Rekruttering
Eks-redaktør søkjer seg tilbake til UiB-toppen
Ein tidlegare kommunikasjonsdirektør ved UiB og ein noverande politisk rådgivar er blant søkjarane til stillinga som myndigheitskontakt ved Universitetet i Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Tor Asmund Godal vart tilsett som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2018. Han kom då frå TV2. To år seinare vart han lokka attende til journalistikken, og gjekk til stilling som nyheitsredaktør i Bergensavisen (BA). Han vart konstituert som sjefredaktør der hausten 2021. I mars i år slutta han.
– Eg har fått nokre spanande tilbod, utan at noko er i boks, men såpass at eg fann det riktig å overlata roret til nokon andre i BA, sa Godal til Bergens Tidende (BT) då han slutta.
Då hadde Guro Valland vorte tilsett som sjefredaktør i BA nokre veker tidlegare.
No søkjer Godal seg attende til UiB. Han er ein av 20 søkjarar, der ein har trekt seg, til stillinga som myndigheitskontakt.
— Ja, kan stadfesta at eg har søkt på denne stillinga - ei veldig interessant stilling, skriv Godal i ein sms til Khrono.
Frå Stortinget til Bergen?
På søkjarlista finn ein fleire med bakgrunn frå akademia. Ragnhild Mølster er postdoktor ved UiB og Ingrid Birce Müftüoglu er spesialrådgivar same stad.
Også tidlegare studentpolitikar Pål Adrian Ryen har UiB som arbeidsstad i dag, han er tilsett ved kommunikasjonsavdelinga.
I tillegg søkjer Mathias Fischer seg vestover. Han har vore kommentator både i Bergens Tidende og TV2 og er i dag spesialrådgivar for Venstre si stortingsgruppe.
— Universitetet i Bergen er ein utruleg viktig institusjon med spanande planar for framtida. Som studiestad, forskingsarena og samfunnsaktør har UiB ei avgjerande betydning for samfunnet og i folks liv. Det er sjølvsagt veldig apellerande med moglegheita til å bidra i det arbeidet, skriv Fischer i ein sms til Khrono.
Desse har søkt:
| Namn | Tittel |
| Reza Habibi | Ph.d.-stipendiat |
| Bjarte Håvik | Manager for Innovation and Collaboration, The Life Science Cluster |
| Janne Værnø | Karriererådgivar |
| Kristoffer Hammer | EU-rådgivar |
| Elling Utne | Seniorrådgivar – Vestland fylkeskommune |
| Nyonga R Amundsen | Dagleg leiar eige firma og proisjektleiar |
| Magnus Akselberg Iversen | Dagleg leiar og annonseansvarleg i Studvest |
| Ole Øvretveit | Prosjektdirektør |
| André Arnestad | Spesialkurator |
| Tor Asmund Godal | |
| Ingrid Birce Müftüoglu | Seniorrådgivar |
| Pål Fidjestøl | Fagsjef gåver og prosjektutvikling |
| Ragnhild Mølster | Postdoktor |
| Mathias Fischer | Spesialrådgivar Venstre si stortingsgruppe |
| Øystien Sørhaug | Seniorrådgivar/samfunnsplanleggar |
| Pål Adrian Clausen Ryen | Kommunikasjonsrådgivar |
| Merete Mikkelsen | Direktør Vest-Norges Brusselkontor |
| Espen Rotevatn | Rektor |
Ein mannleg søkjar har trekt seg. Kjelde: UiB
Toppløn
Stillinga er plassert høgt oppe i lønstrinnsystemet, med ei løn opp mot ein million kroner i året, og den som vert tilsett får tittelen «seniorrådgivar».
I utlysinga heitte det mellom anna at «vedkommende vil få et særlig ansvar for å utvikle universitetets myndighetskontakt i tett samarbeid med rektor, universitetsdirektør og Kommunikasjonsavdelinga. Eitt av hovudprosjekta vil i første fase vere arbeid med å synliggjere og utvikle kunnskapsbyen Bergen regionalt og nasjonalt saman med andre aktørar i byen».
Khrono rettar: I første versjon av saka stod det at Hilde Skjerve, prorektor ved Høgskolen Kristiania har søkt stillinga. Dette stemmer ikkje. Khrono beklagar.

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager