Min doktorgrad

Hedda Tvedten Ness var van med ei stor forskargruppe. Den forsvann under pandemien, men ho kom i mål og har no fått ei postdok-stilling. Her under disputasen, frå venstre Gregoria Kalpouzos, Siri leknes, Kristin Martinsen, Emrah Düzel og doktoranden.

— Einsamt å vera stipendiat under pandemien

Kva minne hugsar ein? Det har Hedda Tvedten Ness forska på. Under pandemien sakna ho kvardagstreffa, der ein kan dela uviktige minne ved kaffimaskina.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Hedda Tvedten Ness (33)

  • Har levert avhandlinga «Durable memory: Using task fMRI and an overnight sleep manipulation to explore age and individual differences in episodic long-term memory function»
  • Disputerte ved Institutt for psykologi ved Universitetet i Oslo 26.april

— Eg søkte ei stilling knytt til eit større ERC-prosjekt. Eg har mastergrad i kognitiv nevrovitskap og har jobba som vitskapeleg assistent i den same forskargruppa som eg vart stipendiat i.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har forska på korleis hjernen bearbeider hendingar som vert til varige episodiske minne. Dette er hugs for enkelthendingar som til dømes «då eg var i Oslo i fjor sommar». Desse minna vert levande og detaljerte. Eg har nytta Firi, funksjonell MR-undersøking, for å måla kva som skjer i hjernen når ein lærer og hentar fram igjen informasjon som vert til varige episodiske minne.

— Kva finn du?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Hjernen viser spesifikk aktivitet når det er snakk om varige minne. Ved nokre høve er denne aktiviteten redusert hos eldre, noko som kan forklara kvifor dei kan hugsa dårlegare. Me har forska på vaksne, friske menneske, ei gruppe yngre og ei gruppe eldre, og såg mellom anna òg på om svevn etter læring av noko å seia for om ein hugsar betre. Det har det ikkje. Ein hugsar betre dagen etterpå, men dette ser ikkje ut til å vara over tid.

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsarbeidet?

— Datainnsamlinga var ein intens periode, med jobbing dag og natt, og der eg sjølv hadde ansvar for det meste i starten. Eg fekk god hjelp etter kvart, og eg synest òg dette var ein spanande periode. Pandemien sette ein stoppar for innsamlinga, eg fekk samla inn mindre enn eg hadde tenkt. Men eg hadde likevel mange gode data. Det var tidvis einsamt å vera stipendiat under pandemien, eg har vore bortskjemd med ei stor forskargruppe, opne dører og mange eg kunne slå av ein kaffiprat med.

Eg har kjent meg priviligert, eg har hatt gode rettleiarar og støttande kollegaer.

Hedda Tvedten Ness

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg fekk litt ekstra tid på grunn av pandemien, og i tillegg har eg hatt ein foreldrepermisjon i løpet av stipendiatperioden.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, eg har ikkje angra, men eg har ved nokre høve lurt på om eg kom til å koma i mål. Samstundes har eg heile vegen kjent meg privilegert, eg har hatt gode rettleiarar og støttande kollegaer.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg held fram med mykje av det same, eg har fått ei postdok-stilling same stad. Så eg gler meg til å halda fram med forskinga.

Powered by Labrador CMS