Samfunnsforsking

Feirar Ottar Brox (90), og det skjer i Nord-Noreg

— Ein skal ikkje vente seg for mykje av ein som har 10 år igjen til 100, seier Ottar Brox. Men etter snart 60 år i manesjen har den markante forskaren og debattanten meir på lager.

Professor, forskar og forfattar Ottar Brox fylte 90 i august. Han har inspirert og provosert fleire generasjonar akademikarar, politikarar og andre. Her er han fotografert i heime på kjøkkenet, som, kanskje ein smule ironisk, ligg på Oslos beste vestkant..
Publisert Oppdatert

Han er ikkje ein som pregar pensumlistene, sjølv om referansane stadig dukkar opp. Men han har sett fleire og synlegare avtrykk i samfunnsdebatten enn dei aller fleste norske forskarar.

Fakta

Ottar Brox

  • Fødd 1932, Torsken på Senja i Troms.
  • Utdanna sivilagronom i 1957 og dr.scient i bygdesosiologi ved Noregs landbrukshøgskole i 1970. Professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø frå 1972 til 1984, professor II frå 1985. Forskingsleiar ved Norsk institutt for by- og regionforskning frå 1984 til 1991 og frå 1992 til 2002. Forskingssjef ved Alternativ Framtid-prosjektet frå 1991 til 1992.
  • Stortingsrepresentant for SV i perioden 1973-1977.
  • Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Fritt Ords honnørpris (2002) og æresdoktor ved fleire universitet, mellom anna UiT og NMBU.
    (Kjelder: snl.no og wikipedia.no)

Lærar-og ordførarsonen frå Torsken på Senja skal ha meint at søskena var blitt noko snobbete etter gymnasgangen, og etter folkeskulen tok han i staden til som hagebrukslærling på Troms landbruksskole. Men i løpet av dei godt og vel 60 åra som er gått sidan den tid, er det heller som politisk engasjert sosiolog Ottar Brox er kjent.

Eller er det som antropolog? Eller økonom, eller historikar, eller statsvitar, eller journalist, eller politikar, eller – ja, kva er han eigentleg?

— Han er heilt umogleg å setje i bås i fagdisiplinær samanheng, seier «broxianar» Nils Aarsæther, professor emeritus ved UiT Noregs arktiske universitet.

Aarsæther er ein av initiativtakarane til «Ottar Brox 90 år», ei markering som går av stabelen fredag, med ein mangfaldig bukett deltakarar:

Til å leie arrangementet har han alliert seg med statsvitaren Kjell Arne Røvik frå same universitet. På programmet står dessutan ein tidlegare leiar av Noregs kystfiskarlag, Paul Jensen, den politiske redaktøren i avisa Nordlys, Skjalg Fjellheim, og tidlegare plan- og næringssjef i Tromsø kommune, Jan Einar Reiersen.

Dette i tillegg til akademikarane og studentane som vil stille med historie, samfunnsgeografi og antropologi som innfallsvinklar.

Spennet av deltakarar passar til spennet Brox har plassert seg i, som eit politisk engasjert og slagferdig fagleg konglomerat.

Nord og Noreg

— Han vart tilsett her (ved UiT, red.merkn.) som professor i lokalsamfunnets sosiologi. Det var ikkje noko sosiologifag i Tromsø på den tida. Det var ein måte å identifisere eit tema for forskinga på, meir enn ei disiplintilknyting. I studiet han grunnla, samfunnsplanlegging og kulturforståing, er spenninga mellom ekspertise og lokalsamfunn bygd inn. Han trekker på erfaringane frå Nord-Noreg i den samanhengen, seier Aarsæther, som seinare tok over styringa med dette studiet og faget i Tromsø etter Brox.

Brox er uløyseleg knytt til den nordnorske landsdelen, både som følgje av eigen oppvekst, men også engasjementet som i 1966 første gong kulminerte med boka Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk. Her går Brox akademisk, og i dagens terminologi, tverrfagleg, til verks for å kartlegge landsdelens plass i landet – med ein krass kritikk av planane som vart lagt for gjenoppbygging og modernisering av Nord-Noreg etter krigen.

Der dei sosialdemokratiske entreprenørane ville sentralisere befolkninga og konsentrere fiskeflåten, stod Brox på kystfiskarane og bøndene si side.

— Han er likevel meir klasseteoretikar enn heimstadforskar. Men han greier å kombinere dette, og lever i spennet mellom ein marxistisk inspirert samfunnskritikk og nesten grenselaus respekt for lokale ytrings- og livsformer, seier Aarsæther.

Hva skjer i Nord-Norge? er blitt ståande som ein klassikar i norsk, faglitterær sakprosa. I 2008 vart ho av ein jury i Dagbladet kåra til den fjerde viktigaste faglitterære boka etter 1945. Den kjente journalisten og forfattaren Morten Strøksnes gav i 2006 ut ei bok, inspirert av, og med same tittel som originalen.

Fascinasjonen for Brox

Aarsæther har ingen problem med å innrømme at han tidleg vart ein av dei meir nasegruse då han som student i Bergen vart involvert i det som då vart kalla regionalseminaret, der samfunnsvitarane diskuterte distriktspolitikk for harde livet. På den tida var Brox amanuensis i sosialantropologi ved universitetet der, og det var han som leia seminaret.

Brox-fan og fagleg arvtakar, Nils Aarsæther.

Brox manøvrerte treffsikkert i dei djupare og meir radikale straumdraga som tok tak i studentane på denne tida.

— Det var vel i 1968, eg blei veldig fascinert av Brox. Som student vart eg gripen av dette med å tenke nedanfrå, på kva flaskehalsar og problem folk hadde i sine kvardagar, og bodskapen om at dette måtte vere utgangspunktet for politikarane – i staden for å tre ekspertløysingar ned over hovudet på folk. Brox framførte argumenta sine med stor retorisk kraft, og med metaforar og situasjonsbilde som var lette å kjenne seg igjen i, fortel Aarsæther.

Brox skilte seg ut i den akademiske verda, som hadde sine nokså konservative krav til form og stil i skrift og tale.

— Han har ei formuleringsevne der han greier å omsetje det faglege til situasjonar som kven som helst kan kjenne seg igjen i, seier Aarsæther.

Bøker har det blitt mange av frå Brox si hand. Men målt i tekstmengde, kan den produksjonen ikkje måle seg med det som er publisert i aviser og tidsskrift.

— Han må vel ha publisert ein 400-500 kronikkar sidan 1990. Det har ikkje gått mange vekene utan ein Brox-kronikk, seier Aarsæther.

Heilt fram til slutten av fjoråret var han fast spaltist i Klassekampen.

Agronomisk, sosiologisk

Korleis blei agronomen sosiolog – og alt det andre?

Etter fullført landbruksskule, tok han artium på deltid, kom inn på sivilagronomstudiet på Landbrukshøgskulen på Ås. Der vart han venn med ein annan student, Kåre Lunden, oppvaksen på eit småbruk i Naustdal på Vestlandet. Lunden vart seinare ein av landets mest kjente historikarar.

Vennskapet vart eit vendepunkt, har Brox sjølv fortalt.

«Vennskapet med Kåre Lunden ble utrolig viktig for meg. Han hadde enormt med akademisk kunnskap som han delte villig vekk. Vi spilte biljard og diskuterte Sigurd Hoels forfatterskap – og forsømte forelesninger i grøfteteori og jordkultur», sa Brox i eit portrettintervju med Klassekampen i 2020.

På Landbrukshøgskulen fanst også eit miljø for bygdesosiologi som Brox kom i kontakt med.

Den neste store merkesteinen vart ei forelesing med antropologen Fredrik Barth.

«Jeg hadde aldri tenkt så mye etter et foredrag som jeg gjorde den gangen. Etter hvert fikk jeg også presset meg til en plass i kretsen rundt Barth, selv om jeg ble ignorert i begynnelsen», fortalte Brox i intervjuet med Klassekampen i 2020.

Det var med antropologisk inspirasjon og iver arbeidet med det som skulle bli Hva skjer i Nord-Norge? tok til. Feltarbeidet vart til gjennom ein jobb han fekk med å sortere bruksgjenstandar etter nordnorske fiskarbønder på Tromsø museum.

Slik starta feltarbeidet.

Sement og sjøsamar

«Ottar traff her en annen sosialantropolog: Robert Paine, sønn av en engelsk general, med akademisk bakgrunn fra Oxford. Paine hadde opprinnelig reist for å gjøre feltarbeid blant fjellsamene, men ble kastet ut. Han hadde så tatt seg jobb med å blande sement for noen sjøsamer som holdt på å bygge hus, og dermed var feltarbeidet i gang», skreiv UiO-professor Lars Mjøset i Sosiologen, då Brox fekk Sosiologiforeningens ærespris i 2017.

Den nemnde Fredrik Barth var for lengst etablert ved Universitetet i Bergen, og i 1970 vart ei amanuensis-stilling i regionalforsking opna for Brox der, ikkje utan strid i tilsetjingskomiteen.

To år etter kom han tilbake til Tromsø og UiT og vart professor der, fram til han i 1984 nok ein gong vende nasen sørover.

Ottar Brox i 1989 i samband med lansering av ei bok om den gamle partileiaren i SV, Hanna Kvanmo (i midten). Til venstre Oddrun Pettersen.

Til biografien høyrer også med at Brox, som hadde vore sentral i stiftinga av Sosialistisk Folkeparti (SF) i 1961, hadde eit mellomspel som stortingspolitikar for Troms SV i perioden 1973-77. I ettertid har Brox sjølv omtalt perioden som «feltarbeid».

Brox er tidvis blitt stempla som «sjarkromantikar» og «reaksjonær» i den lange stripa av kjølvatn etter Hva skjer i Nord-Norge?. På 1990- og 2000-talet gjekk han inn i ein oppskrudd innvandringsdebatt. Då kom han også i klinsj med si eiga politiske venstreside, som han skulda for å skugge for problema med arbeidsinnvandring i iveren etter idealistisk og ideologisk korrekt posering. Brox frykta at opninga av arbeidsmarknaden i EU skulle presse lønene ned og skape ein ny underklasse.

— Brox har alltid vore uredd og våga å ta opp politisk ukorrekte tema, seier Nils Aarsæther.

Brox XO

Jubilanten sjølv kjem til Tromsø fredag for å representere seg som levande legende ved universitetet der han ein gong var professor, og allereie i 2003 vart tildelt æresdoktorat.

Han er tiltenkt rolla som tilskodar, men det er ikkje utenkeleg at deltakaren pressar seg fram.

— Han har sendt meg nokre power-pointar, humrar Aarsæther.

Khrono har tatt kontakt med Brox. Etter ei spontan innleiing på telefonen om grunnrenteskatt, melder han at han ikkje har kapasitet til å la seg intervjue. Men vi skal ikkje sjå bort frå at han fortsatt kan ha ein brannfakkel å kaste inn i samfunnsdebatten.

I dei seinare åra har han mellom anna arbeidd med å utdjupe myteknusing av ein sentral del av det norske, historiske sjølvbildet som ein nasjon som på 1800-talet var lutfattig og så blei rik etter oljen. Eller som Brox formulerte utgangspunktet i ein artikkel i Norsk antropologisk tidsskrift i 2013: «(…) de dystre narrativene om levevilkåra i Norge før industrialiseringa».

— Ein skal ikkje forvente for mykje av ein som har 10 år igjen til 100, åtvarar Brox på telefonen til Khrono.

I tillegg til å halde på eit nedanfrå og opp-perspektiv, meiner Aarsæther å sjå ein slags tommelfingerregel i Brox sitt arbeid.

— Å ikkje kaste vekk livet på å leite etter samanhengar det ikkje er mogleg å gjere noko med. Og heller prioritere det som kan endrast til det betre med politiske grep. Eg trur det er sivilagronomen og praktikaren som slår inn, ein som vil sørge for å utbreie nye dyrkingsmetodar.

Powered by Labrador CMS