– Eg er litt overraska over at dei som er spurte ikkje i større grad ser på akademisk fridom som ein verdi, men også som noko negativt.
– Eg er litt overraska over at dei som er spurte ikkje i større grad ser på akademisk fridom som ein verdi, men også som noko negativt.

Folk flest skeptiske til akademisk fridom

34 prosent av dei spurte er ueinige eller delvis ueinige i at tilsette ved universitet og høgskular bør stå heilt fritt til å ytra seg.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det viser den store ytringsfridomsundersøkinga  som Institutt for samfunnsforsking har gjort for Fritt Ord, skriv Uniforum. Undersøkinga blei publisert i går. I media har det stort sett handla om korleis det norske folk stiller seg til rasistiske utsegn og sårande karakteristikkar. Det faktum at det viser seg at eit stort mindretal mellom dei spurte også er svært kritiske til at tilsette ved universitet og høgskular skal ha full ytringsfridom, har ikkje kome fram i medieoppslaga. For fleire av forskarane var det eitt av dei mest uventa funna i undersøkinga.  

– Overraska

Tala viser at 20 og 40 prosent av alle dei spurte er einige eller delvis einige i at dei tilsette ved universitet og høgskular bør ha full ytringsfridom. Derimot er eit stort mindretal på 34 prosent ueinig eller delvis ueinig i dette.

– Eg er litt overraska over at dei som er spurte ikkje i større grad ser på akademisk fridom som ein verdi, men også som noko negativt. Dette viser at synet på akademisk fridom er svært forskjellig mellom eit gjennomsnitt av folket og haldningane som akademikarar og journalistar har til dette spørsmålet, seier professor Terje Rasmussen ved Institutt for media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Ikkje frikort

Dess høgare utdanning du har, dess meir tolerant og liberal er du.

Terje Rasmussen

Det viser seg at desse meir restriktive haldningane også syner seg når det gjeld å ikkje la ytringsfridomen gi nokon frikort til å omtale svake grupper på ein nedsetjande måte.  

– Eit stort mindretal er opptatt av å verna minoritetar og folk med nedsett funksjonshemming mot diskriminerande utsegner. På den måten vil dei hindra rasistiske kommentar på grunnlag av hudfarge eller religion. Kort fortalt meiner dei at alle ytringar har sine grenser, meiner Terje Rasmussen.

Tolererer ikkje alle ytringar

Etter hans oppfatning er det mogleg å trekkja ein klar konklusjon av denne undersøkinga.

– Toleransen for det som blir ytra i det offentlege rom er ikkje så stor blant gjennomsnittsnordmannen som blant akademikarar og andre med høgare utdanning. Dess høgare utdanning du har, dess meir tolerant og liberal er du, slår han fast.

– Men kvifor trur du gjennomsnittsnordmannen er så kritisk til å sleppa forskarane heilt frie?

– Av og til er det negative oppslag i media om forskarar som driv med forsking som verkar unyttig og som ikkje har nokon samfunnsverdi. Me vil seia at dette er påstandar som ikkje er basert på kunnskap. Oppfatninga til folk flest er difor at det blir forska på mykje rart, konstaterer han. Likevel synest han at undersøkinga i hovudsak viser ei positiv haldning til akademisk fridom.

–Trass alt er eit stort og klart fleirtal av dei spurte varme tilhengjarar av akademisk fridom og ser det som ein viktig verdi som me må ta vare på.

Liberale journalistar og forfattarar

Journalistar er den yrkesgruppa som er mest positiv til akademisk fridom. Heile 89 prosent av dei meiner at dei tilsette ved universiteta og høgskulane må få ytra seg fritt. Også forfattarar og biletkunstnarar har ei svært positiv haldning til den akademiske fridomen. Der er høvesvis 88 og 83 prosent av dei spurte positive til akademisk fridom.

– Det er eit klart teikn på at journalistar og kunstnarar er superliberale i spørsmål som har med ytringsfridom å gjera, konstaterer Terje Rasmussen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS