utestengt
544 studentar er utestengde
Auken på utestengde studentar er stor dei siste månadane. Fusk er den vanlegaste årsaka.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I mars skreiv Khrono at talet på utestengde studentar var 368. Samanlikna med talet for mars 2020, var auken på vel 150. No viser tal VG har henta inn at det er 544 studentar som står som utestengt i Noreg per 1. mai.
Tala er henta frå Rust - Register for utestengde studentar - som ligg under Unit.
Som Khrono skreiv i vår, er det fuskesaker som er årsaka til dei fleste utestengingane. Det er det same no, viser tala frå VG.
Heile 84 studentane kjem no frå Universitetet i Agder (UiA). Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har 73, og både Universitetet i Oslo (UiO) og Høgskolen i Innlandet har stengt 50 studentar ute på grunn av fusk.
Trur dei tek mange
— Me skulle gjerne ha sett at talet var lågare, og me veit ikkje kvifor me har eit høgt tal blant universiteta. Det me veit er at me har eit godt system for å oppdaga fusk, og no ved omlegging til digitale eksamenar i samband med pandemien vert plagiatkontrollen veldig effektiv, seier Ingvild Marheim Larsen til VG.
Ho er viserektor for utdanning ved USN.
— Me trur absolutt ikkje at UiA-studentar fuskar meir enn studentar ved andre institusjonar, men UiA har gode rutinar for å fanga opp moglege fuskesaker, så me trur me fangar opp ein stor del av sakene, seier utdanningsdirektør Greta Hilding.
Leiar i Norsk studentorganisasjon, Andreas Trohjell, har tidlegare sagt til Khrono at han trur nokre av tilfella ikkje er medvitne.
— Me trur det kan vera ein del tilfelle der det har vore uklårt for studentane kva som har vore lov å gjera og kva som ikkje har vore lov. Det er viktig at universitet og høgskular er tydelege i kommunikasjonen sin til studentane, og at dei gir dei same signala skriftleg og munnleg.
Har avdekka meir fusk
Khrono har skrive fleire saker om at det har vorte avdekka meir fusk på eksamen i koronaåret 2020, då dei aller, aller fleste eksamenar vart gjort om til heimeeksamen.
At tala i Rust gjer eit hopp no, kan slik skuldast at fleire institusjonar, slik Khrono òg har skrive, har vore på etterskot med å handsama fuskesaker. NTNU har til dømes handsama saker frå 2020 først i 2021. Saker vert først registrert i Rust når institusjonen har fatta eit vedtak, og når utestengingsperioden er over, vert saka sletta frå registeret. Det vil seia at tala først og fremst gir eit augneblinksbilete.
I mars var det, ifølgje Unit sin eigen gjennomgang, 323 saker knytt til fusk. 23 saker handla om forfalska vitnemål, 22 saker om skikkaheit og ei sak knytt til fårleg åtferd, brot på tausheitsplikt eller grov usømelegheit i praksis.
Nyeste artikler
Innovasjon — hva må forbedres ved Universitetet i Oslo?
Skivebom fra Team Hennum om tillitsvalgte og samarbeid – Velg Team Harbo!
Slik vil vi styre Universitetet i Bergen
Vi må redusere forskjellsbehandling av midlertidig ansatte
Vil ha mannsminister for å få gutar til å ta utdanning
Mest lest
Direktøren sin sluttavtale: Tre år på heimekontor og 450.000 kroner
Han er 90 år og aktiv skøyteløper. Målet er å ta elleve verdensrekorder i år
20 akademikere hevder Helsingforskomiteen forfølger Glenn Diesen
Noen forskere snakker «hele tiden» på konferanse. Én person hadde 32 bidrag
Forfølgelsen av professor Glenn Diesen må opphøre