Varsling

Vil vurdere avgått festspill­direktør Anders Beyers stilling på universitetet

Anders Beyer som gjekk av som festspeldirektør etter varsling karakterisert som ei metoo-sak, har også ei deltidsstilling som professor ved Universitetet i Bergen.

Anders Beyer vart tilsett i 20 prosent stilling ved Universitetet i Bergen i 2020. Han var mellom anna tiltenkt ei rolle som relasjonsbyggar på tvers av fagmiljø ved institusjonen.
Publisert Oppdatert

Anders Beyer vart sparka frå direktørjobben i Festspillene i Bergen onsdag 22. september etter at styret gjorde det klart at han ikkje lenger har tillit. Bakgrunnen var det styret karakteriserte som eit alvorleg varsel. Basert på ei undersøking frå advokatfirmaet Hjort blei det slått fast at Beyer brukte stillinga si til «å forsøke å etablere en mulig privat relasjon på en måte som var krenkende overfor fornærmede».

Om avgangen frå stillinga som direktør ved Festspillene i Bergen får konsekvensar for universitetsjobben, er ikkje klart. Beyer har ei deltidsstilling som professor II ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen (UiB).

— Vi vil sjølvsagt gjere ei vurdering. Men vi må først få kontakt med Beyer, som er sjukmeld. Korleis vi elles vurderer saka akkurat no, vil eg derfor ikkje utdjupe, seier dekan ved fakultetet, Frode Thorsen, til Khrono.

— Svært overraska

Bergens Tidende meldte fredag at fleire har kontakta Festspillene etter at varselet mot Beyer vart kjent. Tidlegare rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er også styremedlem i Festspillene. Det var Olsen som i 2020 tok initiatviet til å engasjere Beyer som professor ved UiB.

Til Khrono seier han at styret ikkje har tatt imot andre varsel, og at det eksisterande varselet ikkje er knytt til UiB.

Styreleiar i Festpillene kalla i Bergens Tidende avgangen for ei metoo-sak, som betyr at det handlar om uønskt seksuell merksemd av krenkande karakter.

Dekan Frode Thorsen seier at saka ikkje har vore kjent for han eller andre på fakultet før styret i Festspillene orienterte om rapporten. Thorsen sit i representantskapet til Festspillene.

Ifølgje dekanen er det heller ikkje motteke varsel knytt til Beyer ved universitetet.

— Eg er svært overraska over det som er kome fram. Det er veldig trist, også for han, og det er trist og ein svært uheldig situasjon for Festspillene, seier Thorsen.

Den avgåtte festspilldirektøren vart i 2020 tilsett i bistilling ved UiB og var mellom annan i gang med å utvikle ei prosjekt som skulle sjå nærare på korleis festivalar takla pandemien. Beyer var også i styringsgruppa til universitets pandemisenter.

Skulle bygge relasjonar

— Det var meininga at han skulle bidra i å bygge relasjonar mellom fagmiljø på tvers ved UiB, gjennom konferansar, seminar og prosjektutvikling, seier Thorsen.

Beyer har bakgrunn som musikar og musikkvitar frå Københavns universitet. Det var ifølgje Frode Thorsen tidlegare rektor Dag Rune Olsen som tok det direkte initiativet til å tilsetje Beyer, etter at dette hadde blitt diskutert ei tid i fagmiljøet.

Powered by Labrador CMS