rekruttering

Avviser uryddige prosessar: — Rekrutteringa i akademia er grundig, gjennom­siktig og fungerer godt

Fagkomiteane står støtt når forskarar skal tilsetjast på universitet og høgskolar, ifølgje forskar og instituttleiar som har tatt doktorgrad på rekrutteringsprosessar.

Rekrutteringsprosessane på norske universitet er slett ikkje uryddige og truleg dei mest gjennomsiktige i verda, ifølgje forskar og instituttleiar ved Handelshøyskolen, OsloMet.

Omgjering av faglege rangeringar, inhabilitet, lukka prosessar og tilløp til nepotisme. 

Det er ikkje berre pent, bildet som har avteikna seg av tilsetjingsprosessar i akademia. Tilliten til systemet står i fare, meiner fleire Khrono har snakka med.

Bakteppet var saka til Mark Young, som den sakkunnige komiteen rangerte som best kvalifisert då han søkte på ei forskarstilling ved Universitetet i Bergen. Tre månader seinare oppdaga Young at instituttleiaren hadde endra rangeringa og innstilt ein annan til jobben.

Men bildet av uryddige tilsetjingsprosessar ved norske universitet og høgskular stemmer ikkje, ifølgje Ingvild Reymert, som har forska på rekruttering.

— Rekrutteringa i akademia fungerer veldig godt, og er grundig og gjennomsiktig. Noreg har truleg dei mest transparente tilsetjingane i verda, er hennar oppsummering.

Fag veg tyngst

Reymert, som i dag er instituttleiar ved OsloMet, tok i 2021 doktorgraden i statsvitskap og undersøkte rekrutteringsprosessar i akademia i Noreg og fleire andre land over ein periode på 20 år.

Der fann ho at dei sakkunnige komiteane i liten grad blir sett til side når forskarar skal inn i stillingar på institutt og fakultet. Framleis er det dei reint faglege kvalifikasjonane som veg tyngst når forskarar får jobb.

Samstundes er det på nokre fagfelt langt vanlegare enn på andre å gjere om på den sakkunnige komiteens rangering av kandidatar.

Dei sakkunnige komiteane har som oppgåve å rangere kven som har dei beste faglege kvalifikasjonane til vitskapelege stillingar, og blir som regel følgd opp med vurderingar frå ein intervjukomité.

— Dei sakkunnige komiteane er framleis den klart viktigaste delen av rekrutteringsprosessen. Rangeringa derifrå står svært sterkt i dei fleste fag, seier Reymert.

— Skal ikkje berre forske

I doktorgradsarbeidet kjem det fram at det er sterke profesjonar og fagkulturar som ser ut til å sørge for å halde dei faglege vurderingane i hevd. Sjølv om det dei siste tiåra er blitt lagt meir vekt på vurderingar frå intervjudelen enn før, har dette ikkje gått utover posisjonen til fagkomitéane, skriv ho.

Reymert ser i forskinga si få eller ingen teikn til at endra leiarskapsmodellar («managerialism») utgjer nokon trussel mot makta til fagekspertane i tilsetjingsprosessar.

At dei sakkunnige komiteane er mindre einerådige, og at jobbintervju og prøveforelesingar er blitt viktigare, meiner Reymert dessutan er ei positiv utvikling.

— På universitetet skal ein ikkje berre forske. Ein skal vere del av eit fagmiljø, søke eksterne prosjektmidlar, undervise. Dei tilsette skal følgje opp fleire funksjonar enn det som var vanleg før. Då er det naturleg at det også blir gjort breiare vurderingar for å kunne få folk som kan utføre dei ulike oppgåvene. Det er uheldig dersom intervjukomiteen blir redusert til sandpåstrøingsorgan.

— Svært ulike haldningar

Terskelen er altså framleis høg for å endre på fagkomiteane sine rangeringar av kandidatar. Det er likevel svært ulike tradisjonar på ulike fagfelt. Reymert undersøkte fire ulike fag ved Universitetet i Oslo i perioden frå 2000 til 2017.

Oppteljinga hennar viste at rangeringar til forskarjobbar innan informatikk-faget blei endra i så mykje som 28 prosent av tilfella

I andre enden var faga sosiologi og samfunnsøkonomi. Der vart rangeringane endra i berre 9 prosent av tilfella, og då handla det om å endre på rangering av kandidatar som i utgangspunktet var like gode.

Fysikk låg midt imellom med 18 prosent.

— Eg oppdaga svært ulike haldningar og kulturar då eg intervjua naturvitarar og samfunnsvitarar. Nokre naturvitarar seier dei endrar opp mot halvparten av rangeringane frå fagkomiteane. I samfunnsvitskapen er det ein annan tradisjon — der blir det i svært stor grad lagt vekt på den sakkunnige komiteen, seier Reymert.

Professor ved Nord universitet, Hilde Gunn Slottemo, peikte i Khrono nyleg på lite gjennomsiktige og uryddige prosessar som eit kjent og utbreidd problem i akademia. Frå Høgskolen i Molde har professor Lise Halse trekt fram inhabilitet og for tette relasjonar mellom medlemmer i tilsetjingskomitear.

Samla utgjer utfordringane ein trussel mot både tilliten til rekrutteringa ved universitetet og høgskular og arbeidsmiljøet blant dei fagleg tilsette, ifølgje professorane.

Ingvild Reymert meiner, mellom anna på grunnlag av forskinga si, at det er å svartmale situasjonen.

Ingvild Reymert meiner det er positivt at det blir lagt meir vekt på intervju i samband med vitskapelege tilsetjingar.

HR held i øyra

— Eg er instituttleiar sjølv i det daglege, og har gjennomført mange tilsetjingsprosessar. Dersom det er snakk å endre ei rangering, er det heilt klart at det skal gjerast i tråd med utlysingsteksten. Dette er også inntrykket frå intervju og innsyn i dokument frå intervjukomiteane eg såg på i arbeidet med doktorgraden, seier Reymert.

Nettopp dette var del av kritikken i den omtalte saka til Mark Young: Han hevdar senterleiaren brukte moment i si vurdering som ikkje var å finne i jobbutlysingsteksten. Også professoren i Molde, Lise Halse peikte på misforhold mellom utlysing og vurderingane av jobbsøkarane som eit problem. 

— Mi erfaring er at HR er veldig dyktige til å halde alle i øyra og sørge for at prosessane går ryddig for seg. Det er ganske strengt regulert, alt saman, seier Reymert.

Ho ser likevel ikkje bort frå at det kan skje og skjer feil og overtramp.

— Det vil alltid vere skjønn involvert, og dermed faren for feil og dårlege vurderingar. Vi kjem ikkje bort ifrå at det er mykje usikkerheit knytt til tilsetjingar. Men prosessane i akademia er ryddigare enn på dei fleste andre område.

Powered by Labrador CMS