bygg

Desse 11 institusjonane får pengar til å oppgradere bygg

I regjeringa sin krisepakke tre, vart det sett av 100 millionar til oppgradering og tilpassing av bygg. Her er oversikta over universiteta og høgskulane som får støtte.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det store, kvite Bjørn Christiansens hus treng oppgradering. Her held store deler av Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen til.

I statsbudsjettet for 2020 løyvde Stortinget 161 millionar kroner til oppgradering av forskings- og læringslokale. Som del av regjeringa sin krisepakke nummer tre som var klar i slutten av mai, vart det lagt ytterlegare 100 millionar kroner til.

No er det klart kva slags universitet og høgskular som får støtte til å oppgradere og tilpasse sine bygg for nye undervisningsformer.

— Hundre millionar ekstra gjer at vi no raskt kan setje i gang enda fleire gode prosjekt som vil kome studentane til gode, samstundes som vi bidreg til å halde hjula i byggenæringa i gang, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Største sum til Universitetet i Bergen

Blant institusjonane som no får prosjektstøtte, er det Universitetet i Bergen som får den største potten.

Dei får 27 millionar kroner til å bygge om Christies gate 12 til bruk for Psykologisk fakultet.

Nest mest får OsloMet, med 15 millionar til å oppgradere og tilpasse læringsareala til helseutdanninga i Pilestredet i Oslo.

Vidare er det Høgskulen i Molde som får den tredje største summen. Høgskulen får 8,5 millionar til å oppgradere areal som blir drivne av studentane sjølve.

Desse får støtte i runde to i 2020

Institusjon Prosjekt SUM
HVLCampus Bergen - lab. for anleggsteknikk og trekonstruksjoner900
Høgskolen i MoldeOppgradering av studentdrevne arealer8 500
NTNUFornye hovedbygg 1. etasje - Ålesund6 000
OsloMetPilestredet 32 – Tilpasning av undervisningsrom og studentarbeidsplasser15 000
UiAFakultet kunstfag – studentarbeidsplasser for elektronisk musikk500
UiAStudentkulturhus – tilpasning til undervisning500
UiANaturmuseet – oppgradering av undervisningsrom500
UiAMobile grupperom – ny bruk av gangarealer500
UiSKjølv Egelands hus – tilpasning til studentformål1 000
UiBPsykologisk fakultet – ombygging og oppgradering av Christies gt. 1227 000
SUM60 400

(Summar i tal tusen kroner)

Dei 100 millionane er fordelte slik: 60,4 millionar kroner går til 10 institusjonar som ikkje har fått pengar i tidlegare runder, medan dei resterande 39,6 millionane går til fem prosjekt som allereie har fått delvis støtte.

Tildelinga fungerer slik at institusjonane sjølve må bidra med minst like mykje midlar til dei aktuelle prosjekta.

Fordeling til prosjekt som vart tildelt midlar i førre runde (mai 2020)

Institusjon Prosjekt Tildelt allerede Tildelt runde 2 SUM
NIHTilrettelegging av bibliotek og lesesal10 0004 50014 500
NMBUAuditorium Max20 00010 00030 000
NTNUCampus NTNU, samling Gløshaugen15 00012 35027 350
UiTUniversitetsbiblioteket i Tromsø15 00010 00025 000
Høgskulen i InnlandetOmbygging av undervisningsarealer, Hamar, Lillehammer og Rena5 0002 7507 750
SUM39 600

(Summar i tal tusen kroner)

Med denne tildelinga er det totalt løyvd 752 millionar kroner til oppgraderingsprosjekt sidan 2015, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Powered by Labrador CMS