sjukepleiarutdanning

23 av 258 søkarar fekk plass: — Ei enorm kraft

Startskotet har gått for Nord universitet si desentraliserte sjukepleiarutdanning i Orkland i Trøndelag. Studentar frå elleve trøndelagskommunar er representert.

Desse studentane er klare til å ta fatt på den desentraliserte sjukepleiarutdanninga ved Nord universitet.

— Det har vore ei enorm kraft i samarbeidet på tvers for å få dette til, så dette er ein stor dag for både Nord universitet og for alle kommunane i den sørlege delen av Trøndelag, seier Thomas Solum Lystad, dagleg leiar for Interkommunalt politisk råd Trøndelag Sørvest — Lakseregionen.

«Noregs mest ettertrakta»

Nord universitet har i samarbeid med ei rekke aktørar oppretta ei desentralisert sjukepleiarutdanning i Orkland.

Ranveig Salater Rotmo er studieleiar for den nye utdanninga i Orkland.

Då søkartala blei offentleggjort av Samordna opptak i vår, stod jubelen i taket ved Nord universitet. Heile 258 søkarar ønskte seg nemleg plass ved det nye studiet, som Nord universitet i ei pressemelding no kallar Noregs mest ettertrakta sjukepleiarutdanning.

23 studentar har fått plass ved den nye utdanninga, står det i pressemeldinga.

Elleve kommunar

Studieleiar Ranveig Salater Rotmo ved Nord universitet fortel at dei 23 studentane kjem frå 11 ulike kommunar i det sørlege Trøndelag.

Under opninga på måndag, var det 80 gjester til stades i lokala ved den vidaregåande skulen i Orkland, der undervisninga skal gå føre seg.

— Engasjementet har vore veldig stort, og det seier det meste når det kjem over 80 gjestar utanom studentane til opninga i dag. Alle ynskjer å leggje best mogleg til rette for at desse studentane skal lukkast, uttalar studieleiar Rotmo i pressemeldinga frå Nord universitet.

Det desentraliserte studiet er det nest mest søkte studiet i heile Noreg sett opp mot talet på studieplassar, berre slått av medisinutdanninga i Oslo.

Anne Opsal ønska nye studentar velkommen til Lister Kompetanse i Flekkefjord.

40 av 200

Også på Sørlandet er desentralisert sjukepleiarutdanning i gang. Studiesenteret Lister Kompetanse skriv i ei pressemelding at dei hadde omlag 200 søkjarar som konkurrerte om 40 studieplassar då Universitetet i Agder (UiA) og studiesenteret opna for eit nytt kull.

— De har trekt vinnarloddet, sa førsteamanuensis Anne Opsal frå UiA då ho ønska studentane velkommen til studiestart i Flekkefjord.

Studentane kjem frå heile Lister-regionen, samt frå Lindesnes og Setesdal. Mange av dei er allereie tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester.

Powered by Labrador CMS