Storbritannia
Åtvarar om risiko ved universitetssamarbeid med Kina
Dei stadig tettare relasjonane mellom britiske universitet og Kina er ein tryggleiksrisiko som må takast meir på alvor, ifølgje ein ny rapport.
![Etter ei tidobling av britisk-kinesisk samarbeid i forskingssektoren åtvarar ein ny rapport no om tryggleiksfarane. Også samarbeid mellom Noreg og Kina er aukande i utdannings- og forskingssektoren. Bildet er tatt ved eit kinesisk delegasjonsbesøke ved UiO.](https://image.khrono.no/437468.webp?imageId=437468&width=960&height=548&format=jpg)
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Studien som er leia av den tidlegare utdannings- og universitetsministeren i Storbritannia, Jo Johnson, understrekar, ifølgje avisa The Guardian, behovet for ei langt tettare oppfølging av farane ved tette britisk-kinesiske forskings- og utdanningssamarbeid.
Rapporten peikar på ein betydeleg auke i finansiering frå Kina og samarbeid med kinesiske forskarar i løpet av dei siste 20 åra. Dette inkluderer sensitive felt med betydning for nasjonal tryggleik og økonomi, som automatisering, telekommunikasjon og materialvitskap – i tillegg til disiplinar der samarbeidet kan true ytringsfridomen.
— Storbritannia må gjere ein betre jobb med å følgje med på, handtere og redusere risiko som i dag er lite forstått og manglar oversikt, seier Jonhson.
Forfattarane av rapporten er i tillegg til Johnson, mellom anna akademikarar frå King’s College i London og Harvard Kennedy School.
Kina er ifølgje studien nær ved å gå forbi USA som Storbritannias hovudsamarbeidspartnar innan forsking, etter at talet på forskingssamarbeid er blitt tidobla frå 2000 til 2019, hovudsakleg innan teknologi-fag.
«Storbritannias meir avhengige band til ei neo-totalitær teknologimakt når det gjeld finansiering og forsking er no å rekne som eit særleg sårbart punkt», heiter det i rapporten, ifølgje The Guardian.
Fleire norske universitet har, til liks med i Storbritannia, hatt ei stadig sterkare satsing på samarbeid med Kina. I Noreg har Universitetet i Oslos avtale med det kinesiske Fudan-universitetet om å vere vertskap for deira europeiske senter vekt diskusjon.
Både Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen ønskjer å ha førande roller i akademisk samarbeid med Kina i Noreg.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg

![BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-](https://image.khrono.no/559710.webp?imageId=559710&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=782&height=702&format=jpg)
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen