humaniora

Plutseleg tok nokre svenskar kontakt og ville ha konto­nummeret hans

Det hender Helge Jordheim lurer på om nokon bryr seg om forskinga hans. Då er det ekstra kjekt å få ein gjev pris.

Den norske professoren måtte skaffa seg kjole og kvitt før den høgtidelege prisseremonien. I USA får ein kjøpt slik på nettet.
Publisert Oppdatert

Gad Rausing var ein svensk industrieigar — og arkeolog. Far hans grunnla firmaet Tetra Pak, dei som lagar kartongar for mjølk og jus og anna.

Men Rausing var òg ein ivrig humanist. I tillegg til å leia den store verksemda var han, ifølgje Wikipedia, ein mykje brukt førelesar ved Institutt for arkeologi ved Lund universitet, og han skreiv òg fleire bøker.

Fakta

Gad Rausings pris

  • Prisen vert gitt til viktige nordiske bidragsytarar til humanistisk- og samfunnsvitskapleg forsking.
  • Prispengane er henta frå Birgit och Gad Rausings siftelse for Hamanistisk Forskning, og vert delt ut av det svenske vitskapsakademiet for humaniora.
  • Prisen vart første gong delt ut i 2002.

I 2011 var Tetra Pak verdas største matemballasje-verksemd. Gad Rausing hadde difor pengar å gi vekk, og finansierte både forsking og utgraving av ein vikinglandsby utanfor Stockholm. I 1995 vart «Birgit och Gad Rausings stiftelse för Humanistisk Forskning» oppretta. Stiftinga finansierer, ifølgje eigne nettsider, avansert, svensk forsking innan humaniora, først og fremst innan arkeologi, historie, kunstvitskap, litteraturvitskap og språkvitskap, og kvar haust vert det delt ut stipend.

Betyr noko anna i USA

Kva har så Gad Rausing med den norske professoren Helge Jordheim å gjera?

Jo: Gad Rausing døydde i 2000. To år seinare oppretta barna hans «Gad Rausings Pris för framståande humanistisk forskargärning». Pengane kjem frå stiftinga, og det er det svenske Kungl. Vitterhetsakademien, der Gad Rausing sjølv var medlem, som avgjer kven som får prisen. I år var det norske Helge Jordheim. Han er den tredje norske mottakaren av den nordiske prisen.

— Eg vart veldig overraska. Det er fantastisk gøy, her har nokre menneske i ein komité syntest at eg skal ha denne prisen. Det hender jo at eg lurer på om nokon bryr seg om forskinga mi, så det er kjekt at svenskane — altså nokon utanfrå — gir meg ein slik pris, seier Jordheim.

Då Khrono snakka med han, var Jordheim i Stockholm. Men eigentleg er han i USA for tida, han har forskingsfri, med Fulbright-stipend. På den andre sida av Atlanteren har han merka at ein slik pris betyr noko anna enn i Norden.

— Når eg vert introdusert på arrangement i USA, vert alltid prisen — og pengane — nemnde. Der heng prestisje og pengar tydeleg saman på ein annan måte. Eg er ikkje van med å skryta av pengar, seier Jordheim.

Ei gresk øygruppe

Fakta

Desse har fått Gad Rausings pris

    2003: Einar Niemi, UiT Noregs arktiske universitet

    2004: Ulf Teemand, Lunds universitet

    2005: Jørgen Jensen, Købehavns universitet

    2006: Heikki Räisänen, Helsingfors universitet

    2007: Mogens Herman Hansen, Københavns universitet

    2008: Simo Knuuttila, Akademy of Finland

    2009: Eva Österberg, Lunds universitet

    2010: Vésteinn Ólason, Universitetet på Island

    2011: Åke Daun, Stockholms universitet/Nordiska museet

    2012: Kirsten Blinkenberg Hastrup, Københavns universitet

    2013: Jan Terje Faarlund, Universitetet i Oslo 2014: Minna Skafte Jensen, Københavns universitet

    2015: Sverre Bagge, Universitetet i Bergen

    2016: Erik A. Nielsen, Københavns universitet

    2017: Sten Ebbesen, Københavns universitet

    2018: Mogens Trolle Larsen, Københavns universitet

    2019: Lena Liepe, Linnéuniversitetet

    2020: Pirjo Markkola, Tammerfors universitet

    2021: Terttu Nevalainen, Helsingfors universitet

    2022: Marie-Louise Bech Nosch, Københavns universitet

    2023: Helge Jordheim, Universitetet i Oslo

Jordheim har ein lang CV. Frå 2014 leia han det tverrfaglege prosjektet KULTRANS, og seinare har han leia fleire prosjekt som er finansierte av Forskingsrådet, mellom anna eit prosjekt som har fått såkalla Toppforsk-midlar. Då han tok doktorgrad, i 2006, vart denne kåra til årets beste, og han fekk gullmedalje frå kongen.

Men sjølv om det er tysk, og særleg tysk litteratur, som eigentleg er Jordheim sitt forskingsfelt, har han jobba tverrfagleg i stort sett heile det akademiske livet sitt. I dag er han professor i kulturhistorie og museologi ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved Universitetet i Oslo (UiO).

— Ein kan samanlikna humaniora med ei gresk øygruppe, seier Jordheim.

— Det er mange øyer i eit stort hav. Tverrfaglegheit vert viktig for å få både nok intellektuell og nok institusjonell kraft.

Som student var han aldri uroa for om han kom til å få seg ein jobb. Han kom nok til å finna sin veg, tenkte unge Jordheim, og studerte det han hadde lyst til. Men når han no er vaksen professor, og underviser neste generasjon, ser han at mange av dei som er studentar i dag ikkje føler den same tryggleiken. Det finst det også gode grunnar til, meiner han.

Ein må gjera det mogleg å kjenna att kva som kan vera karrierevegar når ein studerer humaniora, seier professor Helge Jordheim.

— Eg vert skremd av å lesa utsynsmeldinga, og eg vert skremd når statsråden snakkar om at utdanning skal styrast berre etter samfunnet sine behov i augneblinken. Me har ein statsråd som ikkje kjenner til, og som heller ikkje verkar å ha interesse for, den delen av akademia som er oppteken av historie, språk, kommunikasjon, kunst og tenking. Humaniora sin største nytte går gjennom studentane våre. Det betyr at me må tilby utdanningar ein ønskjer å ta, som er attraktive, og som kvalifiserer dei for gode jobbar i framtida, seier Jordheim.

— Og då må ein tenkja tverrfagleg?

— Ja, seier Jordheim, og viser til sonen sin, som studerer eit program med filosofi, økonomi og politikk. Det gjer han ved eit universitet på kontinentet, men UiO tilbyr òg same type program.

— Me må gjera det mogleg å kjenna att kva som kan vera karrierevegar når ein studerer humaniora. Studentane i dag vert ikkje lukkelege over å få den valfridommen eg fekk — det appellerer ikkje til studentane i dag.

Men å jobba tverrfagleg har ikkje alltid vore så lett. Kanskje ikkje så rart, seier Jordheim, heilt sidan Humbolt har eit universitet vore styrt av dei ulike disiplinane og seinare dei ulike fakulteta.

— Tverrfaglegheit er eit institusjonelt arbeid, meiner professoren.

Uroa for at tysk forsvinn

Khrono har nyleg skrive at få studentar ønskjer å studera framandspråk, særkleg tysk og fransk. At langt færre enn før kan tysk, er noko som uroar Jordheim. Sjølv har han tre like sterke arbeidsspråk: Norsk, tysk og engelsk, og seier at han av og til tenkjer på tysk, men skriv på engelsk.

— Manglande tyskkompetanse er ein manglande tilgang til ein forskingstradisjon. At ein misser dette er noko som uroar meg, seier Jordheim, og legg til at å meistra tysk er ein inngangsport til både det kulturelle og det intellektuelle livet.

— Heile karrieren min er basert på at eg kan tysk. Det er min største ressurs.

— Små humaniorafag forsvinn, både i Noreg og Danmark. Kva tenkjer du om denne utviklinga?

— Det uroar meg. Det eine er studiesida. Dersom ein ikkje har studentar, kan det vera naudsynt å legga ned studiefaget. Men det får konsekvensar, også for forsking og tilgang på kunnskap. Dette gjeld kanskje særleg dei små språkfaga. Dersom UiO ikkje lenger skal ha hindi som fag, er det ein kompetanse innan språk, kultur og historie som forsvinn — ein kompetanse som har vore der sidan 1916.

Hindi er føreslege lagt ned ved UiO, men saka har førebels ikkje vore oppe i universitetsstyret.

Attende til dei greske øyane. Jordheim ser på humniorafaga som ein kunnskapsøkologi. Dersom ein tek ut ein node forsvinn bandet til andre fag, og eit samband vert vekke.

— Dersom framtida er meir uoversiktleg er det ikkje lett å føresjå kva kompetanse ein treng, om ein treng områdekompetanse eller ein gitt kompetanse. Då er det viktig at ein ikkje er for hard med kniven.

Meiner ein må snakka om kva ein kan verta

Khrono møtte Terje Lohndal i Trondheim i vinter, sa lingvistikkprofessoren, som også er prodekan ved Det humanistiske fakultetet ved NTNU, at ein ikkje må mista den gamle humanioratradisjonen. Også han sa at studentane no er meir opptekne av kva dei kan verta, det er færre som tek eit fag berre fordi dei er interesserte i det.

— Me må fornya disiplinfaga slik at dei vert oppfatta som relevante, og få inn tema som til dømes digitalisering og berekraft der det er naturleg, sa Lohndal, men altså gjera dette utan at faga misser sin eigenart.

Men korleis forklarar ein eigentleg kva ein kan verta ved å studera eit humanistisk fag? Jordheim peikar på nokre kommunikasjonsutfordringar:

— For dei som ikkje planlegg å verta lærarar, kan det vera vanskeleg å sjå kva slags yrke humaniorafaga peikar mot. Målet kan heller ikkje vera å laga fleire profesjonsstudium. Men kanskje kan me endra utdanningane våre litt, slik at det er lettare å sjå kva slags kompetanse og kvalifikasjonar ein kjem ut med, seier Jordheim.

Han peikar på å skriva og bruka språk, til å analysera historiske samanhengar, og å til gjenkjenna mønster og tema i kulturen.

— Det vert eit viktig arbeid framover, seier Jordheim, og fortel at han har jobba med å snakka fram tyskfaget sidan 1990-talet.

Å vera ein del av eit kollektiv

Gad Rausing hadde sjølv doktorgrad. Den tok han på slutten av 1960-talet, og han vart òg æresdoktor ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm. Han var òg medlem av det vitskapsakademiet som deler ut prisen med hans namn.

Om årets prisvinnar Helge Jordheim heiter det at «hans forskning kännetecknas av breda perspektiv, filologisk noggrannhet och teoretisk skärpa, og Jordheim si forsking på tid vert trekt fram».

— Eg har vore tilsett ved eit universitet og eit institutt som har teke godt vare på meg og som har lete meg tenka breitt og stort. I USA er humaniora svært individualistisk, medan eg har fått byggja og vera ein del av eit kollektiv i Noreg, seier Jordheim.

Det var den svenske prinsessa Christina som delte ut prisen til Helge Jordheim.

Pengane han har henta inn tidlegare har han brukt til kollektivet, mellom anna å tilsetja postdoktorarar og stipendiatar.

Men det er annleis no. Prisen er på 1,5 million svenske kroner, og det er pengar som går til Jordheim.

— Svenskane bad om mitt kontonummer, seier han og humrar litt.

— Eg har tenkt at eg får tenkja på kva eg skal bruka pengane til. Eg har aldri hatt så mykje pengar før, og det første eg har tenkt på, er at eg slepp å vera uroa over å gå konk no når eg er i USA med høg dollarkurs og stigande prisar!

Powered by Labrador CMS