Debatt Ragnhild Lied, Unio

Er arbeidsrelevans ein sikker veg til kvalitet?

Er det slik at om ein berre lét næringslivet få bestemme meir over utdanninga, så blir kvaliteten betre?

I ei tid der autoritære krefter og falske nyhende får stadig sterkare fotfeste, er styrking av dei humanistiske og demokratiske verdiane i heile utdanningskjeda viktig, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied.

I ei tid der autoritære krefter og falske nyhende får stadig sterkare fotfeste, er styrking av dei humanistiske og demokratiske verdiane i heile utdanningskjeda viktig, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Den siste tida har arbeidsrelevans brått blitt ein slags trylleformel for betre utdanning. Høgare utdanning må legge meir vekt på forhold som er arbeidsrelevante, er kravet. Mange slagord blir tatt i bruk i tru på at berre næringslivet får bestemme meir over utdanninga, blir kreativiteten og kvaliteten betre både i arbeidslivet og i utdanningane.

Sjølvsagt må utdanningar som er retta mot spesifikke yrke vere tilpassa dei aktuelle yrka. Praksis og trening må vere og er ein del av slike utdanningar. Det er så innlysande at det verken trengst intensjonsavtalar eller ei eiga stortingsmelding om arbeidsrelevans. Derimot er dei ei politisk oppgåve å sikre at institusjonane har økonomiske ressursar til å sikre både omfang og kvalitet i praksisdelen. Der manglar ein god del.

Regjeringa har invitert partane i arbeidslivet til ein «intensjonsavtale om arbeidsrelevans» i høgare utdanning. Universitets- og høgskulerådet (UHR) er også invitert med. Dette illustrerer at tiltrua til trepartssamarbeidet er stor. Det kan vere fleire grunnar til å drøfte korleis studentar kan rustast endå betre for arbeidslivet, og korleis samarbeidet mellom akademia og arbeidslivet skal fungere.

Men for at ein slik avtale skal fungere, må det etablerast ei felles forståing av kva arbeidsrelevans skal innebere. Det må vere noko meir enn eit slagord. Samstundes må avtalen bygge på prinsippet om fagleg autonomi og akademisk fridom for UH-sektoren både for mål og verkemiddel. Gjennom fri forsking kan høgare utdanning skape nye idear og utvikle kunnskap og kompetanse som arbeidslivet kan dra nytte av, om ikkje i dag, så i framtida.

I årevis har NIFU undersøkt korleis uteksaminerte kandidatar frå universitet og høgskular klarer seg på arbeidsmarknaden. Somme fag er meir konjunkturavhengige enn andre. Men hovudkonklusjonen har vore og er at høgare utdanning er ein sikker veg til arbeid.

Å pålegge all høgare utdanning å endre seg for å bli meir «arbeidsrelevante» er ingen kvalitetsgaranti – verken for utdanningane eller for arbeidslivet.

Ragnhild Lied, leiar i Unio

I og med at dei aller fleste får jobb, enten det er i offentleg eller privat sektor, må vi legge til grunn at utdanninga er relevant for jobben som skal gjerast. Viss det ikkje var tilfelle, ville vel arbeidsgjevarane ha skaffa folk med annan, og meir nyttig kompetanse?

Knapt nokon kan slå fast kva som er arbeidslivsrelevant nokre år fram i tid. Ofte er endringane drivne fram av solid grunnforsking og breiddekunnskap. Likevel har vi sett mange døme på kor freistande det er å nedprioritere dei såkalla «mjuke» faga, ofte humaniora eller samfunnsfag. I ein businessprega ideologi er dei ikkje nyttige nok, ikkje arbeidslivsrelevante nok. Det er ein farefull veg. Disiplinfaga er ein berebjelke for universiteta, og det er ei grense for kva som kan prioriterast innan tronge tidsrammer.

I ei tid der autoritære krefter og falske nyhende får stadig sterkare fotfeste, er styrking av dei humanistiske og demokratiske verdiane i heile utdanningskjeda viktig. Evna til kritisk vurdering er noko av det mest arbeidsrelevante høgare utdanning kan gi til framtidige arbeidstakarar.

I alle fall må kravet om meir arbeidslivsrelevans innrettast slik at den faglege breidda og den djupe faglege kvaliteten i høgare utdanning ikkje blir sett under press. Eit justert finansieringssystem for høgare utdanning må sikre også dette, ikkje legge overdriven vekt på incentiv knytt til snever forståing av kva som er arbeidsrelevant.

Det viktigaste, også med tanke på framtidas arbeidsliv, er at styresmaktene viser større vilje til å satse tungt på heile utdanningskjeda frå barnehage til universitet, og å legge større ressursar inn i forskingsfeltet. Det vil gi godt grunnlag for både omstilling og fagleg spesialisering i tråd med skiftande behov.

Dessutan bør arbeidslivet – både offentleg og privat sektor – i større grad konsentrere seg om oppgåver og ansvar dei allereie har. Det eine er å skaffe læreplassar til elevar i vidaregåande opplæring. Det andre er å skaffe praksisplassar med rettleiing til studentar som skal og må ha slik kontakt med arbeidslivet.

Begge delar er i høgste grad arbeidslivsrelevant. Men å pålegge all høgare utdanning å endre seg for å bli meir «arbeidsrelevante» er ingen kvalitetsgaranti – verken for utdanningane eller for arbeidslivet.

Powered by Labrador CMS