havforsking

Felles norsk-russisk forskingstokt i gang 

Forskingsskip frå Noreg og Russland er på veg til Barentshavet for å gjennomføre det årlege fellestoktet.

Forskingsfartøyet «G.O. Sars» er igjen på veg nordover for delta i det norsk-russiske økosystemtoktet.

Medan alt anna institusjonelt forskingssamarbeid med Russland er lagt på is, står det eine unntaket ved lag.

Denne veka er forskingsfartøy frå Havforskingsinstituttet og det russiske havforskingsinstituttet i Murmansk (VNIRO) på veg nordover for å gjennomføre det felles forskingstoktet i Barentshavet.

Så langt går alt etter planen, får Khrono stadfesta frå Havforskingsinstituttet.

Fakta

Havforskingsinstituttet og Russland

  • Havforskingsinstituttet har hovudkontor i Bergen og avdelingskontor i Tromsø. Med sine cirka 1100 tilsette er det eitt av dei største marine institutta i Europa.
  • Samarbeidet med Russland har vart sidan 1958, då sovjetiske havforskarar første gong kom til Bergen.
  • Havforskingsinstituttets samarbeid med Russland skjer i hovudsak gjennom det sentrale russiske fiskeriforskingsinstituttet VNIRO si nordlege avdeling i Murmansk, som tidlegare bar namnet PINRO.

Tett samarbeid

«Inntil vidare» vart Havforskingsinstituttet gitt dispensasjon då Noreg stengde ned alt anna institusjonelt forskingssamarbeid med Russland etter krigsutbrotet i Ukraina i 2022. 

Sidan det i dag knapt finst andre offisielle kanalar for dialog med Russland, har havforskarsamarbeidet også ei utanrikspolitisk side, ikkje minst fordi det finn stad i det militærstrategisk brennbare Barentshavet.

Økosystemtoktet er blant dei mest omfattande i verda i sitt slag og er avgjerande for den felles forvaltninga av økosystemet og fiskeressursane i Barentshavet. Innsamlinga av data frå toktet legg grunnlaget for dei årlege fiskeriforhandlingane der kvotefordeling mellom Noreg og Russland/Sovjetunionen er blitt fastsett sidan 1976.

Sjølve toktet, som går over fleire veker i både norsk og russisk sone, blir gjennom året planlagt i møter mellom norske og russiske havforskarar. Forskarane samarbeider også tett i etterkant med analysane av data.

Politisk side

Russland vart i fjor kasta ut av det internasjonale havforskingsrådet (ICES), som er organet der data frå toktet har blitt handtert og formidla inn til den norsk-russiske fiskerikommisjonen. 

Etter ekskluderinga av Russland har samarbeidet vore bilateralt, direkte mellom norske og russiske forskarar. 

Økosystemtoktet legg grunnlaget for den felles norsk-russiske forvaltninga av fiskeriressursane i Barentshavet. Bildet viser russiske trålarar ved kai i Kirkenes i august 2022.

Etter Russlands angrep på Ukraina har det berre vore eitt fysisk møte. 

I mai 2022 kom den russiske delegasjonen seg til Bergen etter ei svært krunglete reise, på grunn av restriksjonane som er pålagde russiske borgarar.

Havforskingsinstituttet har hatt formelt samarbeid med Russland og Sovjetunionen heilt tilbake til 1950-talet og har i denne tida utvikla tette band.

 

 

 

Powered by Labrador CMS