USA
Columbia kapitulerer. Gir etter for Trumps krav
Gjennomfører tiltak og endrar reglar etter at Trump fjerna finansiering verd 4,3 milliardar kroner.
Columbia University i New York presenterte fredag eit memorandum som gjer det klart at leiinga vil gjennomføre fleire endringar av reglar og rutinar ved institusjonen.
Blant anna skal det tilsetjast 36 nye sikkerheitsvakter med fullmakt til å gjennomføre arrestasjonar på campus, melder mellom andre Inside Higher Education.
Endringane kjem rett i etterkant av president Donald Trumps trussel om å fjerne all finansiell støtte til universitetet — dersom det ikkje ville godta å gjennomføre ei rekke pålegg.
Då hadde Trump allereie tatt bort forskingsmidlar til universitetet verd om 400 millionar dollar, om lag 4,3 milliardar norske kroner.
Campus-politi
— Halvparten av dette er ting du berre ikkje kan gjere, og den andre halvparten er galskap, uttalte ein professor ved Columbia, Joseph Hawley, til AP då lista over krav først vart presentert.
Ei veke etterpå er endringane tilsynelatande undervegs.
I tillegg til tiltak som skal kontrollere studentar og gjere det vanskelegare å demonstrere på campus, skal det gjennomførast djuptgripande endringar ved instituttet som underviser i Midtausten- Afrika- og Asia-kunnskap.
Bakgrunnen for krava er ifølgje Trump-regjeringa at Columbia-universitetet skal ha akseptert antisemittisme. Det var ved Columbia dei etter kvart verdsomspennande demonstrasjonane mot Israels krigføring i Palestina starta i april i 2024.
Granskar antisemittisme
Det er ikkje kjent om endringane som er annonsert frå Columbia vil føre til at universitetet får den inndregne finansieringa tilbake. I løpet av helga uttalte utdanningsminister Linda McMahon at universitetet var på «rett spor».
Tiltaka mot Columbia er del av ei massiv omstrukturering av den amerikanske forskings- og utdanningssektoren i regi av Trumps regime. Førre veke signerte Donald Trump ein presidentordre om å legge ned USAs utdanningsdepartement.
Så langt er 60 universitet under gransking for antisemittisme. Blant andre kjende universitet på den lista er som Harvard, Yale og Stanford.
Førre
fekk University of Pennsylvania beskjed om at Trump ville halde tilbake 175
millionar dollar, tilsvarande i underkant av 2 milliardar norske kroner. Grunnen skal vere at universitetet legg til
rette for at transkjønna får delta i universitetsidretten, ifølgje New York
Times.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager