universell utforming
Blind forskar: — Nasjonalbiblioteket saboterer jobben min
Over natta fekk ikkje lenger blinde tilgang til Nasjonalbiblioteket sin faglitteratur. — I praksis ei oppseiing frå staten, seier førsteamanuensis.
— Eg er blind. Det betyr at eg ikkje ser.
Ho seier det så enkelt, Sølvi Marie Risøy, for at sjåande skal forstå at ein dataskjerm ikkje har noko som helst nytte for henne. Det betyr at funksjonar som å kunne lesa eller søka er heilt ubrukelege dersom ho ikkje har ein god skjermlesar.
Nyleg vann Risøy, som er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, fram i Diskrimineringsnemda: «Allvit AS har diskriminert Sølvi Marie Risøy på grunn av manglende universell utforming av IKT», heiter det i eit ferskt vedtak.
Allvit er eigd av dei akademiske forlaga, og her kan ein både kjøpa og abonnera på digital pensumlitteratur.
— Eg klaga første gong for tre år sidan. No kan eg i alle fall kjøpa ei bok. Men eg kan berre bla ei og ei side, ikkje bla etter overskrifter, søka i teksten eller laga bokmerke. Menyane er ikkje tilgjengelege, seier Risøy, som meiner Allvit må betala dagbøter.
Men det aller verste for forskaren er at Nasjonalbiblioteket over natta gjorde faglitteratur utilgjengeleg.
— Eg må vita kva som finst, og eg må vita kva som trengst. De som ser, kan søka etter faglitteratur, og få den med ein gong. Det er ikkje lenger mogleg for meg. Dette er i praksis ei oppseiing frå staten. Nasjonalbibilioteket saboterer jobben min, seier Risøy.
Gjorde bøkene usynlege
Bibliotek for tilrettelagd litteratur, Tibi, ligg no under Nasjonalbiblioteket. Biblioteket fungerer både som eit folkebibliotek for menneske med ei funksjonsnedsetting som gjer at det er vanskeleg for dei å lesa trykt tekst, og som eit studiebibliotek for studentar som ikkje får kjøpt pensumlitteratur i ei form som gjer at dei kan gjera seg nytte av det.
I januar vart det gjort endringar: Bøker som allereie finst i eit universelt utforma format, som e-bok, vart fjerna frå Tibi. Bøkene som framleis er tilgjengelege, vart låste inne i to appar. Det betyr i praksis at dei bøkene som no finst i universelt format, vert gjort usynlege — ein finn dei altså ikkje dersom ein søkjer. Denne løysinga gjer at ulovleg deling og nedlasting vert vanskelegare.
— Tibi skal dekka pensum for studentar som har sterk synsnedsetting. Desse er det berre nokre titals av. Men dei siste åra har me fått mange lånarar med andre leseutfordringar, som personar med ADHD og dysleksi. For dei er det òg ein fordel med til dømes e-bok, seier Øyvind Engh, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket.
I fjor haust kom dei akademiske forlaga til Nasjonalbiblioteket. Dei hadde ifølgje Engh to hovudbodskapar: Forlaga lagar no universelt utforma pensumlitteratur, var den første. Den andre var ei uro for økonomien. Som Khrono har skrive, har bokbransjen ropt eit varsku om at salet av pensumlitteratur — særleg norsk pensumlitteratur — går ned.
Engh seier at det aldri har vore meininga at studentar som ikkje har kunna lesa trykt litteratur, skal få pensum gratis.
— Og når forlaga no gjer pensum tilgjengeleg for fleire, forsvann grunngivinga for at staten skal laga ei tilrettelagt eksemplar.
Tok vekevis å få bok
Nokre studentar vil ha det som heiter produksjonsrett. Det betyr at ein kan få tilrettelagt litteratur, til dømes i form av lydbok. Frå nyttår har også tilsette som nyttar faglitteratur for å halda seg oppdatert i jobben sin, hatt denne retten.
Sølvi Marie Risøy er ein av dei. Ho er tilsett ved Institutt for velferd og deltaking, og underviser mellom anna vernepleiestudentar. Denne hausten har ho mellom anna undervising i kurset Vernepleiefaglig arbeid mellom individ og system.
— I vår fekk eg spørsmål om eg kunne nytta Dag Ingvar Jacobsen og Jan Thorsvik si bok om organisasjonsteori. Så gøy, tenkte eg. 12. juni bad eg om boka, slik at eg kunne førebu meg før eg gjekk ut i ferie. Det gjorde eg 1. juli. Eg måtte bruka ei ferieveke på å lesa boka — for den fekk eg i juli ein gong. Andre får dette på sekundet, seier førsteamanuensen.
Ho fortel at for at ho skal kunne finna ut kva som finst av faglitteratur, må ho først ringa til Nasjonalbiblioteket for å prøva å forklara kva ho leitar etter. Så lastar dei opp ei mengd bøker dei tenkjer kan vera aktuelle, og så må ho gå gjennom desse og håpa på at søket var godt.
Før kunne ho søkja og låna sjølv.
— Så alt har vorte veldig mykje meir tungvint, seier Risøy.
Har klaga
Det finst rett nok ein måte ho kan unngå problemet på: Å velja vekk norsk litteratur. Det ønskjer ho ikkje — av fleire grunnar.
— Eg kan ikkje velja berre engelskspråkleg pensum for studentar som skal ut i eit norsk arbeidsliv. Og når eg no skriv ein artikkel om tolkerolla er det viktig at den vert tilgjengeleg for fagmiljøa, seier Risøy.
Vedtaket frå Allvit har ho klaga på. No har ho og klaga Nasjonalbiblioteket og Tibi inn for Diskrimineringsnemnda.
I klagen skriv ho at «vi får ikke tilgang til faglitteratur som trengs til undervisning, forskning og publisering. Vi får ikke tilgang til 400.000 bøker, Forskningsrapporter og artikler som er publisert for andre som resultat av bokhylla-avtalen. Dette gjør at ikke vi kan utføre vårt arbeid slik som vi ville kunne gjøre det om vi ble likebehandlet med seende».
Ho håpar Nasjonalbiblioteket ikkje treng ei avgjersle i nemnda for å snu.
— Dette er Staten som ikkje følgjer Staten sine retningslinjer. Eg meiner at det er kjempeviktig at studentane møter ein døvblind førelesar. Då kan ikkje tekniske hindringar gjera at eg ikkje får gjort jobben min.
— Ikkje tidsriktig
Risøy si utfordring med Nasjonalbiblioteket er todelt. All norsk litteratur som er gitt ut før 2005 er nemleg tilgjengeleg der gjennom Bokhylla-avtalen — dersom ein ser.
— De som ser kan søkja og leita etter det de treng. Eg kan ikkje det, seier Risøy.
Ho kan då gå til Tibi og så få ei bok i eit format ho kan gjera seg nytte av.
— Eg bad om ei bok 9. september. Det tok to veker å få henne — og eg skriv på ein vitskapeleg artikkel.
Engh hos Nasjonalbiblioteket er kjend med utfordringane Risøy møter på.
— Me må gi henne rett i noko av det ho peikar på, seier han.
Det eine er at sidan bøker ikkje lenger er søkbare, må ho kontakta ein bibliotektilsett og spørja om boka er tilgjengeleg hos Tibi.
— Det må ein kunne seia at ikkje er ei tidsriktig løysing, og det er noko me har på blokka å fiksa, seier han.
Når det gjeld bøkene som er tilgjengelege via Bokhylla-avtalen, handlar dette om opphavsrett. Det ein får sett, er bilete av boksidene.
— Dette gjer på den eine sida at språkmodellar som ChatGPT ikkje får skrapa dette innhaldet, noko som er ein god ting. Men det skaper utfordringar for både Risøy og andre brukarar. Her er me i ferd med å laga ei løysing, seier Engh.
Planen er at registeret over dei som har produksjonsrett hos Tibi skal kunne kommunisera med Bokhylla-systemet, slik at desse brukarane får tilgang til teksten i eigna format.
På plass i oktober
Magnus Rudolfsen, dagleg leiar i Allvit, spelar ballen over til Sølvi Marie Risøy.
— Me vil gjerne ha betre dialog med blinde brukarar, og fleire blinde som testar løysingane våre. Som sjåande prøver me å bruka verktøy tilpassa blinde. Då er det mogleg at alt ikkje fungerer like optimalt i praksis.
Rudolfsen seier at mykje har endra seg sidan Risøy sende inn klagen for tre år sidan. Den gong var ikkje Allvit eit eige selskap.
— Frå det vart det sommaren 2022 har me bygd om plattforma vår og har fått tilbakemelding på at me har middels til høg måloppnåing i forhold til krava, seier han.
Det er forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske løysingar som regulerer krav til universell utforming på nettsider og i appar. Der heiter det mellom anna at formålet med forskrifta er å «fremme likeverdig samfunnsdeltakelse, bygge ned og hindre nye digitale barrierer og hindre diskriminering, uten at det medfører en uforholdsmessig stor byrde for virksomheten».
— Innhaldet i klagen mot oss stemte då me vart klaga inn. Men det stemmer ikkje lenger, og difor har me ikkje fått bot, seier Rudolfsen.
— Men framleis er det nokre funksjonar, som bokmerking, som ikkje er på plass?
— Me utviklar løysingane våre heile tida. Ekstrafunksjonar som til dømes bokmerking er noko som skal vera på plass i løpet av oktober, seier Rudolfsen.
