgradsarbeidet sitt. Vokalist Morten Sommerbakk er tidlegare narkoman og har vore open om kor viktig musikken har vore for han. Bandet heiter Gatens Evangelium.
Fakta

Polyfon kunnskaps-klynge for musikkterapi

  • Arbeider for at musikkterapi skal vera tilgjengelig for alle som ønskjer og treng det, og òg for å styrka det tverrfagleege samarbeidet om musikk som folkehelseressurs.
  • Består av kommunar, helseføretak, kompetanse- og forskingsmiljø
  • Konkret fokuserer samarbeidet på tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling
  • Klyngedeltakarar: Universitetet i Bergen, Bergen kommune, Helse Bergen/Haukeland universitetssjukehus, Helse Fonna, Høgskulen på Vestlandet, NKS Olaviken alderspsykiatriske sjukehus, Norce, Noregs Musikkhøgskule

Det var forholdet mellom fiskebåtreiarar og verft på Sunnmøre som var inspirasjonen då professor Brynjulf Stige starta arbeidet med å laga kunnskapsklynga Polyfon. Denne klynga handlar om musikkterapi, og har no vorte utvida til å verta ein fast, nasjonal samarbeidsstruktur. Noregs Musikkhøgskule er ny i klynga. Frå før er Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og forskingsinstituttet Norce med.

— Eg vil seia at dette er ei vellukka klynge, smiler Stige, og held fram:

— På Sunnmøre gjekk reiarane til verfta og ba om betre båtar. Dette gjorde at verfta måtte skjerpa seg. Eg håpar vårt praksisfelt kan vera «fiskebåtreiarar» og bidra til at forskinga både utviklar seg og er samfunnsrelevant. Men det må vera eit samarbeid begge vegar, slik at praksisfeltet mellom anna òg kan få vita noko om kva forskingsbasert kunnskap me har om kva som fungerer og ikkje.

På praksisida er mellom anna fleire av helseføretaka under Helse Vest med.

Flest tilbod i vest

Musikkterapi som fag studerer samanhengar mellom musikk og helse, og musikkterapeutar brukar musikk til å auka livskvalitet og betra helsa til ulike brukargrupper. I dag er det tilbod om femårig integrert masterutdanning ved Universitetet i Bergen (UiB) og også ei masterutdanning ved Musikkhøgskulen. I tillegg tilby den private Ansgar Høyskole bachelorprogrammet musikk og helse.

Fram til no har klynga Polyfon vore for partnarar på Vestlandet. Ein effekt viser seg mellom anna når ein ser på kor det har vore mest utvikling av tilbod til pasientane.

— Utviklinga har gått raskare her vest, det ser me av tal frå Nasjonalt pasientregister. Så er det ikkje slik at målet har vore at Vestlandet skal vinna NM i musikkterapi, men me ser at samspel i ein region er viktig for å få til tilbod. No håpar me å kunne stimulerera til endå betre samspel på Austlandet òg, seier Stige.

Sterkare saman

I ei sak på eigne nettsider seier musikkhøgskulerektor Astrid Kvalbein at resonnementet frå Musikkhøgskulen si side er enkelt:

— Me vert sterkare saman. Ikkje minst i møte med politiske og andre styremakter, som stadig treng å verta minna om verdien av musikk som helseressurs, i alle slags liv.

Kvalbein utdjupar til Khrono:

— Fagmiljøa våre har allereie hatt mykje kontakt. Eg trur at samling er bra, og kan gi ei større breidde.

— Er planen å få med fleire partnarar òg frå aust?

— Det er for tidleg å seia noko om det no. Me har allereie samarbeid med sjukehusa i regionen. Men me treng ikkje gjera alt likt i aust og vest, seier rektoren.

I dag er musikkterapi nemnd i fleire rettleiarar frå Helsedirektoratet, og særleg tilrådd som behandlingsform i rusomsorg og for pasientar med psykose.

Karette Stensæth leiar Senter for forskning i musikk og helse ved Musikkhøgskolen (CREMAH), og har mange forventingar til klyngesamarbeidet. Særleg gjeld dette på forskingssida, og ho seier til eigne sider at ho på sikt ser føre seg at miljøa i Oslo og Bergen kan søkja om eksterne forskingsmidlar. For tida er eit EU-prosjekt om musikkterapi og demens leia frå Musikkhøgskulen.

Vil ha tilbod i nord

Stige i Bergen ønskjer seg fleire med på laget.

— Me ser i dag at for pasientane er det eit geografisk lotteri om dei får tilbod om musikkterapi eller ikkje. No håpar me at samarbeidet med Musikkhøgskulen vil gi fleire tilbod i aust. Og så meiner eg at tida snart er moden for å få miljø i Tromsø eller Trondheim òg med på laget.

Men konkrete planar om utdanning i musikkterapi har ikkje Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet.

— Det stemmer at det er skilnad på tilgangen til musikkterapi. Men då må kommunane først løyva pengar til dette, og så må utdanningsinstitusjonane følgja opp.

Olsen meiner likevel det kan vera gode grunnar til å bruka Nord-Noreg som praksisstad for musikkterapeutar.

— Frå vår ståstad tenkjer eg då særleg på den samiske befolkninga, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS