campusutvikling
Er i full gang: — Fakulteta sit på nøkkelen til suksess
Prosjektet som starta på HVL Stord før sommaren, skal avsluttast i Bergen neste haust. På vegen skal Paul J. Manger innom Førde, Sogndal og Haugesund.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei mange campusane i Noreg skal utviklast. Men korleis? Og kva betyr eigentleg campusutvikling?
På tampen av sommaren starta Paul J. Manger i jobben som leiar for campusutviklingsprosjektet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
— Me er i full gang med arbeidet, seier ein entusiastisk Manger til Khrono.
Overlappande ordning
I tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet for 2020, som kom i desember i fjor, kom det tydeleg fram at utdanningsinstitusjonar med fleire campusar skal utarbeida ein overordna strategi for å utvikla dei ulike campusane.
Dette arbeidet er fleire universitet og høgskular, deriblant HVL, i gang med.
— Me starta med campusen på Stord før sommaren. Først var planen å ta for seg campus for campus, men no har me gått over til ei meir overlappande ordning. Førde er neste campus ut, før me koplar på Haugesund i februar og Sogndal i april. Så kjem Bergen til sist, hausten 2021, fortel Manger.
— Dette ordet. Campusutvikling. Nøyaktig korleis er det campusane skal utviklast?
— Det handlar i grove trekk om å styrka identiteten, omdømmet og særmerka til campusane, svarar Manger, før han blir avbroten av journalisten:
— Men korleis?
— Me har fem ulike campusar i fem ulike kommunar med fem ulike utgangspunkt. Utfordringa er å få alle til å få alle til å dra i den same retninga utan å bli like. Me skal bli éin svær familie, med fem ulike campusar som til saman skal utgjera ein svært velfungerande høgskule. Ved at campusane blir meir bevisste på å utvikla sine eigne styrkar gjennom å læra av andre og ikkje minst læra bort til andre, trur me sluttresultatet blir ein sterkare høgskule som vil bli meir attraktiv for både tilsette og studentar, forklarar Manger.
I mandatet om campusutvikling for Stord, som er signert HVL-rektor Berit Rokne så nyleg som 20. oktober i år, står det mellom anna følgjande:
«Me skal ha berekraftige campusar som veks ut av HVL som heilskap, og som samtidig har sterke lokale røter. Me skal ha levande campusar, med tydelege profilar. Campusutvikling er viktig i eit langsiktig arbeid med kultur- og institusjonsbygging. Det å etablere fysiske areal for samhandling med samfunns- og næringsliv skal vektleggast i arbeidet.»
Skal ha fem campusar
På spørsmål om prosjektet han leiar på nokon som helst måte kan få negative konsekvensar for campusane eller om det på sikt kan føra til meir sentralisering eller til og med nedlegging av campusane, svarar Manger følgjande:
— HVL har fem campusar i dag og skal også ha det i framtida. Dette prosjektet handlar nettopp om å styrka campusana som saman skal utgjera ein robust høgskule. Ved å løfta fram campusane sine særmerke, skal me forma bærekraftige campusar med sterke lokale røter.
Han held fram:
— Dei fire fakulteta arbeidar heile tida med å utvikla studieprogram som er attraktive for å tiltrekka seg studentar både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Utvikling av levande campusar var sentralt i fusjonsavtalen som skapte HVL, og slik vil det også vera i tida som kjem.
To konsept
På utviklingsverkstaden på Stord i juni, blei to konsept løfta fram som utgangspunkt for vidare utviklingsarbeid. Den første har fått namnet «Campus Stord – med havet som læringsarena», medan den andre heiter «Industrimaster».
Stord ligg ved havet, og er ein industrikommune. Difor gjev desse to konsepta meining, meiner Manger.
— Dette er gode eksempel på kva campusutvikling handlar om. Me vil få med oss lokalsamfunnet og næringslivet i dei ulike kommunane. Me vil engasjera ordførarar og politikarar og skapa tydelege og innovative profilar. Så er det viktig å presisera at det er dei fire fakulteta som sit på nøkkelen til at dette skal bli ein suksess. Mi oppgåve er å koordinera det heile. Det er viktig at me får god fart på dette arbeidet, seier prosjektleiaren.
Manger legg ikkje skjul på at campusutviklingsprosjektet vil ha positive ringverknadar for universitetsambisjonane til HVL.
— Det blir eitt av fleire prosjekt som blir viktig i den samanhengen, sluttar Manger.
Nyeste artikler
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner