Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Tilsett
Kate Kartveit tek over etter Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka blir oppdatert)
Styret ved Høgskulen i Volda har nettopp vedteke å gi Kate Kartveit tilbod om dekanstilling ved Avdeling for Mediefag frå 1. august 2020. Det får Khrono opplyst.
Kate Kartveit er 60 år og kjem frå ei stilling som ass.professor ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole. Ho har lang erfaring som forskar og undervisar både i Noreg og utlandet, skriv høgskulen i ei pressemelding.
— Gratulerer! Er du glad?
— Ja, absolutt, eg gleder meg veldig. Det er ein kjempefin jobb og ei spennande utfordring. Etter mi meining er medieutdanninga i Volda ein av dei viktigaste i Noreg. Det er utruleg spennande å starte her, seier Kartveit til Khrono.
— Vi ser du har mykje erfaring. Er det noko som er særleg relevant for denne jobben?
— Eg har både lang undervisningserfaring, lang forskingserfaring og lang erfaring frå mediebransjen. Og så har eg leiarerfaring på forskjellige nivå. Eg trur det er ein god mix, seier Kartveit.
Kartveit var ein av tre som stod på den offentlege søkarlista. Totalt var det seks personar som søkte jobben.
Kartveit vil i august ta over stafettpinnen frå konstituert dekan Jan Ytrehorn, som vil tre inn i rolla frå den 1. juni.
For Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har hatt ulike konstituerte dekanar heile det siste studieåret. Etter ein arbeidsmiljøkonflikt, vart dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn mellombels omplassert i august i fjor.
Åremålet hennar går ut i august i år, men Rotevatn har sagt opp stillinga si og fått ny jobb som direktør for Musea på Sunnmøre.
Rotevatn søkte igjen på stillinga som dekan i vinter, men vart ikkje tilsett. Den som fekk tilbod om stillinga den gong var Tor Bang, som er førsteamanuensis ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved BI. Han var den einaste som var innstilt, men takka nei til stillinga av personlege årsaker.
— Det har vore ein del bråk på denne avdelinga. Korleis ser du på det?
— Først må eg få innsyn i arbeidsmiljøundersøkinga som har blitt gjort, lese den grundig, og finne ut kor det onde ligg. Då er det mogleg å ta fatt i. Eg kjenner jo ikkje så godt til situasjonen. Eg trur at folk flest vil ha eit godt arbeidsmiljø. Det er viktig å få folk til å jobbe saman mot eit felles mål, svarer den nye dekanen, som flyttar til Volda i midten eller slutten av august.
Kartveit har ein ph.d. frå Ålborg Universitet i 2016 og disputerte på avhandlinga «Multimediejournalistik og narrative flow». Ho har mellom anna publisert i Journalism og i Journal of Applied Journalism & Media Studies og gitt ut læreboka TV-journalistikkens ABC.
— Korleis ser du på journalistutdanninga i Noreg samanlikna med Danmark?
— Danmark og Volda er nok ganske likt. Det er praktisk retta profesjonsutdanningar. Det er kanskje litt forskjell når det gjeld kultur, så eg er førebudd på å få både eit lite kultursjokk og natursjokk, seier Kartveit og flirar.
Ho seier at ho ser fram til å bu tett på naturen, og kunne bruke den på ein annan måte enn det som har vore mogleg i Danmark, kor ho har budd i snart 20 år.
— Det er og nokre skilnader mellom Noreg og Danmark i arbeidslivet. Noreg har eit tryggare system for arbeidstakarar. I Danmark er innstillinga at det skal vere lett å tilsette og lett å seie opp. Det synst eg pregar arbeidslivet der, og det er ikkje berre bra, seier Kartveit.
Før ho gjekk inn i akademia hadde Kartveit 20 års erfaring frå NRK, og har mellom anna eit SKUP-diplom med ein produksjon for Brennpunkt. Ho har leiarerfaring frå NRK, frå undervisnings- og forskingsprosjekt, og frå organisasjon- og fagforeiningsarbeid.
Leiinga ved høgskulen skriv i pressemeldinga at dei er sikre på at Kartveit med sin kompetanse har mykje å tilføre høgskulen, og skriv at dei ser fram til eit godt samarbeid framover.
Nylige artikler
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte