khrono helg

Det finst 4533 professorar i Noreg, men berre ein i harpe.

Alexander Thomas frå Storbritannia er einaste mann i harpeklassen. Her i samspel med Isabella Cambini frå Italia.

Fingerspitzgefühl

Dei sit i hesteskoformasjon, slik som i FNs sikkerheitsråd. Men her er ingen statsleiarar, ingen presidentar, statsministrar, ingen umoglege resolusjonar på bordet. Berre ti musikkstudentar, ni nasjonar, ein lærar og førtisju strengar.

Belgia roser Russland. Serbia forstår Storbritannia. Italia lyttar til Tyskland.

Læraren og professoren, den einaste i sitt fag i Noreg, heiter Isabelle Perrin og er frå Frankrike. Lenge kombinerte ho ei formidabel utøvar- og solistkarriere med ein stigande trong til å bidra til å løfte komande generasjonar.

— Du kan finne teikningar av harper på pyramideveggane i Egypt, seier ho.

To eksemplar av den moderne versjonen av det monumentale strengeinstrumentet er parkert i rommet.

— Men i dag er harpa eit truga instrument.

Historia om harpa går tilbake i tid, omtrent fem tusen år, men det vil bli for langt å få med alt. Det må bli med utsnittet frå eit klasserom på Majorstuen i Oslo ein kveld i oktober 2023.

Stjerneskotet

Det første spenningsmomentet er om brannalarmen blir utløyst eller ikkje.

Læraren er på veg gjennom dei intrikate korridorane i underetasjen på Noregs Musikkhøgskole. I klasserommet er det hektisk aktivitet. Då ho kjem inn, tenner dei på.

Happy Birthday to you! Professor Isabelle Perrin blir overraska av studentane sine med bursdagssong og kake.

Professor Perrin har bursdag. Professor Perrin er forbildet.

Professor Perrin gir alle ein klem.

Lukta og røyken av stjerneskot heng igjen i rommet då første student set seg og lener harpa mot høgre skulder. Ein og ein skal dei framføre, ein og ein skal dei kommentere, kritisere og rose. Klang. Teknikk. Frasering. Innleving. Først ut er Serbia. Zoja Djordjevic.

Your hands are less tight than they were last year, seier Tyskland, nærare bestemt Felicitas Geiger.

— Men du kan gjerne vere meir direkte i midtpartiet.

Zoja Djordjevic frå Beograd blei tipsa av ein kompis og jazzmusikar om harpestudiet i Oslo. Sjølv held ho seg til klassisk musikk, men drøymer om å sprenge sjangergrensene.

Zoja seier seg einig, takkar for tilbakemeldinga. Neste kritikar, Alexander Thomas (Alex blant venner) frå Storbritannia, viser stor forståing for at ho har trøbbel med midtpartiet: der det er «meir pedalar enn notar» å passe på. Lara Krzysko frå Frankrike spør kor mange fuglar Zoja meiner det er i stykket.

I think it’s two.

Ein hjarteleg latter viskar ut landegrensene.

Italia er litt seint ute. Tar det igjen med å imponere med fabelaktig framgang sidan sist. Tommel opp frå Russland. Så er det Evelien Vaneysendeyk frå Belgia sin tur til å få tilbakemelding frå lyttarane. Før professor Perrin minner om ei universell sanning.

— Du kan tilpasse deg instrumentet, men instrumentet kan aldri tilpasse seg deg.

Pedagogen

«Allerede i ung alder viste Isabelle Perrin en lidenskapelig interesse for harpen», heiter det i den offisielle biografien. Interessa avtok ikkje, er det trygt å seie. Ho utdanna seg først i Nice, på konservatoriet der. Sytten år gammal debuterte ho som solist.

Deretter reiste ho til New York. Studerte på Julliard School of Music, ofte omtalt som verdas høgast rangerte og mest prestisjefulle musikkutdanning. Første stilling var i San Francisco, som soloharpist i symfoniorkesteret der, før ho flytta tilbake til Frankrike og tok plass i Orchestre National de France.

— Du må meine alt du seier, men ikkje alltid seie det du meiner, seier pedgagogen Isabelle Perrin.

Livet som harpist er alt anna enn stasjonert. Ho har reist ut og spelt jamt og trutt kringom på kloden, og spelt inn gammal musikk og ny musikk, inkludert komposisjonar skrivne særskilt til henne.

Lenge hadde det budd ein pedagog i henne, og pedagogen tok stadig meir plass.

Isabelle Perrin viser fram eit operasjonsarr i venstre handflate.

Livet på harpetoppen har ein pris. Det er ei tid for å spele, ei tid for å undervise. Ho har allereie fortid som professor i Frankrike, har gjesteprofessorat i mange land. No har ho landa i Noreg.

Ytterpunkta

Professor Perrin er ærleg. Det er ordet som går igjen når studentane skal forklare kvifor dei ville hit, til Oslo, til henne, og ingen andre stader.

Kva betyr det, eigentleg, å vere ærleg?

— Du må meine alt du seier, men ikkje alltid seie det du meiner, seier Perrin.

— Det gjeld å finne den rette balansen. For å få ein student til å utvikle seg nyttar det ikkje å berre rose. Men du skal heller ikkje vere for kritisk.

Maria Bubnova spelar for medstudentane på gulldekorert konsertharpe. Ho har spelt sidan ho var seks og var tidleg eit talent.

Pedagogen Perrin haustar av erfaringar frå to kulturar i si eiga tid som student. Ho meiner ho er opplært i ein for streng stil på den eine sida, og ein for snill på den andre.

— Sett på spissen, i Frankrike er alt negativt. I USA er alt positivt. Ingen av delane fungerer åleine.

Det å få ei gruppe til å fungere saman er, som alle lærarar veit, ofte komplisert. Lettare blir det ikkje nødvendigvis når alle studentane kjem frå ulike land og kulturar.

— Eg tenker at rolla mi er å få den «vanskelegaste» studenten til å gli inn, og derifrå få alle til å kjenne seg trygge.

Ho er heldig med denne gjengen, meiner ho, kjemien er god. 

Kjærleiken

Røyken frå stjerneskota har lagt seg. Brannalarmen har ikkje gått.

I fell in love, forklarar Victoria Markova frå Bulgaria.

Ho vart råka av Perrins magnetiske harpekraft på symposiet i Lyon for nokre år sidan. Victoria tenker at det er ein fordel at alle er frå ulike land. Alle er på ein måte framande saman.

Felicitas Geiger er frå Tyskland, studerte i Firenze, tok timar med Perrin, kom seg til Oslo. Zoja blei tipsa av ein jazzsaksfonist i Beograd. Lara Krzysko frå Paris «liker pedagogikken». Judith Soumillion frå Belgia var sjølv musikklærar i to år. Ho hadde hatt ein masterclass med Perrin. Slik fann ho ut kor ho skulle søke på mastergrad.

Alex hadde allereie ti år som profesjonell harpist bak seg då han kom til Musikkhøgskolen. Han trefte Perrin i London. Sidan tok han timar med henne på skjerm, under pandemien.

Digital magic!

Mangfaldet manifesterer seg på mange plan, men ikkje alle. Der er berre denne eine mannen i klassen.

Alex slår ut med dei tatoverte armane.

Masterstudent Alexander Thomas er med på notane, og er klar for å gi tilbakemelding på spelet til medstudentane.

Harpistar flest i verda er kvinner. Men, legg professoren til, det gjeld ikkje på alle nivå. Dess høgare i harpehierarkiet, dess fleire menn. Lenge var det flest menn i professorstillingane.

For Alex begynte det med piano då han var seks. Så gjekk han over til saksofon. Dreiv med jazz. Var med i eit gospelkor. 18 år gammal fekk han ei harpe mellom hendene.

Så blei det berre sånn. Han slår ut med armane igjen. 

Zoja er imponert over spennet. Ho kunne tenkt seg å prøve å spele jazz. Men torer ikkje å kaste seg ut i det. Ikkje enno, og ikkje åleine.

— Vi harpistar er flinke til å samarbeide, fordi vi må samarbeide, seier ho.

— Det er jo så få av oss.

Innvandringa

For sånn fem, seks tusen år sidan dukka dei opp, dei første harpistane. 

Det finst kjelder og historisk dokumentasjon på det, at harpene fanst i «sivilisasjonens vogge», Mesopotamia. Det skulle ta si tid før harpa nådde fram til Noreg, sannsynlegvis ikkje før vikingtida. Men mellomalderen er høgalder for harpe. Folkemusikarar på mange kontinent har spelt harpe i mange hundre år.

På starten av 1800-talet vart instrumentet vidareutvikla av franskmannen Sébastien Érard. Den største versjonen har 47 strengar og sju pedalar, som mellom anna gjer det mogleg å spele i alle toneartar.

I Noreg har frå før ein annan innvandrar gjort eit stort arbeid for å halde harpekunsten i hevd. Nederlandske Willy Postma kom til landet i 1964. Ho underviste både på NTNU og på Musikkhøgskolen fram til ho vart avløyst av Perrin i 2013. 

Første året Perrin jobba på musikkhøgskolen hadde ho éin student (Uno Alexader Vesje, i dag ein internasjonalt anerkjend harpist). Deretter blei det gradvis fleire, og i dag er det ti studentar i harpeklassen.

Men harpa er ein pandabjørn. Ein truga art i instrumentverda.

Harpa har ei fem tusen år lang historie, men er i dag eit instrument med stort behov for fleire utøvarar.

For nokre år sidan tok Barratt Due musikkinstitutt og Valdres sommersymfoni initiativ til å kartlegge truga instrumentgrupper, basert på søkartal over tid til musikkutdanningane.

På raudlista, saman med mellom anna fagott og kyrkjeorgel, hamna harpa. Det er sterk motivasjon for Perrin.

Sju pedalar, førtisju strengar, seks og ein halv oktav. Den moderne konsertharpa vart konstruert på 1800-talet og opna for at harpa kom inn i kunstmusikken.

— Harpe kan spelast veldig variert, saman med andre og som soloinstrument, i mange ulike musikalske sjangrar. Men folk tenker ofte ikkje på at harpe er eit instrument det går an å spele på masse forskjellige måtar, seier ho.

Internasjonalt, for eliten, har ho i fleire år stått i spissen for harpesymposiet i Lyon i heimlandet. I Noreg har ho no tatt initiativet til å stifte ei harpeforeining. På musikkhøgskolen er der framleis ingen norske harpestudentar.

Professoren stryk dei høgre fingertuppane over arret på den venstre.

— Eg vil så gjerne nå ut til skular og kulturskular i Noreg. Dei treng å vite at vi finst, at harpe finst, seier Perrin.

Varmen

Det er Russlands tur.

Maria Bubnova, Masha blant venner, har spelt sidan ho var seks. No er ho nitten, og i mange år har ho visst kvar ho ville. Til Noreg. For der er professor Perrin. Omtrent då ho sende søknaden, bestemte presidenten i landet hennar seg for å starte ein krig. Noreg ville ikkje lenger sleppe henne inn. Men til slutt fekk ho kome. 

Ho kan berre ikkje reise tilbake. Putin vil ikkje like det ho seier om krigen. Eller den ukrainske musikken ho spelar.

Maria Bubnova (med ryggen til) får tydelege, og balanserte, tilbakemeldingar frå lærar, mentor og professor Isabell Perrin. Frå venstre: Zoja Djordjevic, Victoria Markova og Evelien Vaneysendeyk.

Brilliant arpeggios, meiner Belgia.

Frankrike vil ha endå meir varme, men er fornøgd med klangen i «the soft parts». Tyskland stemmer i, endå mjukare i dei lyriske partia, takk, endå meir av det alle harpistar alltid har i hovudet, kroppen og fingrane.

Endå meir fingerspitzgefühl.

Professor Perrin summerer opp, ei blanding av fransk kritikk og amerikansk ros.

— Du spelar for hardt i det øvre registeret. But you have improved the sound a lot!

Masha smiler. 

John Lennon ville ha likt seg i dette rommet. 

All we are saying. Gi harpa ein sjanse.

Powered by Labrador CMS