dom
Ville studera på Sunnmøre, forfalska norskprøve
Ei kvinne er dømt til fengsel på vilkår i 21 dagar for å ha forfalska prøvebevis for å kome inn på NTNU og Høgskulen i Volda.
Kvinna, som kom til Noreg i vaksen alder, hadde ikkje godt nok resultat på norskprøven for vaksne innvandrarar. Ho skaffa seg difor eit falskt prøvebevis og søkte utdanning både i Ålesund og Volda.
Ho fekk ikkje godt nok resultat på prøven i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar til at ho fylte krava for å kunne studera ved norske universitet og høgskular.
I Møre og Romsdal tingrett forklarte kvinna, ifølgje dommen som Khrono har fått innsyn i, at ho ønska å verta sjukepleiar, og ville studera ved NTNU Ålesund.
Sidan ho ikkje hadde godt nok resultat til å kunne gjera dette, tilbaud ein venn seg å laga eit falskt prøvebevis til henne. Dette brukte ho då ho søkte opptak via Samordna opptak i april 2023.
Møre-Nytt omtalte dommen først.
Søknad vart sett på vent
Samordna opptak valde å setja søknaden hennar på vent for å undersøka vidare. Dette vart kvinna informert om, og i retten forklarte ho at ho i juli 2023 sende ein søknad om å kunne ta årsstudium i engelsk ved Høgskulen i Volda. Ho nytta det same, falske prøvesvaret.
Kvinna forklarte i retten at ho ikkje handla med forsett. Formålet hennar var berre å få nokre ekstra poeng, og ho trudde ho hadde lasta opp det originale prøvebeviset.
Retten festa ikkje lit til denne forklaringa, og meiner kvinna lasta opp det falske dokumentet med vitande og vilje.
I den delen av saka som gjeld NTNU Ålesund, erkjende kvinna straffskuld for både dokumentfalsk og flask forklaring. Punktet med falsk forklaring skuldast at ho har nytta eit falskt dokument i søknaden sin til offentleg myndigheit.
Lang liggetid hos politiet
Det var Samordna opptak som melde sakene til politiet. Det gjorde dei på slutten av 2023, og så tok det nesten eit år før kvinna vart avhøyrt.
Den lange liggetida hos politiet får konsekvensar for straffeutmålinga, meiner retten, og sette straffa til 21 dagar på vilkår med ei prøvetid på to år. Ho må òg betala sakskostnader på 3.000 kroner.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager