likestilling

Dette paret vart professorar på same dag

Kvinnelege professorar får stort sett slik stilling ved opprykk ved eigen institusjon. Menn kjem utanfrå. Men for eitt professorpar var det litt annleis.

Bildet viser ekteparet Dahl og Høydal i ei trapp inne hos Høgskulen i Volda
Ekteparet Silje Louise Dahl og Kjetil Laurits Høydal vart professorar same dag. Dei er begge tilsette ved Høgskulen i Volda.

— Eg har nok ikkje hatt eit tydeleg strategisk mål, men no trudde eg at eg fylte krava, seier Kjetil Høydal.

47-åringen er fersk professor, og går slik rett inn i statistikken: Det er fleire mannlege enn kvinnelege professorar i Noreg.

Det spesielle for Høydal, som er professor ved Høgskulen i Volda, er at same dag som han fekk beskjed om at han hadde fått opprykk, fekk ektefellen hans det også. 

— Eg har heile tida tenkt at dersom eg får bruka forskingstida mi til forsking, så vert eg professor ein dag, seier Silje Louise Dahl (43).

På sett og vis kan ho òg gå inn i statistikken: Det er fleire kvinner enn før som vert professorar. I mars presenterte Statistisk sentralbyrå (SSB) for første gong mellombelse tal for den årlege statistikken «forskerpersonale» i universitets- og høgskulesektoren. Tala viser at i 2022 var 36 prosent at professorane ved universitet og høgskular kvinner, mot 34 prosent året før. Ser ein på førsteamanuensar er over halvparten — 51 prosent — kvinner.

75 prosent frå eigen institusjon

Også dersom ein ser på korleis mannlege og kvinnelege professorar vert rekrutterte, finn ein skilnader: I overkant av 75 prosent av nye, kvinnelege professorar kjem frå stilling som førsteamanuensis ved eigen institusjon. For menn er talet 60.

Dette er tal frå Forskingsrådet sin indikatorrapport i 2020, men framleis ser ein det same.

Tal Khrono har fått frå Statistiske sentralbyrå for åra 2020 og 2021, viser at av 922 nye professorar i Noreg, var 406 kvinner. 306 av desse fekk professorstilling ved opprykk. Av dei 516 mennene som vart professorar, fekk 314 det gjennom opprykk ved eigen institusjon.

«En betydelig høyere andel nye mannlige professorer er rekruttert fra utlandet, enn tilsvarende for kvinnelige professorer. Dette samsvarer med funnene i kartleggingen av rekruttering og mobilitet i akademia, som ble gjennomført i 2018-19. Flere menn enn kvinner søker seg fra utlandet til norske professorstillinger, og mange av disse mennene når opp i konkurransen om utlyste stillinger», heiter det i indikatorrapporten.

To semester med berre forsking

Ved Høgskulen i Volda har seks kvinner og ti menn fått opprykk frå 2020 og fram til i dag.

Portrett av Eirik Søvik
Høgskulen i Volda har mange kvinneleg tilsette, men når dei får eksterne søkjarar til stillingar, er desse stort sett menn, seier prorektor Eirik Søvik.

— Me lyser ut ein del professorstillingar, og i ein del av dei får me ikkje tilsett nokon med professorkompetanse, seier prorektor Eirik Søvik.

Han seier at høgskulen jobbar langsiktig og strategisk med å rekruttera frå eigne rekkjer.

— Korleis gjer de det?

— Me har ganske rause tildelingar av forskingstid, me har professorstipend med driftsmidlar som gjer at ein ein periode kan konsentrera seg om forsking, og me har òg fora der dei som vurderer å søkja opprykk kan samlast og hausta røynsler.

Professor Silje Louise Dahl har mellom anna hatt eit forskings- og utviklingsstipend som har gitt henne hundre prosent forskingstid i to semester.

— Eg har prøvd å notera ned det eg har gjort som kan vera kvalifiserande, og har i tillegg vore gira på å koma inn i forskingsprosjekt, seier Dahl, som disputerte i 2015 og er tilsett ved Institutt for sosialfag ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

No søkte ho på ei professorstilling i samfunnsvitskap, saman med eksterne søkjarar. Den sakkunnige komiteen vurderte henne som professorkompetent, og denne vurderinga var då grunnlaget for å søka tilsetjingsutvalet for faglege stillingar om å få opprykk til professor.

Det kom ein e-post

— Eg disputerte i 2008, og søkte om personleg opprykk i mars i år. Eg har jobba så mykje eg har fått til med forsking dei siste femten åra, men det har òg vorte mykje arbeid med mellom anna råd, utval og instituttleiing, seier professor Kjetil Høydal.

Han er tilsett ved Institutt for idrett og friluftsliv ved Avdeling for kulturfag, eit institutt og ei avdeling som verken har master- eller doktorgrad. Høgskulen i Volda har per no berre eitt doktorgradsprogram, saman med Høgskolen i Molde.

Silje Louise Dahl er tilsett ved den avdelinga ved høgskulen som har ansvaret for dette doktorgradsprogrammet; Profesjonsutøving - vilkår og utvikling.

— Det har gjort at eg har hatt moglegheit til å få fleire oppgåver knytt til doktorgradsnivået, og dekanen har vore oppteken av å bruka meg til slike oppgåver, seier ho.

Ektemannen har rettleia for Avdeling for samfunnsfag og historie for å få nok rettleiingsrøynsle.

Høydal håpar no på meir forskingstid. I tillegg ønskjer begge dei ferske professorane å få med andre i prosjekt.

— Det vert nok ikkje noka stor endring i arbeidsoppgåvene. Men det vil ikkje gjera noko om ting tek litt lenger tid, no spelar det mindre rolle akkurat når ein artikkel vert publisert. I tillegg kan me jobba meir med å få andre inn i prosjekt.

— Korleis får ein beskjed om at ein vert professor? I ein vanleg e-post?

— Ja, faktisk, humrar Dahl.

— Eg hadde fått beskjed om at kommisjonen hadde vurdert meg som professorkompetent, og så gjekk det halvanna veke før eg fekk ein e-post frå rektor der han gratulerte med at tilsetjingsutvalet hadde godkjent opprykket.

Ho seier det hadde vore verre om ektemannen ikkje fekk opprykk.

— Ein risikerer meir ved ein personleg søknad. Eg hadde syntest det hadde vore mykje verre om Kjetil ikkje fekk opprykk no enn om eg ikkje fekk det.

Har interne stipendordningar

Khrono har bede om tal frå høgskulane i Noreg. Desse tala viser det same som for Høgskulen i Volda: Mange av dei som får professoropprykk, får det gjennom interne opprykk.

Prorektor Søvik i Volda seier at sidan høgskulen berre har eitt doktorgradsprogram oppmodar høgskuleleiinga difor fagmiljøa om å tenka på kven som rettleiar. Dette for at tilsette som er i eit opprykksløp skal få mest mogleg røynsle med rettleiing.

— Me har ein del tilsette som tek doktorgrad ved annan institusjon, og prøver mellom anna å legga til rette for at dei kan ha birettleiar hos oss, seier Søvik.

Prorektoren seier at høgskulen òg har eit ekstra blikk på kvinnene, og har fått pengar frå Forskingsrådet i Kvinneløft-kategorien.

— Me har mange profesjonsutdanningar der ein stor del av dei vitskapleg tilsette er kvinner. Samstundes er det nok slik at dei fleste av dei eksterne søkjarane til stillingar hos oss er menn. Dette handlar om mobilitet, anten har dei berre seg sjølv å tenkja på, eller så tek dei med seg familien dit det er jobb, seier Søvik.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), som er den største høgskulen Khrono har fått tal frå, er det langt fleire kvinner enn menn som har fått internt opprykk, og fleire av åra er det òg fleire kvinner enn menn totalt sett som har vorte professorar.

— Då dei tre høgskulane fusjonerte i 2017, var det med ei målsetjing om verta skikkeleg gode, seier prorektor for forsking ved HVL, Geir Kåre Resaland.

Han seier at høgskulen kontinuerleg jobbar med både forbetringsarbeid og kompetanseheving, både som ein konsekvens av eigne faglege ambisjonar og fordi kompetansekrava i samfunnet aukar.

Høgskulen har fleire tiltak for å få fleire eigne tilsette heilt på toppnivå. Resaland nemner interne stipendordningar, knytt til både professor og dosentløp, auka forskingstid, kompetansehevingsstipend og utviklingsprogram for tilsette som ønskjer å søkja opprykk.

Skilnad mellom fagområde

Kaja Wendt er seniorrådgivar i SSB og har òg ei bistilling i Nifu. Ho seier at dei endelege tala om kjønnsskilnader kjem i slutten av oktober.

Portrett av Kaja Wendt.
At ein kan søkja opprykk ved eigen institusjon ser ut til å ha gitt fleire kvinnelege professorar, seier Kaja Wendt frå SSB.

— Er det eit problem at menn og kvinner vert rekruttert på ulik måte?

— Nei, det er det eigentleg ikkje. Når me ser på tala, ser me at det er fleire menn enn kvinner som vert rekrutterte utanfrå sektoren, stort sett frå utlandet. Men det er berre vel hundre professorar av totalt over 900 som vert rekrutterte på denne måten, seier Wendt.

Ordninga med professoropprykk etter kompetanse kom i 1993. I 2006 kom Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. Her er det skildra kva som skal til for å kunne søkja om opprykk til professor eller dosent.

— Litt av intensjonen med denne forskrifta var å få betre kjønnsbalanse. Og det ser ut til at det har verka, seier Wendt, men legg til at det framleis er store skilnader mellom faga. Seinast i vår skreiv Khrono at innan naturvitskapelege fag går det sakte; i 2013 var delen kvinnelege professorar 17 prosent. I 2021 hadde det kome opp til 21.

— Talet på kvinnelege professorar er svært delt. Innan medisin- og helsefag er kvinnene no i fleirtal, seier Wendt.

Powered by Labrador CMS