sjukepleieutdanning

Sverre (42) kunne ikkje reisa ut — vert sjukepleiar i eige distrikt

Å reisa vekk for å ta utdanning var ikkje eit alternativ for Sverre Edvinsen. Sjukepleiestudenten er ein av 40 som tek utdanning i heimeregionen Lister.

Å ta utdanning der ein bur er suksesskriteriet i Lister. Fleire stader i landet har ein liknande tilbod, som her på Tynset.
Publisert Oppdatert

13 universitet og høgskular tilbyr ulike studietilbod for bachelor i sjukepleie. Men mange av desse har ledige studieplassar. I alt 815 studieplassar står tomme, skreiv Khrono i september.

Korleis kan ein fylla desse plassane? Og er desentrale tilbod vegen å gå? Det er noko av det som skal drøftast når Khrono og Høgskulen på Vestlandet inviterer til frukostmøte i Haugesund torsdag morgon.

Vi strøymer debatten direkte her.

For langt å dagpendla

Men det er nokre stader det verkeleg er kamp om studieplassane.

Det er grytidleg tysdag morgon og glatt på vegen når Khrono snakkar med Sverre Edvinsen. Han bur i Farsund og tek sjukepleieutdanning over fire år. No er han på veg til praksis.

I tjue år har Lister kompetanse gitt tilbod om utdanning der folk bur. No er Edvinsen ein av 40 studentar. Og søkjartalet? 200. 95 av dei var kvalifiserte.

— Eg var i jobb som ufaglært, og hadde ikkje noko særleg høgare utdanning. Eg var lei av jobben min og tenkte eigentleg at eg skulle prøva å ta pedagogikk, slik at eg kunne jobba som lærar. Men så fekk eg høyra at dei skulle starta opp med sjukepleieutdanning her, seier Edvinsen.

Det tek ein god time å køyra frå Farsund til Kristiansand. Men det er for langt for Edvinsen, som har barn.

— Døgeret hadde ikkje hatt nok timar dersom eg skulle dagpendla, seier han.

Jobben han hadde har han sagt opp. No kombinerer han ei studentstilling i kommunen med studier, og veit han får jobb når han er ferdig utdanna sjukepleiar.

— Så lenge ein vil jobba i distriktet, får ein jobb. Her i området er det vanskeleg å få tak i sjukepleiarar, seier 42-åringen.

Han fortel at dei fleste han studerer saman med, ikkje kjem rett frå vidaregåande.

Sverre Edvinsen veit at han får jobb når han er ferdig utdanna sjukepleiar. — Ein må leiga inn sjukepleiarar i min region, seier han.

— Og dei vil jobba i distriktet. Dei som er yngre søkjer seg i større grad til Kristiansand eller Oslo, for dei vil jobba på sjukehus, seier han.

196 søkjarar til 18 plassar

— Suksesskriteriet vårt er at me set opp desentrale etterspurde studium, seier Hilde Strømme.

Ho leiar Lister kompetanse, som er ein del av Lister-samarbeidet, og skal vera med under frukostmøtet i Haugesund. 

Me skal ikkje vera ein konkurrent til utdanning på campus, seier Hilde Strømme.

Dei seks kommunane lengst vest i Agder har samarbeid om ei rekkje tenester, og òg utdanning. No har dei 40 sjukepleiestudentar som starta hausten 2021, 20 barnehagelærarstudentar som starta hausten etter, og i haust var det oppstart for vernepleie. Her kom det 196 søkjarar til dei 18 plassane. I tillegg har studiesenteret om lag 120 studentar på fagskulenivå.

— Me skal ikkje vera ein konkurrent til utdanning på campus, og me ønskjer at 19-åringane skal reisa ut og studera. Målgruppa hos oss er dei som ikkje har teke høgare utdanning. Kanskje er dei etablerte med familie eller har andre plikter som gjer at det er vanskeleg for dei å reisa vekk. Utdanning der dei bur er den sjansen dei har, seier Strømme.

Ho legg til:

— Me likar å kalla dei pluss-studentar! For dette er studentar som aldri hadde reist til campus for å ta utdanning. 

Strømme fortel at det er krav om å ha adresse knytt til spesifikke postnummer for å kunne søkja. Men sjølv om ein har det, konkurrerer ein med dei andre søkjarane. Poenggrensene kan verta høge, og mange av søkjarane tek først studiekompetanse på deltid for å kvalifisera seg.

— Det kan bety at ein kommune får inn 14 studentar, medan ein annan får tre, illustrerer Strømme.

Samarbeid med fleire universitet

Studentane har stort sett jobb i tillegg, og tek difor utdanninga si på deltid. Flest mogleg samlingar skjer lokalt, og Lister kompetanse leiger lokale hos ein vidaregåande skule for å få tilgang til eigna lokale for praktiske øvingar, mellom anna pleiestove for sjukepleiestudentane. Men nokre samlingar skjer på campus hos Universitetet i Agder (UiA), for at studentane skal få tilgang til laboratorium.

Det er UiA som tilbyr dei fleste av studia ein kan ta i Lister. Men for nokre år sidan var Universitetet i Stavanger (UiS) med på laget.

— Me såg at det var mange sjukepleiarar som fekk dispensasjon for å jobba som helsesjukepleiarar i kommunane våre. Så gjennom eit samarbeid med UiS fekk me utdanna helsesjukepleiarar til både Setesdal, Lindesnes og Lista, fortel Strømme.

Svært mange av studentane som tek utdanning via Lister kompetanse er kvinner, og kommunane har hatt eit press på seg for å rekruttera til helse og omsorg, seier Strømme. Men framover kan det verta gitt andre tilbod i regionen.

— Me har vore i kontakt med næringslivet og spurt kva dei treng. Svaret er fagarbeidarar til industrien og ingeniørar. No håpar me å starta opp med ingeniørutdanning i 2025, seier Strømme.

Vert verande

Den daglege leiaren skulle gjerne hatt endå fleire plassar til særleg sjukepleiestudentar, men som for helseutdanningar elles er det tilgangen til praksisplassar som gjer dette krevjande. I dag er det sjukehuset i Flekkefjord som tek imot sjukepleiestudentar frå Lister.

— Kva skjer med studentane når dei er ferdige?

— Alle våre tal viser at dei vert verande. Det er ein grunn til at dei tek desentral utdanning, seier Strømme, og legg til:

— Studentane våre har høg grad av gjennomføring, men dei treng av og til eit ekstra år på å fullføra utdanninga. På førre sjukepleiarkull vart det fødd åtte-ti barn.

Det var 95 kvalifiserte søkjarar til sjukepleieutdanninga i Lister. 40 fekk plass.
Powered by Labrador CMS