Vitskap og rasisme

«Den vitskapelege rasismen har ingen far, og den har ingen mor»

Carl von Linné gjorde det, Noregs første kvinnelege professor gjorde det: legitimerte samtidas rasistiske idear. Men det gjer ingen av dei til skurkar, meiner historikar.

Det er viktig å snakke om rasisme når vi snakkar om Carl von Linné, meiner historikar Jon Røyne Kyllingstad. Men den omstridde benken til ære for den berømte vitskapsmannen i Botanisk hage i Oslo meiner han bør få stå i fred.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Når vi varmer opp til feiringen av 250-årsjubileet for Linnés død om åtte år, bør rasismesporet forlates raskest mulig», konkluderer ein kronikk i Klassekampen, titulert «Linné, en oppklaring» — signert av ikkje mindre enn fire professorar.

Fakta

Striden om Carl von Linné

  • Bydelsutvalet i Gamle Oslo har etter forslag frå Rødt og SV gjort vedtak om at Universitetet i Oslo må «fjerne dedikasjonen» til den Carl von Linné, mellom anna fordi «den kan stimulere til hatprat og hatkriminalitet».
  • Naturforskaren Carl von Linne (1707-1778) er mest kjent som opphavsmann til systematikk i biologien, som går ut på å plassere artar i grupper og nivå i eit hierarkisk system. Han laga også ei system, eller «varieteter» over menneskeslekta der han trekte inn utsjånad og åtferd.
  • Universitetet i Oslo har avvist krav sett fram av politikarar mellom anna i Dagsnytt 18 på NRK om at benken bør fjernast. Rektor Svein Stølen har likevel opna for å vurdere å endre teksten til benken.
  • Bydelspolitikarane i Gamle Oslo ønskjer at universitetet skal drive ei meir intensiv avkolonisering.
  • Omgrepet avkolonisering er omstridd i akademia. SAIH (Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond) har vore blant pådrivarane og definerer det slik: «(…) å identifisere hvordan bredere koloniale prosesser har skapt undertrykkende og skjeve maktstrukturer, systemer og dynamikker som påvirker hva som anerkjennes som kunnskap, hva som undervises og av kven».

— Heilt ueinig, seier historikar og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og Kulturhistorisk museum, Jon Røyne Kyllingstad.

Han har i fleire år arbeidd med idear om rase, biologiske fag og fysisk antropologi i vitskapshistoria.

— Å forstå at rasisme er ein del av vitskapshistoria, det vitskapelege verdsbiletet vårt frå opplysningstida og fram til i dag er vesentleg for å forstå kva rasisme i samfunnet er og har vore. At sjølve omgrepet rasisme først kom på 1900-talet, og ikkje eksisterte på Linnés tid, er irrelevant, seier Kyllingstad.

— Linné bidrar til rasetenking

Reaksjonane frå akademisk hald har vore stort sett negative etter at bydelspolitikarar i Oslo vedtok eit krav om om fjerne eller endre teksten til ein benk sett opp til minne om Carl von Linné i Botanisk hage.

Forslagsstillar Hasti Hamidi (SV) har mellom anna argumentert med at benken representerer ein rasist og hans «bidrag til å legitimere kolonialisme og slavehandel».

Kronikkforfattarane i Klassekampen omtalar i staden Linné som «multikulturalitetens tenker». Heller ikkje professor Torgeir Skorgen ved Universitetet i Bergen, som for meir enn ti år sidan omtalte Linné som den klassiske rasismens far, og som i Khrono erklærer seg som lidenskapeleg antirasist, har sans for benkeforslaget frå bydelspolitikarane.

Ifølge Kyllingstad er det ikkje urimeleg å beskrive Linnés hierarkiske system av mennesketypar som ein form for vitskapeleg rasisme som bidrar til å legge grunnlaget for utviklinga av vitskapeleg rasetenking og raseforsking.

— Dette er ein del av historia det er viktig å forstå, seier Kyllingstad, som sjølv særleg har studert vitskapshistoria i norsk samanheng, og den som ligg nærare vår tid enn Linnés 1700-tal.

Det er her Noregs første kvinnelege professor, Kristine Bonnevie, kjem inn i bildet.

Kvinnepionéren og rasehygienen

Ho er mest kjent som Noregs første kvinnelege professor. På Blindern i Oslo, der ho gjekk inn i stillinga i 1912, er eit ruvande bygg kalla opp etter henne. Det er også ein veg nedst i Groruddalen, og i Bergen har Havforskingsinstituttet gitt hennar namn til eit av forskingskipa sine.

Bonnevie var ikkje berre kvinne, ho var i forskingsfronten i si tid, og var ein føregangsfigur innan humangenetikk i Noreg, med eugenikk og rasehygiene som tilhøyrande greiner.

Ideen bak eugenikken var å regulere reproduksjonen i samfunnet for å la verdfulle arvemessige eigenskapar vinne fram, og tilsvarande, hindre reproduksjon av dei som vart vurdert som svake. Som kjent vart dette ein sentral brikke i Nazi-Tysklands plan om å dyrke fram ein arisk rase, der utrydding av jødar og andre lågare rasar vart systematiserte.

I oppgjeret etter krigen førte dette til ei endeleg diskreditering av eugenikken og den eksplisitt rasistiske vitskapen.

Kristine Bonnevie, ein rasist? Ikkje eit fruktbart spørsmål, meiner historikar Jon Kyllingstad

Men på den tida Bonnevie leia Institutt for arvelighetsforskning, frå 1920, var arvehygiene ein normal del av den etablerte vitskapen, påpeikar Kyllingstad — litt som rangering av mennesketypar var gjengs i Linnés opplysningstid.

— Mange av ideane vi i dag tenker på som rasisme vart sett på som vitskapelege sanningar eller teoriar. Det var mainstream, seier Kyllingstad.

Men var Bonnevie rasist?

— Det er eit lite fruktbart spørsmål. Derimot er det fruktbart å spørje om korleis rasistiske idear kunne bli ein del av mainstram vitskap, og korleis desse er blitt reproduserte med dei verknader det har hatt på samfunnet. Då blir det viktig å sjå på korleis sentrale vitskapsfolk, som for eksempel Bonnevie, forheldt seg til slike idear. Ikkje for å stemple folk som heltar eller skurkar, men for å forstå dei vitskapelege og samfunnsmessige prosessane som har bidratt til å skape og reprodusere rasisme, seier Kyllingstad og legg til:

— Den vitskapelege rasismen har ingen far, og den har ingen mor.

Ingenting tyder på at Bonnevie aktivt støtta opp om rasistiske idear eller handlingar. Men ho var heller ingen kritikar av det vitskaplege truverdet i desse ideane, trass i at ho var oppteken av å trekke eit skilje mellom ekte og falsk vitskap i tida kring første verdskrigen, påpeikar Kyllingstad.

— Ho var med å gi samtidas raseidear legitimitet, seier historikaren.

Det var då han arbeidde med førebuingane til ei utstilling om Bonnevie ved Universitetet i Oslo i 2018 at han festa seg ved ei lite omtalt side ved pionéren: fingeravtrykkforskinga.

Frå 1920-talet dreidde mykje av forskinga hennar seg om fingeravtrykk og samanhengen med arvelege eigenskapar, og statistiske samanhengar mellom desse eigenskapane fordelt mellom anna etter rase.

«Blonde, blaaøiede, langskallede»

Studia av fingeravtrykk skriv seg frå Francis Galton, Charles Darwins fetter, og grunnleggaren av eugenikken.

Bonnevie arbeidde innan forskingstradisjonen Galton hadde etablert, som blant anna handla om rase, og idear om samanhengen mellom intelligens og avtrykksmønster. I denne samanhengen samarbeidde ho mellom anna med psykiatar i Oslo-skulen, Johan Lofthus, ein pådrivar for tvangssterilisering av «åndssvake».

— Bonnevie snakkar eigentleg lite om rasehygiene. Samstundes framhevar ho eugenikken for å grunngi samfunnsrelevansen til arvelegheitsforskinga, seier Kyllingstad.

Den som leitar etter svaret på om Bonnevie bør kallast rasist eller ikkje, støyter med andre ord på eit tvetydig bilde.

Medan ho uttrykte seg meir kritisk på 1930-talet, då eugenikken fekk ei meir omstridd stilling med nazismens frammarsj, samarbeidde ho med tyske rasehygienikarar som stod i nazismens teneste.

Medan ho kritiserte han som er blitt ståande som den mest ekstreme rasehygienikaren frå tida kring første verdskrigen, John Alfred Mjøen, anbefalte ho boka til psykiatriprofessoren Ragnar Vogt, som stod for mykje av det same som Mjøen.

Vogt meinte raseblanding var farleg og såg positivt på at «lågareståande» rasar døydde ut, og såg det som ei viktig oppgåve for rasehygienen å fremje den «blonde, blaaøiede, langskallede nordeuropæiske race».

— Bonnevie var del av eit miljø som ikkje tok avstand frå idear om ein nordisk eliterase, i alle fall ikkje før godt utpå 1920-talet, ifølge Kyllingstad.

Mjøen, den ekstreme rasehygienikaren, er nettopp eksempelet Kjell Lars Berge og medforfattarane til kronikken, peikar på som eksempel på ein som «ikke lar seg renvaske», og som dei «gjerne deltar i reisingen av en nidstang mot».

— Destruktiv aktivisme

I kronikken framhevar dei at også den politiske venstresida har svin på skogen, dømet er studiehefta til den sosialistiske organisasjonen Mot Dag i 1925. «Viktig og helt grunnleggende lærestoff for sosialistiske arbeidere var blant annet forskjellen mellom langskaller og kortskaller og beskrivelsen av «det nordiske folkepreg» sammenholdt med «Fremmede folkebestanddele i Europa»», skriv professorane.

Men ulikt Mjøen, og kanskje studieleiarane i Mot Dag på 1920-talet, fortener altså Linné ikkje noko nidstong, ifølge dei.

Kjell Lars Berge meiner rasisme er eit blindspor i diskusjonen om Carl von Linné

— Ein del aktivistar ser ut til å prøve å importere amerikanske debattar, som for så vidt er relevante i sin samanheng, der. Men dette er farleg, og kan skape polariserte forestillingar mellom grupper i Noreg som vi ikkje ønskjer. Aktivisme kan vere bra, men dette er ein destruktiv aktivisme. Det er vår forbanna plikt som professorar på universitetet å seie ifrå når vi ser ting som ikkje stemmer med kunnskapen vi har, seier Kjell Lars Berge til Khrono.

Kyllingstads syn på den i og for seg same kunnskapen fører til litt andre konklusjonar.

— Eg oppfattar at dei i kronikken meiner det er eit blindspor å fokusere på rasisme i Linné-jubileet om åtte år. Eg meiner tvert om at det er viktig å snakke om dette. I staden for å berre snakke om at historiske personar i vitskapen berre er produkt av si tid, bør vi hugse at dei også var sentrale skaparar av si tid.

Men på eitt punkt er Kyllingstad hundre prosent einig med Kjell Lars Berge og medskribentane, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Merethe Roos og Johan L. Tønnesson: Carl von Linnés benk i botanisk hage bør stå. Bonnevies båt, hus og veg bør ikkje skifte namn uansett korleis ettertida vel å sjå på henne.

— Å stemple vitskapsfolk frå fortida som skurkar eller heltar i notida gir lite meining. Det viktige er å vite, lære og forstå, seier Kyllingstad.

Powered by Labrador CMS