internasjonalisering

«En plikt til å forlate landet». Forskarparet Noreg ikkje ville ha

Han er frå Noreg, ho frå Sør-Afrika — saman planla dei ei framtid i «kunnskapsnasjonen». Det blei alt anna enn enkelt. 

Catherine Margot Barolsky (Kathy) og Audun Mollan Kristoffersen heime i Trondheim, juli 2023.

Alt dei bad om var eigentleg å få fullføre doktorgradsarbeida sine, halde fram med forskarkarrieren, og slå seg til ro med sitt første barn heime i Trondheim.

Fullt så enkelt skulle det ikkje bli.

For berre litt over tre månader sidan står Audun Mollan Kristoffersen i leilegheita i Trondheim, med utsikt til Munkholmen, og må bestemme seg: vente, bli i Trondheim, håpe. Eller setje seg på flyet frå Værnes og reise til Johannesburg for å kunne vere saman med Kathy, sambuaren — og vere med på fødselen til deira første barn.

10. april 2023 var datoen Utlendingsnemnda (UNE) hadde sett som deadline for Kathy, kortform for Catherine Barolsky, opphavleg frå Sør-Afrika.

Babyen og byråkratiet

10. april var datoen UNE sette for då ho skulle bli skriven ut av folketrygda og miste alle rettar på norsk jord. Retten til foreldrepermisjon. Retten til helsehjelp. Retten til å vere heime, saman med mann og barn.

Då fekk det ikkje hjelpe at ho var gravid, budde i Trondheim og hadde hatt norsk sambuar i fem år — og at ho var innstilt som nummer ein til å få fast jobb på NTNU, under eit år etter at ho fullførte doktorgraden same stad.

Utlendingsnemnda (UNE), «mener at det i denne saken verken foreligger «sterke menneskelige hensyn» eller «særlig tilknytning til Norge som kan gi klageren oppholdstillatelse», var konklusjonen.

Kathy var for lengst reist ut av landet, til Johannesburg, pliktskuldig, etter det første, ordinære avslaget på søknaden om opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Frå leiligheita si i Trondheim sentrum har Audun og Kathy utsikt til den historiske Munkholmen.

I Noreg begynte advokaten klagearbeidet på vegner av paret.

Frå fødebyen i Sør-Afrika sette Kathy i gang med neste forsøk, etter avslaget om arbeidssøkarvisum til Noreg. Kanskje var det håp om å få familiegjenforeining?

— Eg hadde, for å vere ærleg, ikkje tru på dette på dette tidspunktet. Ikkje etter dei tidlegare avslaga. Eg gjekk inn i «survival mode». Heile livet mitt er jo i Noreg, seier Kathy.

I Johannesburg voks babyen i Kathys mage. I Trondheim voks frustrasjonen, etter halvanna år med byråkratisk pingpong.

— Eg kjende meg mest av alt makteslaus på dette tidspunktet, seier Audun.

— Du blir liten i dette systemet.

Trondheim — Johannesburg

Dei møttest på konferanse, først ein, så vart det fleire møte, og gradvis krympa avstanden mellom Trondheim og Johannesburg.

Eg kjende meg mest av alt makteslaus

Audun M. Kristoffersen

Begge jobba med fag i skjeringspunktet mellom teater, kunst og pedagogikk. I 2018 vart Kathy tatt opp som doktorgradsstipendiat ved NTNU. Audun var på terskelen til å starte arbeidet med doktorgrad, etter utdanning som spesialpedagog.

Opphaldsløyvet var i orden.

Fire av ti doktorgradsstipendiatar i Noreg kjem trass alt frå utlandet. Noreg vil vere ein internasjonal kunnskapsnasjon. Tiltrekke seg dei beste. Sørge for «et hav av muligheter», som er tittelen på det viktigaste politiske dokumentet om akademisk samarbeid på tvers av landegrenser. 

Kathy fekk «muligheter», saman med Audun.

«Våren 2020 har tydelig vist oss hvor avhengige vi er av hverandre og hvor sammenvevd verden er», står det i aller første setning i det politiske dokumentet.

Kathy og Audun kunne ikkje ha vore meir einige.

Ho kom til Trondheim våren 2017. I januar 2018 starta ho arbeidet med doktorgraden. I starten av april 2022 leverte ho avhandlinga. 26. august same år disputerte ho. 23. juni 2023 fekk ho fast jobb som førsteamanuensis ved NTNU.

— Denne rammeforteljinga passar jo godt inn i bildet kunnskapsnasjonen ønsker å teikne av seg sjølv, seier Audun.

Det var berre det at:

Åleine heime

I 2021, midt i alt, var han heldig å få støtte frå Forskingsrådet til eit ni månader langt opphald i Sør-Afrika.

Kathy hadde fått opphaldsløyve i Noreg i tre år (doktorgradskontrakten var på fire år, og ho måtte derfor søke om fornya visum for eit år). Det siste visumet skulle gå ut 31. desember 2022. Det var omtrent på det tidspunktet paret planla å returnere til Noreg, etter Auduns forskingsopphald.

Kontrakten med NTNU var blitt utvida fram til 22. mars fordi ei sjukmelding hadde forsinka arbeidet. Kathy søkte norske styresmakter om å få forlenge opphaldsløyvet i samsvar med NTNU-kontrakten. Normalt skulle dette vere ein formalitet, behandlingstida eit par veker.

Ikkje denne gongen.

Kathy voks opp i Sør-Afrika. Ho har reist mykje, og studert i Storbritannia. Møtet med Noreg vart etter kvart heilt annleis enn ho hadde venta seg.

Denne gongen tok det månader å få svar frå UDI. På nyåret, då forskingsopphaldet var over, sette Audun seg på flyet heim, åleine. Kathy, framleis utan svar frå UDI, og utan visum til å komme heim til Trondheim, måtte bli igjen.

Der gjorde ho sitt beste for å fullføre doktorgradsarbeidet, med planlagt innlevering i slutten av mars, i landet ho for tida ikkje fekk sleppe inn i.

Etter mange telefonar til UDI og alltid svaret — «vent på svar» — kom brevet endeleg, 5. mars 2022: Kathy skulle få to og ei halv veke i Noreg.

No måtte ho sikre seg eit såkalla D-visum (mellombels innreisevisum for dei som ventar på svar) frå Johannesburg, der ho framleis var. Det galdt å rekke det, slik at ho kunne komme til Noreg før hennar nye opphaldsløyve på to og ei halv veke gjekk ut.

Innimellom jobba ho med den hektiske innspurten. Doktorgraden skulle i hamn.

Sjokket

12. mars 2022: Kathy kjem til Noreg. Håpet er å rekke å levere doktorgradsarbeidet — og sende inn søknad om arbeidssøkarvisum for å kunne bli. Målet var å få jobb på NTNU. Og få vere hos Audun i byen og landet som for lengst var heime.

21. mars: ny søknad om opphaldsløyve (arbeidssøkarvisum) sendt elektronisk i UDIs søknadsportal. UDI svarer at ho må bestille time og møte fysisk på Trondheim politistasjon. Søknaden må også leverast fysisk. Men Trondheim politistasjon har ikkje tid til å ta imot henne, ho får beskjed om å komme 28. mars — seks dagar etter at det opphavelege opphaldsløyvet hennar var gått ut.

28. mars: Kathy møter på politistasjonen og leverer søknaden.

Deretter blir det stille.

Det kjem ikkje noko svar på søknaden om arbeidssøkarvisum. Så lenge det ikkje kjem svar, treng ho i alle fall ikkje reise ut av landet. Med tanke på disputasen som venter i august, er det mildt sagt ei fordel.

2. januar, 2023 (ni månader seinare): Kathy ringer UDI og etterlyser svar, ei hyggeleg dame tar telefonen. Dama beklagar den lange behandlingstida, her må det ha skjedd ein feil.

Det viste seg at systemet var meir som russisk rulett.

Catherine Barolsky

5. januar 2023: avslag og ordre om utreise seinast 31. januar.

— Det var eit sjokk. «Så det er sånn det er å ikkje ha eit pass», tenkte eg. Eg hadde ingen grunn til å tru at det ikkje skulle ordne seg. Men det viste seg at systemet var meir som russisk rulett. No er eg der, på botnen av «næringskjeda», tenkte eg. Du kjenner deg fullstendig hjelpelaus. Heldigvis for oss hadde vi tilgang til advokat, og mange andre som ville hjelpe oss. Det er det mange andre som ikkje har, seier Kathy.

I brevet 2. januar 2022 grunngir UDI avslaget med at Kathy ikkje hadde opphaldsløyve då ho søkte. Med andre ord — fordi politiet i Trondheim ikkje kunne ta imot henne, må Kathy ut av landet.

«Ulovlig i Norge»

Ho reiser før 1. februar, som ho har fått beskjed om. Vitnemålseremonien med stas og akademiske kapper er det berre å gløyme. Den nybakte doktoranden frå NTNU har, med UNEs språk, «plikt til å forlate landet».

På flyplassen i Frankfurt blir ho tatt inn på politistasjonen til avhøyr, og mistar flyet vidare til Johannesburg. Ein internasjonal akademikar. Ein suspekt passasjer. 

Advokaten skriv til UDI:

«Det er som kjent fast forvaltningspraksis å legge til grunn bookingtidspunktet ut fra den forståelse av at utlendinger ikke skal lastes for ventetid hos politiet. I denne saken ble også søknaden formelt innlevert bare få dager senere», skriv advokaten i brev datert 19. januar.

Han argumenterer for at det er klare og dokumenterte «menneskelige hensyn» å legge til grunn, og at «det er til de grader nødvendig å foreta en helhetlig skjønnsmessig vurdering (…)».

27. februar (2023): UDI kontakter advokaten og ber om meir informasjon.

1. mars: Advokaten sender meir informasjon.

3. mars: UDI sender avslag opphaldsløyve. Dei skriv at dei ikkje har fått informasjon frå advokaten. Sender saka til Utlendingsnemnda (UNE).

20. mars: Avslag på opphaldsløyve frå UNE. Grunn: Kathy hadde vore seks dagar ulovleg i Noreg (same grunn som frå UDI).

— Her var det ingen forsøk på å sjå noko form for nyansar eller kontekst. Inga erkjenning av saksfeilen hos UDI. Den lange behandlingstida er ikkje nemnd, som var den direkte årsaka til situasjonen vi hadde stått i, seier Audun.

Audun jobbar som lærar og held på med doktorgrad der han ser på læringsmiljø for barn og unge gjennom utvikling av estetiske tilnærmingar.

— Kvifor har kunnskapsnasjonen Noreg laga ein politikk som skaper så mange flaskehalsar for stipendiatar som ønsker å søke jobb i landet etter avlagd grad? Slik det er no, må stipendiatar utanfor Schengen seinast dagen etter doktorgradsavhandlinga er levert kome seg til nærast flyplass og reise til heimlandet.

Kathy stemmer i:

— Det verkar på meg som ein absolutt dumskap å investere alle desse ressursane i folk. Og når kontrakt går ut, berre: «Ha det!». Det ville verke meir fornuftig å i alle fall gi folk ein sjanse til å kunne finne ein jobb, dersom ein er interessert i å få noko tilbake.

Scenarioet

I Sør-Afrika hadde Kathy jobba med søknad om familiegjenforeining. Den einaste moglege løysinga, etter at UDI og UNE endeleg avslo søknaden om arbeidssøkarvisum.

Men i Sør-Afrika hadde Kathy fått vite at det var sju månaders ventetid på saksbehandling. Å vere gravid med ein norsk borgar var dessutan ikkje eit kvalifiserande kriterium.

Eit nytt menneske er på veg. I Trondheim har Kathy og Audun endeleg fått ro til å glede seg til det som skal komme.

Det var då Audun stod der, åleine, med utsikt til Munkholmen, i leilegheita i Trondheim, og funderte. 10. april, 2023. Bli, vente, håpe? Eller sjekke inn på Værnes og reise til Johannesburg?

— Eg hadde ikkje tru på noko positivt vedtak om familiegjenforeining på dette tidspunktet, ikkje etter sjokket i januar, fortel Kathy.

— På det tidspunktet var eg mest opptatt av at babyen i magen skulle ha det bra.

Brytekampen med byråkratiet heime i Noreg tok Audun seg av.

Scenarioet var ingen spøk: brå overgang til eit liv i Sør-Afrika, utan jobb, utan velferdsstatens sikringsnett, med ein liten ein på veg.

— Når ein mister foreldrepengar, retten til foreldrepermisjon, sjukmelding, må betale for private helsetenester … Det første vi måtte ha gjort var å selje leilegheita vår i Trondheim for å kunne klare det. Vi hadde alt brukt 200 000 kroner på å dekke auka levekostnader for to personar på to kontinent, til advokat, reiser og søknader. 

Audun har delvis vore sjukmeld frå jobben på ein skule i Trondheim, som han har parallelt med doktorgradsarbeidet i denne tida. Belastninga vart for stor.

— Det er eigentleg ein heildagsjobb, å ta alle desse telefonane, finne ut av alle paragrafar og rettar.

Plutseleg ekspress

13. april, 2023, kjem brevet frå UDI med melding om at Kathy er blitt innvilga visum, på grunnlag av familiegjenforeining.

Brått jobba systemet jobba ekspress.

Kathys teori er at «ein eller annan fantastisk person på ambassaden i Pretoria» må ha sett teikninga og tatt ein telefon til UDI og sagt, «høyr her, dette går ikkje an, dette må ordnast».

— Korleis kunne dette elles berre bli fiksa på tre veker? Det kom svært overraskande, gitt dei erfaringane vi hadde. Systemet jobba plutseleg med, ikkje imot! Fram til då verka det som at ingen av etatane, UDI, UNE, UD, snakka saman.

Ein uventa, happy ending, i tolvte time. Det er paret takknemlege for. Men ferdige er dei ikkje, med å fordøye ti månader «i systemet».

— Det er så unødvendig!

Audun har lese Stortingsmelding nr. 7 (2020-2021), den om eit «hav av muligheter». Han trekker ofte fram formuleringane, og kan skrive under på det meste. Men som politisk dokument har det for han personleg blitt til tomme ord, meir som ein provokasjon.

«Internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrenser er forutsetninger for å kunne håndtere de store globale samfunnsutfordringene verden står overfor».

«En bedre verden»

— Slagordet til NTNU er «kunnskap for en bedre verden». Det er eit paradoks at den delen av Noreg UDI representerer aktivt prøver å sende denne kunnskapen ut av landet, seier Audun.

Ein kan snu på det, legg han til.

— Livet mitt er her i Noreg. Han eg elskar er her, seier Kathy. Om ikkje lenge skal to bli til tre, og deretter kan Kathy ta fatt i jobb på NTNU.

— Kvifor vil internasjonale forskarar og studentar i det heile komme til Noreg? På sikt gjer slike erfaringar som vi har hatt noko med statusen. Spør du meg, kan ringverknadene for Noreg som kunnskapsnasjon på sikt bli katastrofale.

Audun og Kathy, og snart ei lita jente, kan legge ein belastande og kaotisk fase bak seg. Det enda med heimesiger, etter ekstraomgangar: for akademikarparet i Trondheim. For kunnskapsnasjonen?

— Livet mitt er i Noreg, seier Kathy. 

— Han eg elskar er her. Jobben min er her. Her vil eg så gjerne bygge eit liv.

***

Dette svarer Utlendingsnemnda:

Khrono har spurt UDI om ein kommentar til saka. UDI viser til UNE.

Einingsleiar i UNE, Rolf Tore Thomassen skriv i e-post til Khrono at Barolskys sak etter deira meining er «vurdert på en fullt ut forsvarlig måte og i tråd med praksis, inkludert det som gjelder den skjønnsmessige vurderingen».

«Generelt blir det ikke gjort spesielle skjønnsmessige vurderinger når det gjelder oppholdstillatelse for utenlandske forskere, stipendiater eller studenter. Men alle som klager en sak inn til UNE får en grundig, individuell og helhetlig vurdering av klagen», skriv Thomassen.

På spørsmål om kvifor UNE tilsynelatande ikkje har tatt omsyn til forvaltningspraksis, det vil seie at ventetid hos politiet for innlevering av søknad hos politiet ikkje skal lastast søkaren, svarer UNEs einingsleiar:

«En søknad anses først som fremmet ved personlig fremmøte hos politiet. Dette er klar praksis og i tråd med utlendingsforskriften § 10—2 femte ledd. Søknaden i denne saken ble derfor først fremmet da Barolsky møtte til timen hos politiet 28.03.2022, og ikke da den ble registrert i UDIs søknadsportal 21.03.2022. Det er klageren selv som har ansvaret for å levere søknaden i tide, og mens hun har lovlig opphold».

Powered by Labrador CMS