khrono helg

Mathias Oppedal skulle berre laga eit lite prosjekt om ein dragartist som fekk barn. Det enda med at filmskaparen vart med nesten inn på fødestova.

Mio, Ines og Magnus. Saman er dei foreldre til Saga og Storm. Filmskapar Mathias Oppedal fortel at avtalen med foreldra var at dersom det var scener med barna dei var usamde i at vart brukt, skulle dei fjernast frå den ferdige filmen.

Det byrja som eit studentprosjekt. No har filmen gått for fulle hus på kino

— Det vert ein slags trekant. Ines står åleine mot dei to.

Mathias Oppedal fortel om masterprosjektet sitt ved Universitetet i Stavanger. Journalisten er tilbake i full jobb i NRK Rogaland, men i vår leverte han eksamensoppgåva si: Filmen «Skeiv mamma». Dei siste vekene har filmen fylt kinosalane både i Stavanger og på Bryne, og mellom anna ungdomsskulelærarar har teke kontakt og sagt at dei gjerne vil visa filmen til elevane sine.

Det var på ingen måte dette som var tanken då Oppedal for nokre år sidan første gong møtte Skjöldur Eyfjord.

Jobba med medstudent

Oppedal har teke master i dokumentarproduksjon, og fokus har vore på historieforteljing. Det første studieåret skulle studentane jobba saman i par og samarbeida om eit portrett.

— Eg kjenner ei som kjenner Mio, og ho fortalde om han; dragartisten som hadde vorte far. Det kunne vera ei spanande historie, tenkte eg, seier Oppedal.

Saman med medstudent Eli Nessa møtte han då Mio, som islandske Skjlöldur Eyfjord kallar seg.

Det vart starten på at Oppedal følgde ein ikkje heilt A4-familie det neste halvanna året: Mor Ines Gapsch, far Skjöldur «Mio» Eyfjord og far Magnus Johann Cornette. 

Ein singel og eit ektepar

Mathias Oppedal fekk klarsignal til å følgja ein familie gjennom heile masterstudiet. No er han tilbake i full jobb i NRK Rogaland.

Ines Gapsch er tysk, men har budd i Noreg i snart 15 år. På ein bar i Stavanger møtte ho islandske Mio Eyfjord. Han er dragartist. Ines er lesbisk, Mio homofil, og dei vart gode venner. Men så er det denne klokka då, som tikkar dersom ein ønskjer seg barn. Ines har hatt eit ønske om det — og kanskje kunne ho få barn med Mio? Men Mio, han er gift med Magnus. Og Magnus treng litt tid før han er klar for prosjektet.

Men det vert barn, faktisk i fleirtal.

— Magnus og eg leverte varene, og så fiksa Ines sjølv, seier Mio i filmen.

Det viser seg at det er to barn i magen, ei jente og ein gut, og det viser seg òg at ekteparet er biologisk far til kvart sitt barn.

Etter ei stund er det ein annan ting som viser seg: Det var ikkje så enkelt å danna ein familie på dette viset.

Sende opptak av nyfødde barn

Dokumentarist Oppedal kjem svært tett på familien. Han har òg fått tilsendt private opptak, mellom anna av då Ines gav dei to fedrane kvar sin gåvepose med ein positiv graviditetstest oppi.

— Korleis har du fått koma så tett på?

— I dette studiet har eg gjort noko anna enn eg gjer til vanleg. Eg har jobba mange år som journalist i Rogaland, men no fekk eg det eg ofte ønskjer meg: Tid. Eg har stolt meir og meir på prosjektet undervegs, og eg har skapt — og fått — tillit, seier Oppedal.

Han fortel at private opptak som vart tekne like etter fødselen fekk han tilsendt berre eit par dagar før innleveringsfristen sin.

For då Oppedal kom inn i biletet, var barna allereie fødde. Etter det første prosjektet med Mio fann han ut at det var meir materiale her.

— På studiet jobba me med historieforteljing. Og fordi eg kunne visa at det var meir å henta etter filmen med Mio, fekk eg klarsignal frå UiS til å halda fram. Først med ein lenger dokumentar, og så med ein film frå mora sitt perspektiv.

Sjølve masterprosjektet gjorde Oppedal åleine, då var det ikkje lov å samarbeida med ein medstudent.

Då Ines Gapsch var 36 år og singel, kjende ho på at den biologiske klokka tikka. Då ho var 38 vart ho mamma til Saga (biletet) og Storm. Tvillingane bur nokre dagar i veka hos henne og nokre dagar hos dei to fedrane sine.

Ikkje svigersøner, men kva?

Tvillingane Storm og Saga var om lag eit halvt år gamle då Mathias Oppedal møtte dei og dei tre foreldra deira. Dette var i ein periode som var vanskeleg for dei vaksne.

— Eg kjenner meg overflødig. Eg klarte ikkje å føda barna — det vart keisarsnitt. Eg klarte ikkje å amma barna, fordi eg mista mjølka, seier Ines ærleg i filmen, og seier at ho synest det er sårt at det er dei to mennene som etter fødselen sat med kvar sin tvilling på brystet. Dette ville ho gjort — ho som er mamma.

Planen om å kjøpa ein tomannsbustad der ho hadde ein del og ekteparet ein, viste seg å ikkje gå, reint økonomisk. Ein periode budde alle fem saman på knappe 40 kvadratmeter. Det fungerte dårleg.

— Mor vågar å vera så ærleg, seier Oppedal.

— Og i ettertid har eg snakka med fleire kvinner som fortel om slike kjensler. Eg synest òg det er fint at dei er opne om at det ikkje er berre-berre å skapa ein familie på utradisjonelt vis.

I filmen er òg foreldra til Ines med. Mora, Birgit Gapsch, fortel ærleg at ho synest det er krevjande med den nye familiekonstellasjonen. 

— Magnus og Mio gjer ein super jobb. Dei er pappaene til våre barnebarn, men dei er ikkje våre svigersøner. Det er vanskeleg, seier ho i filmen.

Alt handla om fisk og traktor, seier Mio om oppveksten på Island. Han jobbar som dragartist i Stavanger, men etter at tvillingane vart fødde fekk han jobb på Rogaland teater, med meir familievennleg arbeidstid. Men det var som artist han for første gong møtte Ines, på ein bar i Stavanger.

Ville ha historia ut

Like før Oppedal skulle ha munnleg forsvar av eksamensproduksjonen sin, i juni i år, var det fleire tilfelle der regnbogeflagg vart sett fyr på.

— Då tenkte eg at å få ut denne historia til flest mogleg er ganske viktig. Men at det faktisk vart ein kinofilm, var ein bonus.

Han tok kontakt med arrangørane av Pride i Stavanger, som gjerne ville visa filmen. Det same vart gjort då Pride vart arrangert på Bryne. No er målet at filmen òg kan verta vist på filmfestivalar.

Og korleis det går med familien på fem? Tvillingane fyller tre i desember, og gjennom filmen, som ved hjelp av private klipp er fortalt i presens, viser håpet seg.

— Blod eller ikkje blod. Det spelar inga rolle, seier Mio når storfamilien er samla rundt bordet.

Powered by Labrador CMS