teatervitenskap

Einstemmig vedtak: Teater­vitskap må kutta ei stilling

Det vert ein reduksjon for teatervitskap. Men både fakultet og institutt skal på bana for å sikra eit framleis godt studietilbod.

Professor i teatervitskap, Keld Hyldig, måtte sitja på eit bord. Andre i publikum sat på golvet eller på gangen. Linnea Reitan Jensen (nærast kamera) føreslo at teatervitskap skal få erstatta begge stillingane.
Publisert Oppdatert

Både studentar frå teatervitskap, andre studentar og teatervitskap-professor Keld Hyldig hadde benka seg på tilhøyrarplass då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Bergen skulle vedta den faglege bemanningsplanen. Det vart så fullt i rommet at nokre måtte sitja på gangen.

Vedtaket vart at teatervitskap må kutta ei stilling. Dette vart vedteke av eit einstemmig fakultetsstyre. Dette er i tråd med det forslaget som låg i sakspapira til dette fakultetsstyremøtet, og ei endring frå møtet i mars, der det var føreslege at teatervitskap skulle missa to av tre stillingar.

Professor Tove Ingebjørg Fjell støtta forslaget frå fakulteatsleiinga om kva fagmiljø som får tilsetja i ledige heimlar og ikkje, men hadde eit tilleggsforslag. Det var dette forslaget som var einstemmig vedteke.

Fjell sitt forslag var at teatervitskap får tilført vikarmidlar, slik at studentane får det studietilbodet dei har søkt på. Desse skal gjelda til 1.juli 2026. Det same får fransk og russisk.

For teatervitskap føreslo Fjell at instituttleiarar og fakultet skal gå inn med hjelp til endringar, slik at det kan verta eit studietilbod i teatervitskap, men kanskje noko meir tverrfagleg enn i dag.

— Eg trur det er mogleg å få til godt teatervitskapeleg tilbod - med god hjelp,sa ho.

Ville ha to

Linnea Reitan Jensen kom med forslag om å oppretthalda begge stillingane for teatervitskap.

— Forslaget som ligg på bordet høyrest ikkje så verst ut, sidan me var i fare for å missa to stillingar. Men det er i praksis framleis fare for nedlegging. Klassisk teatervitskap finst berre ein stad, og det finst her, i Bergen. Difor vert denne saka, som berre er ein bemanningsplan, så viktig, sa Jensen.

Ho føreslo at ein skal tilsetja i 12 stillingar, ikkje 11, og kutta 5,5. Dette grungav ho med at retrettstilling for eksternt tilsett instituttleiar, som vil verta aktuelt frå 2026, er nokre år til.

— Me vil ha både ein strategi og ein studieportefølje å støtta oss på når bemanningsplanen skal opp igjen.

Jensen sitt forslat fekk to røyster, og ho røysta deretter for Fjell sitt forslag.

Linnea Reitan Jensen har sjølv studert teatervitskap, og er no tilsett i ei administrativ stilling. Ho føreslo at teatervitskap skulle få ha alle dei tre faste, vitskapelege stillingane. Her i samtale med Keld Hyldig.

Hyldig: — Skjøna det

Teatervitskapsprofessor Keld Hyldig var skuffa etter vedtaket, men sa at det var som forventa.

— Eg skjøna det utifrå stemningen i styret. Men det er positive signal frå Tove Fjell, og no gjeld det at fakultet og institutt følgjer dette opp, seier Hyldig til Khrono like etter møtet.

Han seier at fagmiljøet i teatervitskap er positive til å tenkja meir tverrfagleg.

— Det viste me i arbeidet med HF2018. Men alle partar må ville samarbeida, seier Hyldig.

Han seier at det kanskje er for masterprogrammet det i første omgang kan vera aktuelt med meir tverrfaglegheit, og å erstatta disiplinfaglege masterprogram.

Skal sjå på på nytt

Retrettstillingar og dei pliktene det gir fakultetet vart løfta av fleire i styret.

— Retrettstillingar gjer at handlingsrommet vårt vert vesentleg mindre, sa Tove Ingebjørg Fjell, og viste til at det i saksframstillinga òg er nemnd ein retrettstilling etter eit Senter for framifrå forsking (SFF), som vil vera aktuell om ti år.

— Ein kan ikkje ha ein ordning der avgåtte instituttleiarar får velja stilling fritt. Eg håpar HF viser seg som ein ansvarleg arbeidsgivar og tilbyr ei vitskapeleg stilling dersom det er noko ledig der, og ei administrativ stilling dersom det er noko ledig der.

Hans Marius Hansteen støtta Fjell sitt forslag:

— Eg skjønar at ein reduksjon på 33 prosent er ganske ille. No seier me at me ikkje kan ikkje tilsetja i meir enn ei stilling i teatervitskap i dag, men sjå på dette på nytt ved neste rullering.

Fryktar utsynsmelding

— Det er ingen løyndom at dette har vore ein krevjande prosess for alle, for heile fakultetet, sa dekan Camilla Brautaset innleiingsvis.

— Samstundes har det vore stort engasjement, og engasjement er bra.

Eg vil åtvara mot å ta for stor risiko, sa fakultetsdirektør Kim Hommen.

Dekanen understreka at sjølv om usemje er positivt for eit humanistisk fakultet, er det viktig at ein har nokre mekanismar for å koma til semje.

— Det er er viktig at me held fast ved bemanningsplanen som mekaniske for semje, og viktig at den er føreseieleg. Det ligg eit stort ansvar på at me landar ein bemanningsplan og at me så kan løfta blikket og gå vidare med andre viktige prosessar, sa Brautaset.

Fakultetsdirektør Kim Hommen la fram eit bakteppe som er noko annleis enn det var då fakultetsstyret handsama saka i mars.

— Me har fått utsynsmeldinga. Me har ikkje fått tal endå, men humsam-faga har ikkje fått veldig stor plass der, og er ikkje skrytt opp i skyene som noko som skal satsast på, sa Hommen.

— Tendensen er at ein vil gå mot meir profesjonsutdanningar, kortare utdanningar og etter- og vidareutdanning — det er vanskeleg å sjå at dette vil treffa oss på ein positiv måte, heller andre vegen.

Som første sak hadde fakultetsstyret fått presentert søkjarartala frå Samordna opptak. Dei viser ein stor nedgang i søkjartala, og i ferste fall kan 30-40 prosent av studieplassane stå tomme til hausten, ifølge fakultetsleiinga.

Powered by Labrador CMS