universitetsstyremøte
Færre studentar og løns- og prisvekst: USN fryktar å gå i minus i fleire år
Universitetet i Søraust-Noreg kan mangla pengar allereie frå 2023. Styret har fått ei liste med tiltak som universitetsleiinga meiner bør gjennomførast for å sikra betre økonomi.
«Oversikten viser en ubalanse mellom inntekter og kostnader med -42 mnok fra 2023, gitt at angitte forhold inntreffer. Prognosen viser at uten tiltak vil ubalansen forsterkes og økonomisk handlingsrom kan være borte eller negativt fra 2024».
Det heiter det i ei av sakene universitetsstyret ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) skal handsama på styremøte i dag.
Møtet startar kl 10, og du ser det direkte her.
I minus i fire år
Saksframstillinga skildrar det universitetet fryktar vert ein krevjande økonomisk situasjon framover. Færre studentar, færre studieplassar og løns- og prisauke kan gjera at det utan tiltak kan verta raude tal i rekneskapen heilt fram til 2026.
Verst kan det verta i 2024, med over hundre millionar kroner i minus.
— Avsetjingar til andre formål enn investeringar på inntil fem prosent kan vera brukt opp allereie i 2024, heiter det.
I saksframstillinga vert det peika på fleire tiltaksområde: Alle einingar må halda seg innanfor tildelte budsjettrammer, fakulteta må retta seg inn slik at dei kan sikra eksterne inntekter, og tiltak for å fremja studiekvalitet og læringsmiljø vil vera viktige for å auka gjennomstrøyminga.
Rektor Petter Aasen skriv i ein e-post til Khrono at forslaget til neste års statsbudsjett er stramt og gir økonomiske utfordringar for USN som for mange andre institusjonar i sektoren.
— I første omgang orienterer rektor no styret om situasjonen og kortsiktige og langsiktige konsekvensar. Styret vert invitert til å gi føringar til det pågåande budsjettarbeidet, seier Aasen.
Endeleg budsjett for USN i 2023 skal styret vedta i møtet sitt i desember. Då vert òg langtidsbudsjett for dei næraste åra lagt fram.
Aasen seier at det er stor usikkerheit når det gjeld kostandsnivået neste år, til dømes når det gjeld energikostander.
— Parallelt jobbar me med tiltak for korleis me skal møta utfordringane og posisjonera oss for pågåande politikkuforming, samfunns- og arbeidslivet sine behov for kunnskap og kompetanse og trendar i etterspørsel, seier Aasen,
Færre studentar enn før
Styret vert òg informert om opptaket for hausten 2022. Det er første gong USN ikkje fyller studieplassane sine, heiter det i saksframstillinga.
For å ha fylt alle plassane som vart lagt ut via Samordna opptak, manglar ein 247 studentar.
Samla sett har universitetet ikkje hatt vekst i talet på nye studentar frå 2019 og fram til i dag, og det er no ein stor tilbakegang samanlikna med pandemiåra 2020 og 2021.
Neste års studietilbod
Elles skal styret drøfta utviklingsavtalen USN har inngått med Kunnskapsdepartementet.
Dei skal vedta å akkreditera fleire studietilbod og dei skal fordela studieplassar for studieåret 2023/24.
Heile sakskartet finn du her.
Nyeste artikler
Disse utfordrer direktør Benjaminsen
NTNU, rydd opp! Kjenn deres samfunnsoppdrag!
Sterk kritikk av sikkerheten ved felt- og laboratoriearbeid
Misforstått om plagiat
Undersøkte etisk handel ved fire universiteter. Dette fant de ut
Økende arbeidsledighet blant nyutdannede jurister
Mest lest
Professor ber dekan om å gå av: — Null tillit
Gruppa skal jobbe for mangfold og likestilling. 14 av 16 er kvinner
Avlyser fire mastere på grunn av økonomisk svikt
Frykter at Norge sitter igjen med bare tysk, fransk og spansk om ti år
Høgskulestyret sa opp direktøren i lukka møte
Litt tyngre å få jobb med master