Storbritannia

Får ikkje vitnemål etter fire års studiar. Sensurstreik rammar 145 britiske universitet

Tusenvis av studentar må sjå langt etter karakterar, gradar og vitnemål denne sommaren. Norske Philip Vogsted er ein av dei. 

Philip Vogsted, student ved Universitetet i Edinburgh
Philip Vogsted har studert i Edindburgh i fire år, men anar ikkje når han får vitnemål for bachelorgraden. Han støttar likevel krava til undervisarane sine, om betre løn og arbeidsforhold.

I fire år har Philip Vogsted studert historie og arabisk ved Universitetet i Edinburgh. Neste veke reiser han til byen for å delta i den høgtidelege avslutningsseremonien der studentane normalt får utdelt det skriftlege beviset på at bachelor- eller mastergraden er fullført. 

Men denne gongen må Vogsted og fleire tusen andre studentar gå tomhendte ned frå podiet. Når dei kan rekne med å få vitnemåla er i det blå.

— I over halvparten av faga mine har eg ikkje fått karakter. Eg har fått beskjed om at det derfor ikkje er grunnlag for å gi meg vitnemål, fortel Vogsted til Khrono. 

Låst konflikt

Sidan 20. april har ein høg andel sensorar — professorar og universitetslærarar som skal setje karakterar og vurdere eksamenar, oppgåver og avhandlingar — boikotta arbeidet. Sensurstreiken er den siste opptrappinga av ein allereie langvarig konflikt mellom universitetstilsette og arbeidsgivarar i Storbritannia.

For studentane kjem den siste utviklinga som ei ekstra belastning på toppen av tidlegare aksjonar og streikar gjennom fleire år, i tillegg til pandemiåra. 

Fagforeininga for dei tilsette, University and College Union (UCU), har 120 000 medlemmer på 145 universitet i Storbritannia. Ifølgje UCU er ein tredel av ein halv million avgangsstudentar på bachelor-nivå direkte ramma av manglande karaktersetjing. Også på master- og doktorgradsnivå har mange fått vitnemåla sine utsett på ubestemt tid.

Samla blir truleg 13 000 ståande utan vitnemål etter ferdig grad, men tala er usikre.

Blant krava frå fagforeininga er betre løn, slutt på mellombelse kontraktar og ubetalt overtid. Avstanden mellom krav og tilbod frå arbeidsgivarforeininga UCEA er så langt for stor til at ei løysing er i sikte. 

Problem for jobbsøking

Utan eksamenskarakterar og vurdering av oppgåver og innleveringar, står studentane utan grunnlag for å søke på vidare studiar til hausten. Eit mindretal kan også ende med ein beskjed om at dei har stroke på eksamen — mange månader på etterskot. 

For dei som skal ut i arbeidslivet betyr det at søknadene må sendast utan dokumentasjon på utdanninga dei faktisk har tatt. Arbeidsgivarane vil ikkje kunne verifisere at kandidatane har kompetansen dei søker med. Det kan bli særleg problematisk for internasjonale studentar, meiner Philip Vogsted. 

Studentane ved University of Edinburgh har 45 000 studentar, og mange av dei er hardt ramma av den nasjonale sensurstreiken i Storbritannia.

— I Storbritannia er arbeidsgivarane klar over den nasjonale streiken, og at dei som kjem ut frå universiteta har gjennomført studia, sjølv om dei ikkje har papir på det. Det gjer at dei ser mellom fingrane. For studentar frå Noreg og andre land kan det bli langt vanskelegare å forklare arbeidsgivarane kvifor dei ikkje har vitnemål frå studia, seier han.

Internasjonale studentar som ikkje har karakterar eller dokumentasjon på fullførte fag og studiar kan også få problem med fornying av visa, som dei er avhengige av for å kunne studere i Storbritannia. 

For Vogsted er problemet løyst, inntil vidare. Han har planar om å studere vidare på høgare grad, men til hausten har han fått praksisplass på den norske ambassaden i Saudi-Arabia. 

3000 norske studentar

Mange universitet har lokalt sett i verk tiltak for redusere skaden. Blant anna har Universitetet i Edinburgh sagt at avgangsstudentane vil få eit brev som skal vise at dei har fullført studia. Men fordi streiken er nasjonal, er manøvreringsrommet knapt. Det er også ulikt mellom institusjonar og fag i kva grad sensorane er i streik, og studentane dermed ramma. 

Universitetet i Cambridge har meldt at kring 3000 avgangsstudentar på lågare og høgare grad truleg ikkje vil få vitnemåla sine. 

Internasjonale studentar som planlegg å studere vidare må ut med nær 1000 pund (ca. 13 5000 kroner). I tillegg er det usikkert om dei i det heile vil får fornya opphaldsløyvet. 

Ved Universitetet i Edinburgh er opptil 2000 studentar ramma av boikotten, ifølgje BBC

Fordi situasjonen er ulik frå universitet til universitet, er det ikkje klart kor mange norske studentar som i år ikkje får karakterar og vitnemål. I studieåret 2022/23 studerer ifølgje Lånekassens tal 2893 personar til ein heil grad i Storbritannia. 405 er utvekslingsstudentar.

— Dei aller fleste på mitt fakultet, som inkluderer alle språkfaga, er påverka. Det er flest tilsette på språkfag, humanistiske og samfunnsvitskapelege fag som er i streik, seier Vogsted.

Når han kjem til den skotske hovudstaden neste veke, planlegg studentane ein fredeleg protest mot universitetet under vitnemålseremoniane.

Støttar dei streikande

For det er universitetsleiinga kritikken frå studentane i hovudsak rettar seg mot, ikkje dei streikande professorane og lektorane. 

Vogsted har sympati med undervisarane sine. 

— Personleg er eg takknemleg for alt fagpersonane eg er i kontakt med har gjort for meg. Dei gjer ein stor jobb med undervisning, i tillegg til forskinga, og er utruleg dyktige. Edinburgh er jo rekna som eitt av dei beste universiteta i verda, og det er mykje på grunn av dei tilsette. Eg synest dei fortener føreseielege arbeidskontraktar og å få betalt for jobben dei gjer. Det vil dessverre leiinga ikkje gå med på, seier Vogsted. 

Han har betalt meir enn 200 000 kroner for å studere i Skottland, med delvis refusjon og støtte frå Lånekassen. 

— For mykje av desse pengane går dessverre rett i lomma på rektor. 

Powered by Labrador CMS