Direktør for utdanning i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), Andreas Schleicher. Foto: Kilian Munch/Virke

OECD-topp: Meiner universitet og høgskular er konservative og lite fleksible

Livslang læring. Direktøren for utdanning i OECD meiner ein må utvide forståinga av både universitetsautonomi og akademisk fridom for å vere rusta for framtida.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis kan vi setje menneske i stand til å vere eit steg framfor dagens og morgondagens teknologi? Korleis bygger vi eit samfunn som saman set fokus på livslang læring? Korleis gir vi menneske eigarskap til når, kor og korleis dei ynskjer å lære?

Fakta

Higher Education in Norway: Labour market relevance and outcomes

I 2018 utarbeida OECD ein rapport, på bestilling frå Kunnskapsdepartementet, om den kompetansen norske studentar får er relevant for arbeidslivet.

Dei viktigaste funna var desse:

1. Norway's higher education institutions need to do more to build the transversal skills the economy and society need: use active learning approaches, work-based learning and collaborate with social partners.

2. Arts and humanities graduates in Norway have relatively strong skills but they aren’t making full use of them in the labour market.

3. Better access to labour market information could help address skills needs in Norway.

4. Too many Norwegian students drop out of higher education without gaining a qualification.

5. Norway needs to coordinate across levels of government and directly steer the higher education system towards greater labour market relevance.

Les heile rapporten her.

Andreas Schleicher er direktør for utdanning i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Framfor folk i handels- og tenestebransjen, politikarar og journalistar tenker Schleicher høgt og svarer på fleire av spørsmåla, med eit knippe lysbilete i bakgrunnen som viser trendar i utviklinga både av teknologi og kompetanse.

Fleire universitet sit fast i fortida — dei er veldig flinke til å utdanne folk til å leve i fortida, men ikkje flinke til å utdanne folk for framtida.

Andreas Schleicher

Han er i Noreg for å snakke på Virkekonferansen 2019 med namnet «Framtidas lykkeland bygges nå». Han samanliknar Noreg med andre land og konkluderer for fleire av nasjonane at verken den yngre eller eldre generasjonen er førebudde på framtida.

Meiner universiteta er konservative og lite fleksible

Khrono får prate med OECD-toppen like etter han har gått av scena. Vi ynskjer svar på kva som er rolla til universiteta og høgskulane i alt dette — Schleicher kom nemleg med fleire brannfaklar i sin presentasjon.

— På scena sa du at universiteta er konservative og at dei ikkje gjer nok for å halde tritt i tanken om livslang læring. Kan du utdjupe?

Eg meiner universiteta vart designa for å utdanne ein liten elite, og det er dei veldig flinke til. Men så vart dei større og fekk ei ny rolle, men dei endra aldri modellen. Til dømes er tilbodet retta mot menneske som vil ha ei universitetsgrad. Men dersom du ynskjer å gå på universitetet for å skaffe deg ekstra ferdigheiter i din noverande jobb, eller du ynskjer å studere på deltid, så er det veldig vanskeleg. Fleire institusjonar er heller ikkje interesserte i dette, er mi oppfatning, seier Schleicher til Khrono.

Han held fram:

— I staden for å spørje seg: Vi er her for å hjelpe deg å lære, så har fleire universitet ei haldning som at: du kan ta dette kurset og så vil vi lære deg det vi har funne ut. Eg vil ikkje gå så langt, men nokon vil kunne hevde at universitetsprofessorar ikkje eingang er interesserte i å utdanne folk, dei er der primært for å halde på med si eiga forsking. Så medan samfunnet er i rask endring, folk er i endring, så meiner eg at universiteta framleis ikkje har endra sin modell til å vere meir mottakelege overfor nye behov i samfunnet og heller ikkje for dei ulike behova til ulike menneske. Menneske lærer på ulike måtar, i ulike stadier i livet. Det framtidige universitetet må vere mykje meir retta mot desse behova og interessene.

OECD-topp Andreas Schleicher gav ei situasjonsbeskriving av teknologiutviklinga og korleis samfunnet bør ruste seg i samband med livslang læring og kompetanseheving i møte med denne utviklinga. Foto: Kilian Munch/Virke

Nye tankar kring autonomi

— I din presentasjon sa du også at universiteta sin autonomi kan vere ein negativ ting. På kva slags måte?

Eg veit at dette er veldig omstridt, men for meg så handlar ikkje autonomi om at eg gjer det eg ynskjer å gjere i dag. For meg har autonomi ein meir profesjonell dimensjon: Basert på min faglege kunnskap gjer eg det som er rett for institusjonen og landet mitt med tanke på korleis eg kan gjere ein skilnad i samfunnet. Eg trur mange ofte gløymer dette når dei tenker på autonomi. Eg meiner at profesjonell autonomi handlar om at ein har mykje ansvar for samfunnet og behova som vil oppstå i framtida. Universiteta er designarar av framtida. Og eg meiner dei burde ha det engasjementet og det sosiale ansvaret, seier Schleicher.

— Under konferansen så langt, så har det blitt stilt spørsmål om ein ikkje heller bør fokusere på kva arbeidslivet treng enn på universiteta si rolle. Fleire som jobbar på universitet vil nok stille seg kritiske til at næringslivet og andre aktørar i samfunnet skal kunne legge føringar for kva universiteta skal gjere og kva slags ferdigheiter dei skal lære vekk. Kva tenker du om det?

Andreas Schleicher i samtale med kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner. Foto: Kilian Munch/Virke

— Eg tenker at arbeidsgjevarar veit godt kva slags ferdigheiter som trengst i dag, men ikkje kva slags ferdigheiter som trengst i framtida. Eg meiner ikkje at desse aktørane skal få legge føringar, men eg meiner dette med læring skal vere eit prosjekt som rommar heile samfunnet. Arbeidsgjevarar kan vere ein av fleire røyster inn i dette, seier Schleicher. Han legg til:

— Men for meg er dette eit spørsmål om haldning. Eg meiner universiteta må legge til rette for læring slik at dei kan hjelpe menneske på å bli virkeleg gode på det som er viktig for kvar enkelt. Og stille seg spørsmålet: Korleis kan vi hjelpe den neste generasjonen med å finne deira identitet, handlefridom og lidenskap. Men fleire universitet sit fast i fortida - dei er veldig flinke til å utdanne folk til å leve i fortida, men ikkje flinke til å utdanne folk for framtida.

Samfunnsansvar og akademisk fridom

OECD har i rapportar både frå 2017 og 2018 konkludert med at kvaliteten på forsking og høgare utdanning i Noreg burde ha vore betre, tatt i betraktning at det blir brukt så mykje offentlege pengar på det. Dei meiner også at ein er for dårleg til å utdanne folk med dei ferdigheitene både samfunnet og økonomien treng.

— Korleis kan vi sjå alt dette i samanheng med akademisk fridom?

— Eg meiner akademisk fridom er veldig viktig. Vi treng menneske som kan tenke fritt kring alle samfunnsutfordrinar. Men for meg eksisterer ikkje akademisk fridom utan samfunnsansvar. Akademisk fridom handlar om å bestemme korleis ein kan hjelpe studentar, institusjonen ein jobbar for og landet. Den tanken skal drive fram vala og avgjerdene vi tek, ikkje personlege interesser og tradisjonar, slår Schleicher fast.

— Fleire forskarar uttrykker uro for tendensar som kan utfordre denne fridomen. Mellom anna at fleire forskingsfinansieringsaktørar ønskjer større nytteverdi av forsking og ei større kommersiell side i søknadene om forskingsmidlar. Kva er din kommentar til det?

— Det vil alltid vere ulike interesser og dette kan utfordre akademisk fridom, men eg ser det ikkje som eit problem at det er ulike synspunkt for kva slags verdi forsking og utdanning skal ha. Eg meiner det viktige er at forskarar og utdannarar sjølv hugsar å stille seg spørsmålet om kva slags sosial verdi det dei driv med har. Eg meiner universiteta bruker for lite energi på dette, seier Schleicher og legg til:

— For kvifor skal vi til dømes utdanne generasjonar av advokatar som ikkje finn ei rolle i samfunnet? Berre fordi det er enkelt og billig å forelese for fleire tusen i eitt rom? Det er for meg ikkje akademisk fridom. Det er berre ein veldig praktisk måte å gjere ting på, men eg syns alle som jobbar med forsking og utdanning skal spørje seg: Gir eg den best moglege servisen? Det vil kome fleire svar og det er det interessante med universiteta — det er ingen definerte svar. Men svara vil kome, endre seg og bli utfordra. Eg meiner at samfunnet ikkje skal gi for mange svar, men heller presse universitetsmiljøa til å stille fleire spørsmål kring si eiga rolle.

— Kva slags utdanningssystem meiner du er det mest ideelle for framtida og kva slags balanse i rollene mellom universiteta og arbeidsgjevarar ser du for deg?

Før var det eit tydeleg skille mellom det du lærte på universitetet og det du lærte på jobb. Men eg trur dette skillet vil forsvinne. Vi må lære gjennom heile livet og læring medan du er i arbeid vil ikkje lenger bli eit valfritt supplement, det vil bli ei nødvendigheit for menneske. Dei mest suksessrike selskapa i framtida vil vere dei som liknar på eit universitet og som vil tilby sine tilsette kontinuerlig kompetanseheving. Men det same gjeld for universiteta, ein er nøydd å tenke på dei praktiske implikasjonane for arbeidet sitt. Vi brukte å lære for å kunne gjere jobben, men no er læring jobben. Eg trur at ein dag vil ein ikkje kunne sjå skilnaden på kva som er eit universitet og kva som er ein annan læringsarena, spår Schleicher til slutt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS