jul i utlandet
Ber utanlandsstudentar planlegge for ei alternativ jul
Ansa er i full sving med planlegging av aktivitetar for studentar som vel å avlyse den norske jula.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Lang karantenetid både her heime og i studielandet, eksamenar tett opp mot eller like etter jul, samt risiko for kansellerte reiser.
Dette er blant punkta Ansa meiner dei kring 13 000 norske studentane i utlandet bør vurdere når dei i desse dagar skal planlegge årets julefeiring.
Ansa har på bakgrunn av faglege innspel frå Kunnskapsdepartementet og Folkehelseinstituttet utarbeidd eigne reiseråd, der dei oppmodar studentane til å ha planane klare for å feire jul langt heimanfrå.
— Fleire studentar og foreldre har allereie vore i kontakt med oss med spørsmål om kva dei no skal gjere i samband med denne andre smittebølga like før jul. Med den store pågangen som kom i vår, så ønskjer vi no å vere meir proaktive og kome med tydelege råd som går på dette med planlegging, seier Ansa-president Morgan Alangeh til Khrono.
Fleire studentar står i vanskeleg skvis
Difor har organisasjonen for norske studentar i utlandet samla fleire spørsmål som studentane kan stille seg, for å hjelpe dei å ta ei avgjerd om dei skal reise heim eller bli verande.
Det dreier seg mellom anna om dei har lang nok ferie til å rekke karantene både i Noreg og i studielandet. Om eksamenane deira er digitale eller krev fysisk oppmøte. Eller om smittesituasjonen tilseier at det er mogleg å legge ut på reise både før og etter jul.
Ansa-president Alangeh fortel at blant anna medisin-studentar, spesielt dei som studerer i Ungarn, står i ein spesiell skvis.
— Det er fleire norske studentar der som veit at det kjem fysiske eksamenar allereie i januar. Studentane på Semmelweis-universitetet i Budapest har for eksempel fått e-post der dei blir oppmoda om å bli verande i Ungarn over jula, slik at dei ikkje går glipp av eksamenane i januar, seier Alangeh.
Etter fleire uformelle spørjerunder blant norske studentar i utlandet, så er det fleire som melder til Ansa at dei planlegg å bli verande i studielandet.
— For mange er dette absolutt ein eventualitet. Også ein del studentar i Danmark fortel at dei planlegg å bli igjen, spesielt etter å ha høyrt at dei kanskje må vere i karantene på eit hotell dersom dei kjem heim til Noreg, seier Alangeh.
Planlegg digitale julebord og quiz-kveldar
No er Ansa i full gang med å planlegge ulike aktivitetar for studentane som blir verande i utlandet i jula.
— Det er ting som til dømes digitale julebord, quiz-kveldar, online spelkveldar og mykje er allereie planlagt. I tillegg håper vi det kan leggjast opp til felles online julekalenderar og kanskje også digital julefeiring. Dette blir det no jobba med på lokalt plan blant våre tillitsvalte, fortel Alangeh.
Ansa-presidenten seier at også deira gratis psykologtjeneste er førebudd på større pågang i tida framover.
— Det som er viktig for oss er å sørge for at alle skal ha nokre lyspunkt i kvardagen som dei kan glede seg til. Det er viktig at folk ikkje fell utanfor og er aleine. Difor er det fokus på ulike lavterskeltilbod, seier Alangeh.
— Den nest beste løysinga
Maria Sjøblom Bjørndalen, som studerer internasjonal finans og økonomi i Tokyo i Japan, er blant dei som allereie har bestemt seg for å avlyse heimreisa.
— Det blir «Flåklypa». Eg trur eg har den på DVD ein eller annan stad, seier den norske studenten til NRK.
Sjølv om det ikkje er det same som å vere fysisk saman og kjenne lukta av maten, er Bjørndalen glad for moglegheitene dagens teknologi gir.
– Det som er fint med dagens teknologi er at du kan snakke og sjå familien, sjølv om du er på andre sida av jorda. Det er den nest beste løysinga, seier Bjørndalen til NRK.
Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager