universitetet i søraust-noreg

Ber om 60 studieplassar til ny campus på Gol

Universitetet i Søraust-Noreg vil satsa på utdanning for  grunnskulelærarar, IT, innovasjon og entreprenørskap på Gol.

Ordførarane Pål Rørby frå Hemsedal, Petter Rukke frå Hol, Merete Gandrud frå Flå og Solveig Vestenfor frå Ål saman med USN-rektor Petter Aasen under Arendalsuka i 2022. Dei seks kommunane i Hallingdal har til saman vel 20 000 innbyggjarar, og ønskjer seg gjerne ein universitetscampus i dalen.

— Det skal ikkje vera eit studiesenter der universitetet er leverandør gjennom eit mellomliggande ledd. Det skal vera ein campus der USN er permanent og der det vert lagt til rette for lokalt samarbeid og som styrkjer tilgangen til relevant kompetanse og kunnskap i eit regionalt samfunnsutviklingsperspektiv.

Det seier Petter Aasen, rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). 

Som Khrono har skrive før, ønskjer USN å opna sin niande campus — på Gol. Initiativet kjem frå regionrådet i Hallingdal, og i fjor underteikna partane ein intensjonsavtale. I vår var forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på besøk, og han bad om ei konkretisering av kva universitetet ser føre seg. No har USN sendt ei liste til departementet.

Universitetet ber om seksti studieplassar frå 2024. Tjue av desse skal gå til femårig grunnskulelærarutdanning, tjue til eit årsstudium i IT og informasjonssystem, og like mange til eit årsstudium i innovasjon og entreprenørskap. Begge dei to siste skal kunne byggast ut til bachelorgrader.

Må reisa ut for å studera

Frå før har USN ei desentralisert sjukepleiarutdanning med base i Ål. Dem har fått svært mange søkjarar. Men for å få plass der, må ein vera heimehøyrande i regionen.

— Dei studieplassane har vore øyremerka for å sikra lokal kompetanse. Når det gjeld dei andre studieplassane, skal dei vera regionalt forankra, men me skal ikkje vera berre eit regionalt universitet. Universitetsetableringa skal vera internasjonalt anerkjent og konkurransedyktig ved å retta merksemda mot kunnskaps- og kompetansebasert samfunnsutvikling i fjellregionar, seier Aasen.

I omtalen av konseptet vert det vist til at Hallingdal, med seks kommunar og vel 20.000 innbyggjarar, har færre innbyggjarar med høgare utdanning enn landssnittet:

«Unge tvinges ut for å ta utdanning. Det blir flere eldre, og færre til å ta jobbene for å opprettholde helse og velferdstjenester. I tillegg blir det vanskeligere for lønnsomme næringer og bedrifter å rekruttere ansatte. En campus i Hallingdal vil både gi nødvendige nye utdanningstilbud og skape arbeidsplasser og øke regionens attraktivitet, ikke minst for den yngre del av befolkningen».

Også naboregionen Valdres er interesserte i ein campus i Hallingdal, heiter det i studien.

Petter Aasen leier eit universitet som allereie har åtte campus. No kan Universitetet i Søraust-Noreg få sin niande, men då trengst det friske pengar.

Fysisk til stades er viktig

Rektor Aasen seier at USN kjem til å vera geografisk til stades i Hallingdal, men at det førebels ikkje er bestemt kva fagmiljø som kjem til å vera der. Intensjonen er å legga til rette for både fleksible nett- og samlingsbaserte gradsprogram, etter- og vidareutdanning og forskningsbasert innovasjon og verdiskaping igjennom lokale samarbeidsprosjekt. Felles er at universitetet er ansvarleg for kvaliteten.

— Som fleircampusuniversitet har USN erfart at permanent geografisk nærvære er avgjerande for å styrka grunnlaget for levande og berekraftige lokalsamfunn. Kunnskaps- og kompetanseutvikling må ta utgangspunkt i lokale føresetnader, behov, utfordringar og mogelegheiter, seier Aasen.

Må ha finansiering

Men for at det skal verta noko som helst av planane, må det finansiering på plass. Aasen har, saman med fleire andre rektorar, vore tydeleg på at det trengst ei anna finansieringsordning for fleircampusinstitusjonar. Då Utsynsmeldinga vart lagt fram i vår, peika regjeringa på ordinære budsjettprosessar, altså statsbudsjettet, for å gjera noko med rammevilkåra for dei universiteta og høgskulane som har campus fleire stader.

— Styret spelte inn ei satsing i Hallingdal som prioritert tiltak utanfor ramma til statsbudsjettet for 2024 i november i fjor, seier Aasen.

— Kva gjer de dersom regjeringa seier at «de må gjerne satsa i Hallingdal, men de får ikkje nye studieplassar»?

— Det er ein føresetnad at det kjem både friske studieplassar og ei betre finansiering av fleircampusinstitusjonar. 

Aasen seier at USN registrerer at regjeringsrepresentantane i utdannings- og forskingskomiteen i innstillinga til Utsynsmeldinga skriv at for å halde oppe ein desentralisert struktur av studiestadar, er det nødvendig å ta vare på fleircampusinstusjonane for å hindra ytterlegare sentralisering og sikra eit tilgjengeleg utdanningstilbod. 

— Representantane skriv at dei difor ser fram til den vidare oppfølginga av dette. Det gjer også USN og hallingdalsamfunnet, seier Aasen.

27 millionar

Det er regionrådet som har sagt at campus bør ligga på Gol. Gol kommune vil kunne stilla med mellombelse undervisningslokale. Men det er behov for ei eingongsinvestering på ti millionar kroner for å oppretta campus, heiter det i brevet til departementet. Totalt treng USN vel 27 millionar kroner for åra 2024—26.

Om konseptet heiter det at vertskommunane vil legga til rette for at studentane får tilgang til bibliotek og lesesalsplassar. Vidare heiter det at målet på sikt er å etablera ein universitetshub, eit knutepunkt for universitetsverksemd i Hallingdal som skal fremja rural utvikling ved å senka terskelen for å kunne studera, forska og formidla på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar.

Powered by Labrador CMS