Teatervitskap

Vil kutte ei stilling mindre på teatervitskap i Bergen

Likevel ein dødsdom, meiner professor Keld Hyldig.

Bemanningsplanen for Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen har ført til ein betent strid i fleire runder om teatervitskap, der ein fryktar nedlegging om planen blir vedtatt.

Det ligg an til ein ny runde strid om faget teatervitskap neste veke, etter at forslag til justert bemanningsplan ved det Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) er lagt fram.

I innstillinga frå leiinga blir det no lagt opp til at teatervitskap får behalde ei av stillingane som var planlagt kutta. I dei opphavlege planane skulle to av tre stillingar ikkje vidareførast ved faget.

Dette vil ikkje endre situasjonen for teatervitskap i vesentleg grad, ifølgje professor ved teatervitskap, Keld Hyldig.

— Dersom vi mistar ei stilling, vil det framleis vere kritisk for faget. Det er eit steg i retning nedlegging, seier han til Khrono.

Kutta er ledd i omstilling og nedskjeringar på fakultetet som følgje av reduserte inntekter, og ifølgje fakultetsleiinga «nødvendige for å bevare den faglige bredden (…)» i ein krevjande økonomisk situasjon.

Dekan Camilla Brautaset har ikkje hatt høve til kommentere saka onsdag kveld.

Frå 7, til 6,5

I det nye forslaget vil fakultetsleiinga redusere det totale talet på stillingar med 6,5 i staden for 7,5, som først skissert. Denne eine stillinga kjem teatervitskap til gode.

Samstundes vil fleire andre fag få færre vitskapelege til disposisjon, om forslaget blir vedtatt. Dei til saman 6,5 stillingane som ikkje blir erstatta blir fordelt på allmenn litteraturvitskap, fransk, kulturvitskap, russisk, kunsthistorie og arabisk.

Kristin Hellwig og Maria Markus Dahl er studenter i teatervitenskap, og stilte som tilhørere i fakultetsstyret sammen med professor Keld Hyldig.
Studentane Kristin Hellwig og Maria Markus Dahl stilte saman med professor Keld Hyldig som tilhøyrerar på fakultetsstyremøtet i mars.

Då kuttplanane først vart kjende i mars, førte det til at alarmen gjekk i teater-Noreg.

Facebook-gruppa «Bevar teatervitenskap», med nær 1200 medlemmer vart igjen tatt i bruk. Gruppa var sist aktiv då faget var trua av nedlegging 2017.

Denne gongen har aksjona samla meir enn 1000 underskrifter mot kuttplanane, mange av dei tilhøyrande kjende namn i det norske og skandinaviske teater- og scenekunstmiljøet.

Rektor greip inn

Ei av dei som reagerte var Agnete Haaland, tidlegare teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho karakteriserte planane som «total krise for teatermiljøet og scenekunsten i Norge».

Også Oslo-biskop Kari Veiteberg, uttalte seg sterkt kritisk, og sa mellom anna at ho ikkje ville ha blitt biskop utan åra ho studerte teatervitskap i Bergen. Ifølgje biskopen var den faglege bakgrunnen frå teatervitskap som la grunnlaget for den teologiske doktorgraden hennar.

På den andre sida argumenterte mellom andre professor og fagkoordinator for historiefaget, Yngve Flo, for at kutta var nødvendige. Han peikte mellom anna på at det ikkje berre var teatervitskap, men sju fagmiljø som vart ramma av nedskjeringar, og åtte som kunne bli ramma av ulike omdisponeringar.

UiB-rektor og tidlegare dekan på Det humanistiske fakultet, Margareth Hagen, greip til slutt inn, og oppmoda fakultetsleiinga til å tenke gjennom saka ein gong til.

— Lite og pressa

Dermed enda striden i første omgang med at fakultetsstyremøtet utsette å avgjere saka til neste møte 9. mai.

No ligg den reviderte versjon på bordet, der altså teatervitskap får redusert sine kutt.

Professor ved teatervitskap, Keld Hyldig, meiner likevel at innstillinga i praksis er ein dødsdom for faget.

— Må ikkje alle gi og ta når det er mindre pengar i potten, er det ikkje naturleg at også teatervitskap må inngå kompromiss?

— Eg kjøper ikkje den argumentasjonen. Vi er allereie eit lite og pressa fag med berre tre stillingar. Det stiller oss i ein heilt annan posisjon enn dei store faga. Vi skal for eksempel ha dei studieadministrative funksjonane som også store fag har, seier Hyldig.

Powered by Labrador CMS